Eg og Helene var ute på visning i dag. På nedre, kanten av og øvre Grünerløkka.
Me såg på tri bustadar.
Det var ganske moro å sjå dei same folka koma på alle visningane.
Den siste bustaden var veldig nært båe Bitraf og Opera. Me hadde mått ut med 1.2mill for den. Soverommet var alt for lite då, senga vår hadde nesten ikkje fått plass.
Utpå dagen gjekk me til Bitraf og åt pizza. Eg sit her framleis.
Skal forresten kjøpa ny datamaskin.
Flott dykk er på husjakt. Det vert spanande å sjå om det blir nokon stad for dykk dette året. Eg har Aftenposten for tida og ser at prisane faktisk er lågare i Oslo enn Stavanger…. Lukke til og send gjerne fleire rapportar på sida di. Eg er iallfall innom stadig og sjekker om der er noko nytt.