Thailand dag 2, Bangkok

Me vakna ugudeleg tidleg for å vera med på ein utflukt. Etter me hadde runda det same kvartalet i ein time (eg tullar ikkje!) og plukka upp ymse folk starta me endeleg den tvo timar lange køyreturen.

Me vart kjend med Sharon frå Fillippinene, som me hang med resten av turen. Fyrste stopp var eit krigsminnemerke.

Plassen rundt soldatgravene var utruleg velstelt med imponerande grasklypping. Sjølve graset var rart og annleis frå normalen; store blad i staden for strå, og veldig mjukt.

Eg fekk storlyst til å springja nedyver den digre grasplenen, nett det me hadde vorte fortalt me ikkje måtte gjera. Er nok ein grunn til at dei må segja det; slike plassar fær meg berre til å vilja springja…

Eg leitte etter sjokolade, men fann ingen. Var ein del kjeks og eg kjøpte det næraste sjokolade eg fann. Altso Oreo-kjeks og sjokomjølk. Det er ti slike små minibasarar kvar hundrande meter i dette landet, ikkje ulikt Fillippinene. Eg reknar med dei ikkje kann ha noko sjokolade av di dei berre vil smelta og verta ekle.

Gaiden vår

Gaiden vår var ein vill thailendar som hadde ei utruleg høgfrekvent kvinnestemme (typ japansk) når han prata. Var litt vandskeleg å forstå alt. Han sa «priiis!» minst ein gong i kvar setning og eg forstod aldri heilt kva det eigentleg skulle tyda. «Now we go to museum, priiis! Only five minute drive, yes, priiis!».

Han vitsa med at Sharon var ekstrakjærasten min i tillegg til Helene. Me skulle visst vera «married tomorrow, yes, yes, priiis!». Han gliste stort, men varmt. Helene lurte på om det var eit stikk til alle europearane som kjem til Thailand og Fillippinene for å finna seg kone. Kann godt vera, sjølv um det seinare verka til å vera måten han vitsa på/flørta med. Han brukte det på fleire av jentone utyver turen. Heh, var ei uppleving det òg.

Me gjekk gjennom museet og ut på brui yver Kwai. På vegen traff me ein ekstremt kosete «katt» i tigerfamilien, som me klappa vel og lengje. Ho var vel litt mindre enn ein normalt hund. Kosta 100 bhat (~20kr) å taka bilete, so me gjorde det ikkje. Eg hadde jo heller ikkje noko kamera å taka bilete med.

Tog

Etter spaserturen yver Kwai-brui drog me vidare til ein togstasjon. Me skulle køyra på denne jarnbanestrekningi som japanarane fekk krigsfangane sine til å byggja. Då eg høyrde «death railway» trudde eg at det var ein kul, farleg bane. Men nei. Han heiter det av di fangane som jobba på banen daua som flugor av utmatting.

Togsettet likna litt på Flåmsbana-togsettene, berre her var vindaugene og dørene opne. Ahh! Opi dør! Eg hang ut døri på toget og hoppa av og på i fart på kvar stasjon me stoppa på.

Det vil segja; det tok litt tid fyrr eg turde i og med at eg var redd for å få kjeft. Det er ein av miljøskadone me veks upp med i Noreg der alt skal vera so helvettes dritsikkert av di ein og annan idiot klarar å skada seg ein gong kvart tiande år.

Kvifor skal me fjerna all gleda i livet grunna slikt? Eg likar det ikkje. Ikkje i det heile teke.

Same kva, i Noreg fær du fort kjeft dersom du hev det moro, so difor heldt eg litt att, men etter ei stund våga eg meir.

Billett

Sharon er pianolærar i Fillippinene og var ikkje lysten på å bruka pengar på tull. Då eg spurde um ho skulle ha vanleg eller «special» billett valde me vanleg til forskjell frå resten av gruppa.

«Special» gav deg reservert garantert sitjeplass og ein drykk med i prisen. Sharon kalla «regular» for «adventure ticket»; wooo, du veit ikkje um du må stå eller fær sitja!

Ho vann meg og Helene med den argumentasjonen. Dessutan ville me jo gjerne sitja med ho, trass i at 100 bhat (14kr) og 150 bhat (21kr) ikkje er store billettprisen same kva.

Det var godt me valte eventyrbillett av di me karra til oss ein superplass med ein gong.

Restaurant

Me hoppa av på stasjonen me skulle av på og køyrde til ein restaurant der me fekk mat.

Det viste seg at 6 av totalt 11 var vegetarianarar, altso dei fleste. Det var ikkje medrekna (eg sa frå um eg og Helene dagen fyrr, men trur ikkje den meldingi vart vidaresendt).

Dei tilsette måtte berre sjå på at det dei originalt hadde sett fram stort sett ikkje vart rørt, medan dei lagde til noko vegetarisk på kjøkenet.

Bambusrafting

Tid for bambusrafting, som er eit ekstremt smigrande ord på det å stå på ei bambusflåte ned ei elv med normal straum. Ganske langt frå det me tenkjer på som rafting (sokalla white water rafting). Ordet er sikkert teknisk sett korrekt, men likevel :P

Eg måtte gjera noko anna. Eg kledde av meg ned til boksaren litt usikkert, var mange religionar og folkeslag representert på turen. So hoppa eg uti og hang på flåta/symde attmed ho.

