Månadsarki: august 2011

Nokia N9, ikkje alt eg trudde

Kva mobil skal eg kjøpa no? Eg hev vore fast bestemt på Nokia N9 i lang tid no, og gleda meg stort. Eg var i Karlsrhue for nokre dagar sidan og fekk vita kor ekstremt dårleg det stod til kva ekstra drit Nokia gjer for å unngå å selja mobilen. Det er heilt ekstremt synd…

Det eg segjer om DRM på mobilen her er visst ikkje korrekt likevel, vonar eg, ein oppdateringspost om kva som skjer.

Nokia N9

Grunnen til at eg ville ha denne mobilen er av di han hev eit skikkeleg operativsystem i botnen. Ikkje noko ugjennomtrengeleg Java-drit som Android. Det er ekte Linux-stakk, omtrent heilt lik som den me køyrer på maskinane våre.

Med andre ord, — eg kann henta inn program eg allereide hev køyrande på laptopen. Herleg!

Eg vil nok skriva dei fleste program som HTML5 mobilprogram i framtidi likevel, — men for å endra på sjølve systemet so er det godt at ting er skrive på ein god måte. Dessutan vil framgang på mobil tyda det same for pcen og motsett.

Dessutan er han altso slank og fin, veldig veldesigna. Men, ja, det viktugaste er operativsystemet.

Men kva hev dei svo gjort som er so gale? Vel, fyrst og fremst so vil dei jo ikkje selja mobilen i noko industrielt land der han kunne seld. Dei prøvar å taka sjølvmord. Elop, den nye sjefen deira, direkteinnhenta frå Microsoft, er strategen for heile sjølvmordet.

Han prøver å tyna ut det siste av Nokia for å prøva å få Windows Phone til å selja litt. Då kann dei ikkje ha konkurrentar, og iallfall ikkje noko so gjennomført bra som Nokia N9. Difor sel dei han ikkje her, og difor motarbeider dei seg sjølv. Utruleg idiotisk strategi med mindre du vil døy.

Alt dette visste eg, og det er no greitt nok, av di han vil ikkje døy av di eg kann jo berre leggja inn mitt eige operativsystem og halda han uppdatert etter Nokia forlét skipet. … Trudde eg.

Men nei, dei hev hindra oss i det. Dei hev lagt inn noko tullete DRM[disputert] som gjer at du berre kann bruka telefonen dersom du køyrer deira programvare. KVA FAEN? Det er noko nytt! Slik hev aldri Nokia oppført seg sjølv med denne serien av geniale Linux-telefonar. Dei er verkeleg innstilt på å skyta seg so hardt i foten som det gjeng an. Eg er utruleg trist.

So difor kjem eg altso ikkje til å kjøpa Nokia N9, han var visst ein blindveg likevel. Eg kunne skaffa meg Nokia N900, men den er jo større enn mobilen eg hev no (HTC G1), som segjer litt! Det er likevel ein haug med folk som hev den mobilen.

Nokia N950 vil dei ikkje selja ein gong, dei berre gav vekk eit par til eit par utviklarar. Men ingen vil jo utvikla for N9 no lengre når det vert so gale. Eg kunne faktisk kjøpt N950, iom. at han er litt mindre enn min noverande. Viss det hadde vore mogleg…

Samsung Galaxy S

So med tungt hjarta ser eg etter annan mobil. Vil nok truleg sjå hardast på Samsung Galaxy S, eg synast eigentleg den fyrste S-versjonen er finare enn S II, men, ja, II-en er jo nyare.

Likevel litt stor.

HTC Evo eller noko anna

Ja, og so er det HTC-mobilane òg.

Eg vil nok bruka god tid på å sjå på det meste att no. Og spesielt viss det er ein mobil som kann køyra eit fritt operativsystem.