Thailand dag 1, Bangkok

So er me i Bangkok og det fyrste som slær meg, og som eg óg venta på er varmen når eg gjeng ut or flyget. Det er alltid ein luftvegg av tyngre, varmare luft. Eg er viss på at flygi tek med seg og kjennest ut som Noreg ganske lengje og so vert forskjellen ganske klår når det plutseleg er ny luft. Det er varmt og klamt, høgt luftfukt.

(Klokka 12.00)

Nett no sit eg på May Kaidee’s Vegetarian Restaurant. Helene ligg og søv på hostellet fem minutt unna. Eg er ravsvolten og tom i magen, det er Helene òg, men ho søv veldig tungt nett no, so det passar nok bra det òg. Var litt usikker på kva eg skulle tinga, so eg tok noko som på ein måte vart tilrådd av servitrisa etter eg spurte. Ris- og grønnsakssuppe er nok neppe noko eg hadde teke sjølv (etter biletet og namnet å døma), menmen, sikkert bra.

«Ahh, got your water already,» kom servitrisa nett og spurde medan ho slo på vifta på veggen rett yver meg.Interessant nok so hev denne plassen eit kokkeleringskurs, det hev eg ikkje sett andre plassar fyrr. Ho står no engasjert og forklarar for ei gruppe amerikanarar ved eit bord heilt inne i lokalet. No fær eg truleg maten min snart.

Me landa i 5-6-tidi i dag tidleg, og fann fort ut at flybussane la ned 1. juni, altso rundt ei veke fyrr me kom. Det øydela den planlagde planen sjølvsagt. Etter ein del fram og attende tok me Skytrain til siste stasjon og praia ein taxi. Turen skulle taka 10 minutt, men med den tette og ville Bangkok-trafikken tok det opp mot ein 40 minutt. Og prisen? 16 kr.

(Klokka 20.50)

Eg og Helene sit på Pizza Hut. Det vil segja, Helene er på do nett no. Me hev vore på eit av Bangkok sine mega-kjøpesenter MBK i ein 3 timar. Stressa som ein galning med kamerakjøp. Helene gjekk rundt for seg sjølv og handla og koste seg, då eg seinare traff ho hadde ho m.a. kjøpt gåve til Ida. Panasonic GF2? Kva objektiv? Olympus PEN? Eller ikkje mikrosystemkamera, men veldig kompakt? Som Canon S95 mot Panasonic LX5 og Olympus XZ-1.

Eller kva med Fujifilm FinePix X100? Den brekker banken og hev fast påmontert objektiv. Helene segjer «Men kva skal eg gjera på konserter då, når eg vil taka bilete av artisten?». Nei, det er berre ein fast vidvinkel på den, so det gjeng ikkje då.

X100 kostar 10500 i Noreg, som er ganske mykje for eit kompaktkamera utan zoom og utan høve til å endra objektiv. For min del er det perfekt, på eit slikt kompaktkamera vil eg ikkje stressa med å byta objektiv. Det er peik-og-skyt.

Zoom vil eg ikkje ha då eg fyretrekk liten storleik og viktugast av alt; høg ljossensitivitet. X100 hev òg ein stor APS-C-sensor, so han er større enn sensorane til micro four thirds-systemet. Sony NEX-3 og NEX-5 hev òg APS-C-brike og same med Samsung NX10, men båe dei to er stygge som fy. Veldig billege då. På dette punktet bør de forstå min frustrasjon.

(Seint på kveld)

Den siste (og fyrste) X100 var nett utseld då eg kom ned att. Dei er ganske umoglege å få tak i grunna problemene i Japan, diverre. Eg stod so saman med Helene og klarte ikkje velja mellom Panasonic GF2 og Olympus PL2. Til slutt var alle saman inkludert seljarane irriterte og slitne av problemet mitt med å velja, so då gjekk me berre iom. at dei stengde. Fær fortsetja det i morgon.

So me sat altso på Pizza Hut, åt mellomstor ostepizza som viste seg å berre vera liten i våre augo. Etter det tok me ein Tuk-tuk heim att etter me hadde pruta prisen ned frå ekstremmykje (40 kr) til framleis ganske mykje (14 kr) for ein 10 minutt tur 1.

Tidlegare på dagen so tinga Helene tur til morgondagen, då skal me sjå brui yver Kwai, taka «Death Railway» og ri på elefant.

Bilete kjem truleg ein gong.

  1. 14 kr er jo framleis skitbilleg mtp. taxi- og transportprisar i heimelandet []

2 tankar om “Thailand dag 1, Bangkok

  1. skjalg

    Odin! Det vekkjer minne dette her…Kjenner lufta, lukta og støyen frå Bangkok! DU var jo med.. der i februar 1987. Me var jo påpasselege for både temperatur, sol, mat og alt anna kan du tenkje deg… Du var midtpunktet, men me såg oss og omkring i Bangkok, der me budde ei vekes tid i to omgangar. Ville vekk frå trafikken og forureininga…Men det var jo ein sjarmerande by! Hugsar spesielt den frodige fargerike, internasjonale Kaosanh Road der det var så billege pensjonat til 100 Bath.. den gong ca. 25 kroner. Hugsar fine Lupini Park, der med sat og las alle dei 12-15 breva me hadde fått frå Noreg (via ambassaden). Du skulle visst kor fantastisk det var å få desse breva etter månader utan nytt frå gamlelandet og venene der!

  2. ida

    <3 gåva!! fekk ho saman med tidenes inkassokrav frå nrk for lisens på eit fjernsyn eg ikkje eig lenger, og eit brev frå lånekassen som fortel at dei gjer om 0,5 mnd lån til stipend av di eg har vore sjuk i vår. EIN HALV MÅNAD! dei har attpå ein regel som trekk frå 14 dagar av sjukdomstida di, berre fordi. veit ikkje kvar eg ville vore no om det ikkje hadde vore for at eg faktisk fekk pakka òg. TAKK! no kan eg teikna noko stygt og senda i retur!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.