Årsarkiv: 2012

Budapest

Eg og Helene var i Budapest i 2008. Helene ville attende ei helg, so me gjorde det.

Jolebutikken var der framleis. Ikkje vond var han å finna heller.

Me fann det som var på topp på tripadvisor, skytebane.

Veldig nøgd etter å ha skutt med Ruger.

Det var utruleg moro. Eg hadde ei av dei beste skyteskivene etter me var ferdige. Ikkje mykje bom. MP5 var truleg det mest treffsikre våpenet. AK47 gjorde vondt. Av pistolane forstår eg godt kvifor politiet brukar Glock, lett å bruka, lett å skyta. Likte nok best Bond sin PPK, liten og nett. Dirty Harry sin Magnum var båe tung og hadde ein fæl rekyl. :-)

Siste dagen gjekk me på fancy restaurant. Det var skikkeleg herleg, servitrisa var skikkeleg oppmerksam utan å vera irriterande. Var vel verd å eta dyrt berre grunna det. Maten var god nok den òg, men det var jo ikkje nokon veggishimmel. ;]

Eg skreiv ei restaurantmelding på tripadvisor

The people here are very nice. I didn’t feel rushed, the waiter was easy to talk to. I asked for non-alcoholic beer, and the way she handled her error when she came with the alcoholic version of the same was worth the visit in itself. I was so impressed. The food was good, it does say «vegetarian» here at tripadvisor, although with one vegetarian main course there was not an abundance of choice though. not that it as always needed.

The sushi was perfect, finally a place where the rice is just as important as the rest.

It was expensive, but we really liked it. Worth it ;-)

Det som var ganske moro var at eg spurde Helene om ikkje eg hadde fått hennar øl og omvendt. Eg tykte det var so rart at ølen hadde den kvasse ettersmaken som eg ikkje er glad i, det smaka rett og slett alkohol.

Etter eg hadde ete litt og tok ein ny sipp so såg eg på flaska, og det viste seg å ikkje vera den alkoholfrie eg hadde tinga. Servitrisa klarte ikkje å laga ein flau situasjon ut av det, som eg er mester i sjølv og eg prøver so godt eg kan å unngå det. Eg vert veldig utilpass . Ho skulle absolutt koma med ein ny (den skikkelege) og eg skulle ikkje betala.

Og ho oppførte seg heller ikkje rart etter det, altso type «å eg har gjort ein feil, no vart det rar stemning». Kjennest litt rart når eg skriv det, — men i nesten alle tilfelle i andre restauranter so hadde det fort vorte litt kleint og det var veldig forfriskande og overraskande at det ikkje vart det her. Ho beklaga seg akkurat nok òg, ein gong med ein gong og ein gong då ho hadde fiksa det.

Må vera noko magisk hokus-pokus dei berre lærer på high-end plassar, eller som dei vanlege plassane eg er viljug til å betala for ikkje brur seg med. Var jo eigentleg ikkje superdyrt heller, var normal (som i ikkje-billeg) restaurantpris i Noreg.

Elles tok me masse taxi, som me aldri har gjort før. Pla alltid ta offentleg transport for å spara pengar, men er vel blitt lat og litt rikare på åri. Var utruleg herleg å sleppa det stresset.

Alle var einige om at det hadde vore ein god tur. Eller, eg har ikkje spurt, men eg veit Helene hadde det moro. Det same hadde eg.

Kitty Karina på vitjing i Oslo

KK kom fredag kveld og var ein heil time forseinka, då flyet båe kom ein halvtime seint frå Oslo og brukte like mykje tid på å få ræva si ut lufthamn Stavanger, Sola. Til slutt kom ho fram utan batteri.

Me var trøytte og slitne, men spelte eit slag bønnespel medan me åt pizza.

Helene fekk gjort litt arbeid laurdag morgon og eg og KK vakna til ferdig frukost med varme rundstykker og egg.

Dagen brukte me ute, fleire ulike plassar rundt i Oslo. Eg hadde ein laptop eg fekk av Opera i sekken. Den hadde bestemt seg for å vera irriterande:

Er på shoppingrunde med Helene og KK, Opera-laptopen i sekken set av tjuverialarmar. Jækla flaut non stop :(

Me åt på Olivia, som var overdrive dyr og ikkje spesielt bra.

