Lagde ein video på sundag

Eg og Helene var i mathallen på sundag. Eg tok litt video.

Då eg kom heim ville eg setja det saman til ein video, og fekk igjen oppleva kor ekstremt elendig all videoredigeringsprogramvare er på Linux. Diverre gjer det at eg er utruleg lite glad i videoredigering lengre, der eg før elska det og tykte det var kjempemoro. No er det berre eit jækla mas og eg fær aldri laga noko fordi alt er so tungvindt, treigt og ubrukeleg.

Heldigvis er det kjekt å ha klypt saman ein video att då. Diverre innbyr ikkje verktya mine til gjentaking med det fyrste :-)

Sundagsmat, på mathallen, last ned: 480p (9 MB), 1080p (62 MB). Musikk er CC-BY-SA Tryad (placid island), det var forresten ikkje musikken eg hadde tenkt, men lasta ned feil, so jaja. Videoen er CC-BY-SA Odin då, sidan eg må shara alike no :P

2 tankar om “Lagde ein video på sundag

  1. Simon

    Kva redigeringsverktøy brukte du? Eg er såvidt starta med ein vonlaus flau og klossut vekentleg videoblogg (sidan september) utan ordentleg kamera – eller røynsle what so ever, som det heiter på godt bokmål – og har prøvd meg fram med ymse programvare. Ei stund brukte eg PiTiVi. Nett no knotar eg med OpenShot, som er veldig simpelt. Kanskje for simpelt. Vil læra meg meir om fotografering og redigering, og gjer det med små og ustø steg.

  2. Skjalg

    Odin! Du må trena deg i dei andre programma. FC eller Premier. Du er jo flink å redigera, men må halde kunnskapen din oppdatera.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.