Månadsarki: april 2012

Vaflar og loppemarknad

Det er vår og det er helg. Sjølvsagt har Helene då drege meg med på loppis.

Det eg plar gjera på loppemarknad er å eta vaflar.

Lilleborg skole

Æææææsj! Det ligg fira mørkebrune og stive vaflar på eit fat. Dette fatet brukar òg alle til å mellombels setja frå seg ting når dei finn fram pengar.

To vaflar vert solgt. Eg gløttar inn på kjøkenet og ser noko vaffelrelatert aktivitet.

Sit meg for å venta på dei nye vaflane. Ventar. Ventar. Og ventar. Nei, ingenting!

Tja, fær like godt berre gå då. Nett då legg dei ut to vaflar til på fatet. Det var jo ein haug ute på kjøkenet!? Kvifor berre desse to?

Eg kjøper ei. Tjue kroner. Verkar veldig dyrt basert på fyrsteinntrykket.

Vaffelen er utruleg stiv, han er kald og tynn. Alt for hardt stekt og med ein ekstrem dose smør. Nei, smør er ikkje bra her. Det gjer vaffelen ekkel og feittete. Og meir brun.

Og kvifor tok dei inn to gamle feil-steikte drittvaflar når dei hadde ferske inne på kjøkenet (sjølv om dei sikkert var feilsteikte dei òg)!?

Ein av dei dårlegaste vaflane eg har smakt. Om ikkje den verste. Det er ikkje dette loppemarked er til for!

Sagene skule

Her kostar dei femten kroner, trass i at dama tok mine 25kr og trudde ho var ferdig med jobben sin. Fekk sjølvsagt tiaren min etter eg jakta ho ned att og fortalte kvar landet låg ;)

Desse vaflane var fyldige og tilogmed litt varme. Langt i frå rett frå jernet slik eg lagar dei, men ein positiv overrasking etter å berre ha sett det triste fatet på bordet.

Vaflane her smakar godt òg. Dessutan, kva er det eg kjenner ein smak av? Jo, kardemomme! Ekstrapoeng! Dei hadde sikkert vore ganske bra dersom dei var rett frå jernet.

Sagene mangla i tillegg rjome (som Lilleborg òg sjølvsagt hadde gløymd). So, godt forsøk: de kan nesten vaflar, de er nesten der!

Smestad skule

Kva med vestkanten då? Dei må no få det til?

Det regnar på vestkanten mot den varme soli på austkanten. Eg tingar to vaflar, dama gjev meg ein firar som ser heilt slapp, sveitt og samanklemd ut, og ein seksar i betre form.

Firaren smakar som han ser ut, fælt. Alt for mykje egg er det òg i han. Det er som å eta ei gummihanske.

Seksaren er kald og har òg vore litt for generøse med eggi, men det ligg ein god vaffel gøymd inni der dersom dei berre ikkje hadde laga dei eit par timar før servering.

Det er tydelegvis forskjellege foreldre som har laga vaflane her. Ei forelder som kan laga røre, og ein som ikkje kan. Smestad klarte altso heller ikkje å levera ferske vaflar.

Desse kosta òg tjue kroner som monsteret frå Lilleborg.

Konklusjon

Det er ikkje vandskeleg å laga vaflar. Loppemarked plar få det rett. Mykje av grunnen til at det er moro å labba etter Helene rundt på alle desse skulane er jo nett det at eg kan trykkja vaflar i trynet utan stort å klaga på. Normalt er det alltid nokon som står til toppkarakter, so eg vart overraska over det låge nivået.

Sagene hadde mykje gåande for seg og var absolutt veldig bra, men ikkje perfekt. Prisen trekk sjølvsagt ikkje ned heller. 15 er fint, 20 er greit. 10 er bra, 25 er for mykje.

Eg er jo ein vaffelhelt sjølv om eg fær segja so. Har steikt mangfaldege liter gratis nynorskvaflar for Studentmållaget i Bergen, godt hjulpe av mitt vaffelsuperstar-team.

Eigentleg må du berre passa på å steika vaflane medan du sel dei. Pluss pass på eggene, ha litt kardemomme i og ha vaffeljern som lagar tjukke vaflar.

På sundagsmarknaden på blå er det ei dame som gjer det heilt perfekt, og då er prislappen på 25 kr leveleg.

Jaja, betre loppis-lukke neste gong!