Vel heime spelte me Link Crossbow training;

Drog ut å prøva Link crossbow training på Wii i det lengste, men spelte endeleg m Helene og KK i dag. Moro! :D (eg vann samanlagt)

Etter frukost i dag spelte me meir :D

Ute regna det. Me sit på ein sjokoladekafé på grünerløkka no. :)

Etter det gjekk me til mathallen på Vulkan og kjøpte ost til mamma og pappa. På veg ditbort tok eg bilete av ein annan innsjø i vegbanen til Oslo. Dette er ned bakken frå Alexander Kiellands plass.

Tok litt video óg. Då gjekk diverre batteriet.

Fekk med oss ein vaffel på sundagsmarknaden på Blå før me drog heimatt. Det hadde vore få folk ute grunna det fæle vêret.

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Det tek meg alltid eit par ekstra minutt

So er eg endeleg klar til å gå. Det tok si tid berre det. På veg ut ser eg ned mot Nydalsdammen og der står ein raud redningsdykkarbil. Hm. Ei klynge ungar står og ser på.

Kva er dette? Kvifor er froskemannen ute i vatnet og dykkar? Eg må jo gå, skulle jo koma heim til eit skapeleg tidspunkt.

So spanande! Eg klarar ikkje dy meg og går til eit vindauge rett ved plassen min på det nye kontoret til Opera. Ja, det er fin utsikt frå kontoret.

Det skjer ikkje stort. Han dykkar no rundt der, men eg kan jo ikkje gå utan å vita kva dette er for noko.

Eg står heilt pal og ser på alle dei treige rørslene. Til slutt kjem dykkaren inn til vasskanten. Kastar opp ei babydokke. Tek litt tid til og so forstår eg det var trening eller noko liknande då froskemannen stig i land.

So vert eg altso seinare heim enn eg skulle. Noko slik er det heile tida. :)

Moonrise Kingdom

Det burde vera slik at når eg spring frå kinoen til Bitraf for å gje ein film 10 av 10 på IMDB, so burde eg skriva eit ord om nemnde film på nettstaden min. Nett det har eg gjort so langt og held fram med no. So godt har ikkje ein film fått meg ril å føla sidan Brui til Therabithia eller Napoleon Dynamite. Denne er om ikkje enno betre!

Me fær i byrja sjå Susie og familien hennar i deira daglege gjeremål, og forstår fort at dette er noko rart på gang. Vel, me forstår iallfall at dette er ein ganske so spesiell og rar film. På det tidspunktet veit eg ikkje enno at dette er ein totalt suprawsum 1 film, men eg mistenkjer det allereide sterkt. Eg elskar allereie Susie.

Etter fær me sjå speidarleiaren som står opp og til slutt finn ut at Sam er borte. Og for eit fyrverkeri av ein fantastisk film som fylgjer! So innherleg fantastisk morosam, ikkje slapstick, men underfundig. Eg er framleis varm om hjarta. Verkeleg, det er ikkje klisjéfrasen; eg har ein god, kilande og lett kjensle inne i venstre side av brystet. Seriøst.

Kameraføringa, verkemedela og spesialeffektane er elles heilt best. Viss det er lov å skriva. Vel, dei er det om det er lov eller ikkje. Det er slik at eg ynskjer det var film eg dreiv med og eg hadde laga den filmen.

Det einaste fnugget av noko minus eg kan koma med er at han kanhenda kunne vore bittelitt kortare – men skal eg vera heilt ærleg med meg, deg og dykk so er det berre av di eg hadde lyst til å sjå han omatt med ein einaste gong etter eg var ferdig. No når det er fleire titals minutt sidan eg drog frå kinosalen er det gått lengje nok til at eg glatt tek ein da capo.

Hadde eg kunne teke meg råd til slike utskeiingar so skulle eg gjort det allereide i morgon den dag.

Alt i alt: sjå filmen. Og gløym alt eg sa slik at du kan verta overraska som meg.

  1. super awesome for dykk som kan slikt framandspråk []

Vaflar og loppemarknad

Det er vår og det er helg. Sjølvsagt har Helene då drege meg med på loppis.

Det eg plar gjera på loppemarknad er å eta vaflar.

