Attende i Oslo

Hadde ein flott ferie heime i Stavanger, men no er eg heime att i Oslo. Jadå, me er mange med fleire heimar. Eg var litt redd for å gerta ståande ute og frysa i dag, men det gjekk seg til. No er eg klar for å sova i ein litt for stille bustad.

Det er ikkie so moro å dra frå familien i Stavanger der det alltid er folk tilstades. Det treng ikkje skje stort, men det er ei god kjensle berre å vita at Falke er på rommet sitt og speler eller at Kitty Karina sit og småpratar på Facebook og kannhenda kjem nedom. Her i Oslo er det ingen når Helene er på Voss i höve masterarbeid eller -öving.

Difor var eg alt for lengie på PING i dag. Eg hadde det moro og ville ikkje friviljug gå heim og vera åleine att etter nesten ein månad pause frå det. Det eg ikkje tenkte nöye nok etter på, var at eg har glöymd korthaldaren min i Stavanger…

Klokka vart vel over 0100 för alarmen i bygget kasta oss ut frå PING, og då stod eg att utan noko kort til döra her på Vestgrensa studentby. Eg venta ein 20 minutt til klokka var over 0130 og lurte meir og meir på om eg måtte tenkja på noko lurt.

Heldigvis trong eg ikkje vera so lur; eg gjekk ein runde rundt huset og såg vindauga under vår bustad framleis hadde ljos i seg. Eg kjenner jo mitt bustadsnummer, so då var det berre å trekkja 100 frå det og voilà: nokon å ringja på til.

Eg tykkjer ikkje det er kjempemoro å forstyrra folk slik, men eg ville ikkje stå ute i natt heller. So ein stemme i ringjeboksen slapp meg til slutt inn.

semesteret er ikkje starta enno, so bygget her ikkje so fullt som den pleier. Godt eg kom meg inn likevel.

I morgon vert det litt verre iom. at eg no har brukt opp alle kontantane mine, men den tid den sorg :)

2 tankar om “Attende i Oslo

  1. Egil

    Her om dagen tenkte eg på at det var lenge siden du hadde skreve eit innlegg, så plutseleg kjem det eit nytt :) Det eg gjorde ein gang bror min mista nøklane, var å senda mine til han med natt-toget. Eg berre spurte konduktøren, og det var heilt greit. Kjapt, enkelt og billig ;)

    Men, …, dette er jo ikkje fyrste gongen. Kanskje du burde skriva eit program til den glitrande telefonen din som minnar deg på slike ting når du forlat huset i Stavanger? :p

  2. skjalg

    God ide Egil! :-) Korthaldaren dukka opp i dressjakka her heime i Stavanger, vart sendt samme dag til Oslo. Veldig kjekt at du skriv her igjen Odin!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.