Tidleg morgon forbi sjokoladefabrikken

Eg fekk ikkje sova. Kl 4 opna eg augene og tenkte, «nei, det går ikkje». To timar seinare står eg opp. Normalt er eg på jobb kl. 10 og står ikkje opp lengje før.

Ute er det underleg stille og friskt, trass den fæle Oslo-stanken av byrjande vår. Eg trudde, som den vestlending eg er, at denne stanken var hundeavføring som kom fram for dagens ljos no når snjoen smelta. Slik var det visst ikkje, dette er smørsyre, som er noko frå jordi sjølv når ho går frå fryse til halvråtna opptint.

Det er so stille.

Det går ein person framføre meg. Høyrer fotstega sjølv om han er langt der framme. Eg anar ikkje kva som lagar so mykje ljod på dagen, aldri tenkt stort over det, men kontrasten er stor.

So gjer han noko uventa. Går til ei søppelkasse, opnar lóket og vippar overkroppen nedi. Rotar rundt. Han er slett ingen uteliggar, ser ut som ein vanleg mann på veg til jobb. Er det òg med mindre eg tek veldig feil. Søppelkassa er forsovidt rein, det er Aftenposten sin. Reknar med han ser etter gårsdagens avis.

Det kunne so lett vore meg, men eg trur ikkje eg hadde kome på det. Dessutan so vart eg overraska for det tok meg heilt uforberedt.

Forbi sjokoladefabrikken og med Dælenenga fotballbane på høgre side. Det er ein enkelt person ute på banen som i tida eg går til jobb normalt sett er full av barneskuleungar som har friminutt.

Han har ei kasse framfor seg. Ser ut som ei raud kasse øl, men eg forstår jo at det ikkje er det. Han har sære rørsler. Kanhenda det er øl? Nei, han har noko langt tynt i handa. Fiskestang?

Nei, han er full. Snudde seg til sida og vaggar noko fælt frå side til side. Kastar dwn eine armen fort fram og tilbake.

… Det er ei fiskestang. Han gjer eit typisk kast. Den rare rørsla var at han la fiskesena fint ned på bakken. For nokre kast! Heile kroppen er med. Dette er tai chi med fiskestang som påskot.

Han tek sats frå ei side med fiskestonga bak seg og kastar elegant til han står på eitt bein. Endrar roleg på stillinga si slik at han kan slengja flua attende den motsette vegen.

Eg var so oppslukt at eg heilt gløymde å ta ut kamera, som jo hadde vore det rette denne gongen. Oppe på jobb ventar ein mann som leverer ferskt braud til oss kvar dag, sidan det berre er oss to ute og dønn stille er det naturleg å slå av ein prat når eg slepp han inn. Noko eg veldig sjeldan får høve til elles i kvardagen.

Eg er frykteleg fascinert av alt eg går glipp av desse tidlege morgonane eg elles søv. For alt kjennest faktisk mykje meir magisk då og det synast eg er frykteleg moro.

Ein tanke om “Tidleg morgon forbi sjokoladefabrikken

  1. Skjlg

    Det er det er veit Odin. eg tek desse tidlege morgonane støtt. Klokka seks på laurdag og sundag morgon spesiellt. Det er desse magiske timane då alt er ansleis enn det du er van med….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.