Lilleborg skole

Æææææsj! Det ligg fira mørkebrune og stive vaflar på eit fat. Dette fatet brukar òg alle til å mellombels setja frå seg ting når dei finn fram pengar.

To vaflar vert solgt. Eg gløttar inn på kjøkenet og ser noko vaffelrelatert aktivitet.

Sit meg for å venta på dei nye vaflane. Ventar. Ventar. Og ventar. Nei, ingenting!

Tja, fær like godt berre gå då. Nett då legg dei ut to vaflar til på fatet. Det var jo ein haug ute på kjøkenet!? Kvifor berre desse to?

Eg kjøper ei. Tjue kroner. Verkar veldig dyrt basert på fyrsteinntrykket.

Vaffelen er utruleg stiv, han er kald og tynn. Alt for hardt stekt og med ein ekstrem dose smør. Nei, smør er ikkje bra her. Det gjer vaffelen ekkel og feittete. Og meir brun.

Og kvifor tok dei inn to gamle feil-steikte drittvaflar når dei hadde ferske inne på kjøkenet (sjølv om dei sikkert var feilsteikte dei òg)!?

Ein av dei dårlegaste vaflane eg har smakt. Om ikkje den verste. Det er ikkje dette loppemarked er til for!

Sagene skule

Her kostar dei femten kroner, trass i at dama tok mine 25kr og trudde ho var ferdig med jobben sin. Fekk sjølvsagt tiaren min etter eg jakta ho ned att og fortalte kvar landet låg ;)

Desse vaflane var fyldige og tilogmed litt varme. Langt i frå rett frå jernet slik eg lagar dei, men ein positiv overrasking etter å berre ha sett det triste fatet på bordet.

Vaflane her smakar godt òg. Dessutan, kva er det eg kjenner ein smak av? Jo, kardemomme! Ekstrapoeng! Dei hadde sikkert vore ganske bra dersom dei var rett frå jernet.

Sagene mangla i tillegg rjome (som Lilleborg òg sjølvsagt hadde gløymd). So, godt forsøk: de kan nesten vaflar, de er nesten der!

Smestad skule

Kva med vestkanten då? Dei må no få det til?

Det regnar på vestkanten mot den varme soli på austkanten. Eg tingar to vaflar, dama gjev meg ein firar som ser heilt slapp, sveitt og samanklemd ut, og ein seksar i betre form.

Firaren smakar som han ser ut, fælt. Alt for mykje egg er det òg i han. Det er som å eta ei gummihanske.

Seksaren er kald og har òg vore litt for generøse med eggi, men det ligg ein god vaffel gøymd inni der dersom dei berre ikkje hadde laga dei eit par timar før servering.

Det er tydelegvis forskjellege foreldre som har laga vaflane her. Ei forelder som kan laga røre, og ein som ikkje kan. Smestad klarte altso heller ikkje å levera ferske vaflar.

Desse kosta òg tjue kroner som monsteret frå Lilleborg.

Konklusjon

Det er ikkje vandskeleg å laga vaflar. Loppemarked plar få det rett. Mykje av grunnen til at det er moro å labba etter Helene rundt på alle desse skulane er jo nett det at eg kan trykkja vaflar i trynet utan stort å klaga på. Normalt er det alltid nokon som står til toppkarakter, so eg vart overraska over det låge nivået.

Sagene hadde mykje gåande for seg og var absolutt veldig bra, men ikkje perfekt. Prisen trekk sjølvsagt ikkje ned heller. 15 er fint, 20 er greit. 10 er bra, 25 er for mykje.

Eg er jo ein vaffelhelt sjølv om eg fær segja so. Har steikt mangfaldege liter gratis nynorskvaflar for Studentmållaget i Bergen, godt hjulpe av mitt vaffelsuperstar-team.

Eigentleg må du berre passa på å steika vaflane medan du sel dei. Pluss pass på eggene, ha litt kardemomme i og ha vaffeljern som lagar tjukke vaflar.

På sundagsmarknaden på blå er det ei dame som gjer det heilt perfekt, og då er prislappen på 25 kr leveleg.

Jaja, betre loppis-lukke neste gong!

Hussjåing

Eg og Helene var ute på visning i dag. På nedre, kanten av og øvre Grünerløkka.

Me såg på tri bustadar.

Det var ganske moro å sjå dei same folka koma på alle visningane.

