Svelor på Fjord1, omatt

Som nokon av de truleg fekk med dykk, so fekk eg svar frå to båtar om oppskriften dei brukte på svelone sine. Det var interessant å sjå at her var store forskjellar på ferde.

Då eg tok kystbussen ned førre fredag la eg merke til noko totalt annleis enn det eg hadde erfart fyrr; hordalandssvelene var dårlege, tørre og med lite smørkrem, medan Arsvågen–Mortavika-sambandet serverte dei beste svelene nokon gong. Ja, eg snakkar Sogn og Fjordane-kvalitet!

Masse utruleg god smørekrem, med god tygg i og ikkje for «feittete» smak. Eg vart sjølvsagt riven av stolen, og lurte so smått på; hadde dette noko med innlegget eg skreiv tidlegare? Eg kunne i minsto tru at det hadde litt med saki å gjera og vart stornøgd. Sjølvsagt dumt at Hordaland er sopass vaklande framleis, men Rogaland såg ut til å ha fiksa eitkvart.

Men! So sit eg altso på veg til Arsvågen og attende til Bergen; og korleis er svela? Heilt annleis. Verkeleg totalt annleis, dette er ei radikalt forskjelleg oppskrift. Smørkremen er utruleg sparsomt putta på, han er veldig «smørete» og tung, det er elles lite tygg i han (grovhakka sukker). Svela er relativt innskrumpa, kompakt og sveitt.

Ein ting skal dei likevel ha; dei er ikkje for hardt stekt, eg hatar alt for stekte sveler, dei skal ikkje sjå ut som om dei har sovna i solariet og smaka dertil. Alt i alt minner dei altso om dei 8-pakke-lappone som seljast innpakka i plastikk på butikkar i Stavanger. Lite luft, smakar ein dag gamle, ja, rett og slett forferdelege.

Det skal segjast at eg er for rein gourmetkritikar å rekna når det gjeld sveler. Eg hev ete sveler for ei liti formue og kvar gong det er mogleg å kjøpa ei svele (eller «lappe» som det heiter i heimfylket) so gjer eg det. Eg har truleg brukt ein større del av studielånet 1 på Fjord1-sveler. Difor hev eg sterke meiningar her, men dei må reknast relativt; sjølv det verste Fjord1 hev klart å stella i stand hev likevel alltid vore av god etande kvalitet.

So, svelone, kva skjedde? Frå best med topplassering på fredag og so rett attende til verstingplasseringi no i dag!?

Eg trur dette er litt meir komplisert enn uppdelingi eg hev bruka. Eg la merke til at dei Fjord1-tilsette var uppteken av kva båt dei var på meir enn kva samband det var 2 . Det må sjølvsagt vera slik det heng saman, det er på båtnivå me må rekna forskjellar. For min del har ikkje båtane vore særleg interessante i seg sjølv, men kva rute dei køyrer, men eg hev nok teke heilt feil.

So hypotesen om at kor mykje nynorsk det er i fylket speler inn på kor gode svelene er, held nok ikkje vatn. Det må nesten gå på kor nynorske dei som lagar svelone på båten er. Då er det ikkje rart det er so mykje svingning i Rogaland og Hordaland, medan det er botnsolid gode resultat i Sogn og Fjordane 3.

Nett no sit eg på MS Stavangerfjord, viss eg ikkje hugsar feil so er det MS Mastrafjord som er den andre båten her. Viss båten eg tok på fredag var den andre, gjeld altso dette Arsvågen–Mortavika:

  • MS Mastrafjord lagar (veldig) bra sveler

  • MS Stavangerfjord gjer ikkje

Det vert interessant å koma opp til Sandviksvågsbåtane og sjå kva for ein båt eg treff der. Vonleg ei med gode sveler. Eg skal finna ut kva båt eg tok sist, som altso var bob-bob minus.

Men ingen plassar er altso skiljet større enn i Rogaland; pass på kva båt du tek!

  1. eufemisme for forbrukslån med gode vilkår, eg mista nett lån og stiped av di eg oppgav til lånekassa at eg ikkje ville taka studiepoeng fyrr neste halvår. []
  2. og lat meg segja kor fantastisk kult dei to tilsette fær Fjord1 til å framstå! Gulljobb gutar, massiv respekt og godhug til dykk og arbeidsplassen dykkar! []
  3. rett nok hev eg berre 4-5 sveleerfaringar i SF, so datagrunnlaget er slett ikkje imponerande []

3 tankar om “Svelor på Fjord1, omatt

  1. Egil

    Du får senda inn eit forslag til Fjord1 at dei samlast om Svele-oppskrifta på MS Mastrafjord då, så kundane kan vera sikre på at dei får dei beste svelene uavhengig av båt ;)

  2. Anonym

    Nå har alle gasferjane på sambandane Arsvågen-Mortavika og Sandvikvåg-Halhjem fått tilsendt same oppskrift, den same oppskriften som vann svelekonkurransen (http://www.nationen.no/2011/11/24/naring/svele/anne_aarskog/fjord1/ferge/7070881/)

    Men som ansett i Fjord1, så må eg sei at svelekvaliteten varierar svært mykkje frå person til person, og frå skift til skift. Det er tilsaman 12 skift på gasferjane (to skift per ferje), og det jobber 4-6 faste på hvert skift, dvs det jobbar over 50 stykk i kafeterien på ferjane.

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Kjempekult! Tusen takk for oppdatering.

    Litt av ein føljetong dette vart :-)

    No har eg diverre flytta til Oslo, og saknar å ta turen mellom Bergen og Stavanger. Eg får satsa på at eg likevel får meg ein tur med ferjene der om ikkje so lengje.

    I Opera Software so fær me vaflar som ekstra til lunsjen omtrent ein gong i månaden, og då tek eg ofte med meg ein liten haug til kontoret, men det er ikkje det same som lappar/svelor.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.