Månadsarki: mai 2011

Melodi Grand Prix 2011

I år såg eg MGP hjå Ragnhild i SmiB. 7 jenter og meg, Helene på Voss diverre. Her er mine stemmer:

12, Azerbaijan
10, Slovenia
08, Bosnia og herzegoniva
07, Estland
06, Danmark
05, Spania
04, Tyskland
03, Moldova
02, Sverige
01, Sveits

Me talte upp toppoengi her lokalt, det vart sjåande slik ut:

54, Irland
52, Estland
34, Tyskland
25, Serbia
23, Slovenia
22, Azerbaijan
19, Moldova
10, Spania

Korleis det vert sjåande ut til slutt er moro, sjølvsagt.

Me fann ut me må gjeva poeng til poenggjeverane neste gong. Denne gongen er iallfall min dom heilt klar:

Mest sexy, totalt sjarmerande, herleg og søt: Azerbaijan
Mest morosam: Slovenia
Søt støttepoeng: Latvia

Austblokklandene vert gode medlem
———–

Det som er veldig kult og interessant er at eg hev ein haug land eg ikkje kjenner i lista mi yver brukbar musikk. Sjølvsagt, det var ingen spesielt gode songar i MGP i år, men det er kult at ting er litt jamnare og at austblokklanda ikkje lagar toill og tøys.

Svelor på Fjord1, omatt

Som nokon av de truleg fekk med dykk, so fekk eg svar frå to båtar om oppskriften dei brukte på svelone sine. Det var interessant å sjå at her var store forskjellar på ferde.

Då eg tok kystbussen ned førre fredag la eg merke til noko totalt annleis enn det eg hadde erfart fyrr; hordalandssvelene var dårlege, tørre og med lite smørkrem, medan Arsvågen–Mortavika-sambandet serverte dei beste svelene nokon gong. Ja, eg snakkar Sogn og Fjordane-kvalitet!

Masse utruleg god smørekrem, med god tygg i og ikkje for «feittete» smak. Eg vart sjølvsagt riven av stolen, og lurte so smått på; hadde dette noko med innlegget eg skreiv tidlegare? Eg kunne i minsto tru at det hadde litt med saki å gjera og vart stornøgd. Sjølvsagt dumt at Hordaland er sopass vaklande framleis, men Rogaland såg ut til å ha fiksa eitkvart.

Men! So sit eg altso på veg til Arsvågen og attende til Bergen; og korleis er svela? Heilt annleis. Verkeleg totalt annleis, dette er ei radikalt forskjelleg oppskrift. Smørkremen er utruleg sparsomt putta på, han er veldig «smørete» og tung, det er elles lite tygg i han (grovhakka sukker). Svela er relativt innskrumpa, kompakt og sveitt.

Ein ting skal dei likevel ha; dei er ikkje for hardt stekt, eg hatar alt for stekte sveler, dei skal ikkje sjå ut som om dei har sovna i solariet og smaka dertil. Alt i alt minner dei altso om dei 8-pakke-lappone som seljast innpakka i plastikk på butikkar i Stavanger. Lite luft, smakar ein dag gamle, ja, rett og slett forferdelege.

Det skal segjast at eg er for rein gourmetkritikar å rekna når det gjeld sveler. Eg hev ete sveler for ei liti formue og kvar gong det er mogleg å kjøpa ei svele (eller «lappe» som det heiter i heimfylket) so gjer eg det. Eg har truleg brukt ein større del av studielånet 1 på Fjord1-sveler. Difor hev eg sterke meiningar her, men dei må reknast relativt; sjølv det verste Fjord1 hev klart å stella i stand hev likevel alltid vore av god etande kvalitet.

So, svelone, kva skjedde? Frå best med topplassering på fredag og so rett attende til verstingplasseringi no i dag!?

Eg trur dette er litt meir komplisert enn uppdelingi eg hev bruka. Eg la merke til at dei Fjord1-tilsette var uppteken av kva båt dei var på meir enn kva samband det var 2 . Det må sjølvsagt vera slik det heng saman, det er på båtnivå me må rekna forskjellar. For min del har ikkje båtane vore særleg interessante i seg sjølv, men kva rute dei køyrer, men eg hev nok teke heilt feil.

So hypotesen om at kor mykje nynorsk det er i fylket speler inn på kor gode svelene er, held nok ikkje vatn. Det må nesten gå på kor nynorske dei som lagar svelone på båten er. Då er det ikkje rart det er so mykje svingning i Rogaland og Hordaland, medan det er botnsolid gode resultat i Sogn og Fjordane 3.

Nett no sit eg på MS Stavangerfjord, viss eg ikkje hugsar feil so er det MS Mastrafjord som er den andre båten her. Viss båten eg tok på fredag var den andre, gjeld altso dette Arsvågen–Mortavika:

  • MS Mastrafjord lagar (veldig) bra sveler

  • MS Stavangerfjord gjer ikkje

Det vert interessant å koma opp til Sandviksvågsbåtane og sjå kva for ein båt eg treff der. Vonleg ei med gode sveler. Eg skal finna ut kva båt eg tok sist, som altso var bob-bob minus.

Men ingen plassar er altso skiljet større enn i Rogaland; pass på kva båt du tek!

  1. eufemisme for forbrukslån med gode vilkår, eg mista nett lån og stiped av di eg oppgav til lånekassa at eg ikkje ville taka studiepoeng fyrr neste halvår. []
  2. og lat meg segja kor fantastisk kult dei to tilsette fær Fjord1 til å framstå! Gulljobb gutar, massiv respekt og godhug til dykk og arbeidsplassen dykkar! []
  3. rett nok hev eg berre 4-5 sveleerfaringar i SF, so datagrunnlaget er slett ikkje imponerande []