Den siste bustaden var veldig nært båe Bitraf og Opera. Me hadde mått ut med 1.2mill for den. Soverommet var alt for lite då, senga vår hadde nesten ikkje fått plass.

Helene på visning i siste huset på øvre Grünerløkka

Utpå dagen gjekk me til Bitraf og åt pizza. Eg sit her framleis.

Skal forresten kjøpa ny datamaskin.

Tri ting i dag

Har tenkt på å skriva tri ting i dag, ingen var store nok til å skriva i seg sjølv, men til saman so lyt det gå.

Feil pris

ICAen var ikkje open og eg trong ein ny tyggi. Gjekk inn og såg dei hadde tvo små sjokoladar til ti kroner. Tok dei òg like godt.

  • Trettifire blir det, segjer jenta. Eg betalar.

Hm. Var ikkje det litt mykje tenkjer eg.

  • Kor mykje kostar tyggien? lurar eg.
  • Fjorten kroner koster den. Åtte for hver sjokolade.
  • Eh, men de hev jo tvo for ti på dei, svarar eg lettare forundra og litt irritert inni meg. Eg hev jo allereie betalt med kortet.

Eg gjer til å gå, men ho stoggar meg og vil henta det ut att. Eg står no der medan ho rotar i veg på maskina og segjer det vert seks kroner att. Det høyrast òg rart ut, men eg legg meg no på sprang ut.

Vel ute gjer eg litt superkjapp hovudrekning og finn ut at ho totalt lurte meg igjen. Fjorten pluss ti er tjuefira, forskjellen mellom det og trettifira er ti, ikkje seks!

Grrr…

Ventings

Kvifor skriv konsertar når dørene opnar og let folk gjetta kor tid sjølve konserten startar?

Eller er det artistane som ikkje tør gå på fyrr dei hev lete folk venta?

Eg og Helene hev stande og hengd på uttallege konsertar. Det er ikkje moro. Me fær iallfall stå fyrst i minsto…

Marit Larsen

Det var superkjekt! Forstår ikkje kvifor ikkje fleire dansar på konsert! Knall :D

Ho er veldig flink. Skulle laga noko norsk musikk òg då ;)

Egil Olsen frå Ørsta varma opp. Det var han flink til. Trur eg hev høyrd han i radioen fyrr. Prata litt smått med han fyrr me gjekk.

Attende i Oslo

Hadde ein flott ferie heime i Stavanger, men no er eg heime att i Oslo. Jadå, me er mange med fleire heimar. Eg var litt redd for å gerta ståande ute og frysa i dag, men det gjekk seg til. No er eg klar for å sova i ein litt for stille bustad.

Det er ikkie so moro å dra frå familien i Stavanger der det alltid er folk tilstades. Det treng ikkje skje stort, men det er ei god kjensle berre å vita at Falke er på rommet sitt og speler eller at Kitty Karina sit og småpratar på Facebook og kannhenda kjem nedom. Her i Oslo er det ingen når Helene er på Voss i höve masterarbeid eller -öving.

Difor var eg alt for lengie på PING i dag. Eg hadde det moro og ville ikkje friviljug gå heim og vera åleine att etter nesten ein månad pause frå det. Det eg ikkje tenkte nöye nok etter på, var at eg har glöymd korthaldaren min i Stavanger…

Klokka vart vel over 0100 för alarmen i bygget kasta oss ut frå PING, og då stod eg att utan noko kort til döra her på Vestgrensa studentby. Eg venta ein 20 minutt til klokka var over 0130 og lurte meir og meir på om eg måtte tenkja på noko lurt.

Heldigvis trong eg ikkje vera so lur; eg gjekk ein runde rundt huset og såg vindauga under vår bustad framleis hadde ljos i seg. Eg kjenner jo mitt bustadsnummer, so då var det berre å trekkja 100 frå det og voilà: nokon å ringja på til.

Eg tykkjer ikkje det er kjempemoro å forstyrra folk slik, men eg ville ikkje stå ute i natt heller. So ein stemme i ringjeboksen slapp meg til slutt inn.

semesteret er ikkje starta enno, so bygget her ikkje so fullt som den pleier. Godt eg kom meg inn likevel.

I morgon vert det litt verre iom. at eg no har brukt opp alle kontantane mine, men den tid den sorg :)