Vatnet var heilt brunt.
«We don’t have brown water in Norway,» sa eg. Vel, kannhenda det finst, men det er iallfall ikkje vanleg.
«You know where the brown come from?», sa jenta i eit nederlendsk par som var med på flåta.
«Sewers, probably,» sa eg av di det var det ho la upp til og ville høyra. So lo me litt alle saman.

Elefantar

Me hadde flyte ned til ei brygge der me gjekk opp ein bratt bakke. Eg gjekk berre i boksaren framleis og såg ganske teit ut, men han var jo våt.

Då me kom opp såg me elefantar. Eg, Helene og Sharon tok ein med ein babyelefant som Helene var mest interessert i.

«You have two girlfriends!?», sa han som tok bilete av oss då eg sat der idiotisk i boksaren min med armane bak Helene og Sharon.
«Yes, I do,» sa eg og smilte. Han fekk eit sjalu uttrykk i andletet.
«Oh, man, you’re a lucky man. Lucky, lucky…». Huh, det verkar som um han faktisk trur på det!

Eg kledde endeleg på meg etter elefantturen og kjende meg ikkje som ein premieidiot lengre.

Foss

Siste stoppen var det flauaste på heile turen; ein yverraskande stygg foss omtrent tom for vatn. Ein typisk bussturist-stad var det òg, utan at eg kunne sjå nokon grunn til at det skulle vera slik. Flaut. Me hev minst tusen betre fossar i Noreg.

Gjekk på do fyrr me drog. Dei tok ein blodpris på 5 bhat for kvar vitjing – og det var slike på-huk-dassar utan ljos, ravskite og med digre tønner med stilleståande myggklekkevatn.

Det var ein tri timar lang køyretur attende til Bangkok.

Taxi

Me hoppa av i ein rundkøyring. Der var ein taxisjåfør som var militant på prisingi med eit par australianarar eg vart kjend med i bussen. Me stoppa vår eigen taxi og sa «MBK, but with meter».

Det gjekk han ikkje med på grunna trafikkaos, og då me ikkje ville betala blodprisen honoms gjekk me berre utatt. Eg måtte stogga tri taxiar til fyrr eg fann ein ærleg ein.

Det kom på 80 bhat, ein stor del som gjekk til dei 15 minutta me stod og stanga i ein kø 1 minutt gåing frå MBK. Eg gav sjåføren med ein buddha på dashbordet 100 bhat og sa «Take all, you’re a nice honest guy».

Kamerakjøp. Igjen

Helene skulle til frisøren og bleika/farga håret, medan eg skulle sjå meir på kamera o.l.

Gøymd inni ei side av senteret (det er DIGERT) fann eg ein kjedebutikk med ålmenn elektronikk. Dei hadde faktisk fleire Fujifilm FinePix X100 att. Wow.

Eg fekk tilogmed prøva det. Då eg sa eg ville kjøpa kameraet ville seljaren visa meg eit anna kamera.

Ricoh GXR. Det hev mykje av den same innmaten, men her med utskiftbar optikk og sensor. Eg hadde so vidt lese um det tidlegare.

Richoen var veldig god i bruk og herleg å halda. Ein del enklare enn Fujien. Billegare òg.

Eg måtte lesa testar på dpreview.com. Det var 28mm f/2.5 med APS-C-sensor som var interessant. 50mm-en med brikke i DX-storleik (altso som Nikon D90) hadde nemleg vorte ein veldig dyr kombo.

Fokusskifte

Eg visste ikkje kva eg skulle gjera att. Helene var kjempeleid seg etter frisørvitjingi, so det vart ikkje høve til at ho kunne sjå på og hjelpa meg til å bestemma meg. Frisøren hadde øydelagd håret hennar meinte ho og det gjekk veldig inn på ho.

Ho trong mat for å hjelpa på humøret, tenkte eg, ikkje kamera. For å gjera det kjapt og smertefritt gjekk me på Pizza Hut. Igjen.

Denne gongen tinga me svær pizza, men klarte ikkjeeta upp av di me ikkje var like svoltne som sist.

Heimatt

Me klarte ikkje finna ein taxi som ville gå med meter etter me spurte 4-5 stykk, so då betalte me like godt 100 bhat for turen. Berre for å verta ferdig med det og koma oss heim.

Det var ein veldig, veldig fin dag. Utruleg lang, med ein bra slutt då me til slutt la oss etter å ha sett ein serieepisode på pcen.

Ein tanke om “Thailand dag 2, Bangkok

  1. skjalg

    Kjekt å lesa om upplevingane dykkar! Det har tydeleg vorte meir trafikk enn for 24 år sidan! Forstår at drosjesjåførane vil pressa slik som det ser ut i gatene der! Me ville bruka minst mogeleg tid i byen så me var der berre for å gjere praktiske småting så som vitjing på ambassaden for å få til giftarmål (noko me måtte kutta ut av di det ikkje var to vitne for seremonien!) Me to to lange reiser til nord (Chiang Mai) og sør (Koh Samui, Ko PePe og Krabi- ein plass det berre var små bambushytter i 1987). Håper dykk finn små koselege uberørte plassar framleis i Thailand! Det ser ut til at dykk har det flott! Pass på maten, det er ugreitt å få magesjau! Og det kjem vel bilete snart? Når og kvar går neste etappe for dykk?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.