Oslo 17. mai 2013

I år skulle me vera i Oslo på 17ande, etter at me regna vekk i Stavanger i fjor. Dessutan hadde Helene bestemt seg for å planleggja litt meir av dagen, klok av skade frå tidlegare.

Helene spratt opp slik ho gjer på slike dagar når ho har ting å gjera. Jorunn kom innom og dei bar kransen til Aasen-bautaen der Studentmållaget alltid opnar 17. mai kvart år. Var visst rundt 90 stykk der, eg var der ikkje. Eg bar noko rot ned i kjellaren (me skulle ha folk seinare), og brukte ein halvtime på å rota rundt der for å leita etter det gamle 18-105mm objektivet mitt.

Sidan eg likevel hadde mista Aasen-bautaen tok eg like godt bussen opp til arbeid, for å henta ein overgang me trong til Wii-en.

Opera Software
@totlevase jaja, eg fekk no i minsto ein selfie på jobb på sjølvaste nasjonaldagen. På veg nedatt no. pic.twitter.com/OuVc9Nnwzo

Oppe i Nydalen var det sjølvsagt ingen, so for å kjenna meg litt meir sosial skreiv eg eit par meldingar på Twitter. Måtte ha prov på at eg var på jobb 17. mai, so tok eit bilete med dei forferdelege brillene. Dei er skikkeleg fæle, men desse «Ray Brain» eller kva det var for noko var einaste eg fann i Spania etter eg mista mine eigne.

Utanom det skreiv eg eit par buss-for-tog-vitsar, sidan Martin skreiv han var lukkeleg han ikkje hatt sett mange av dei. Eg kan seia at dei var meint til å vera dårlege, men det hadde vore skjønmåling. Eg prøvde å koma på gode, men feila.

Fekk litt respons på den aller siste, eg tok bussen ned til sentrum og plutseleg sette bussen farten ned.

Oi, bussen går i tog! Me er rett bak eit korps! God stemning, om enn litt treig progresjon no… #17mai

dnt-collage

Nede på Norske Teateret var restane av Studentmållaget etter Bautaen. Helene åt kake og drakk ikkje kaffien sin. Ho hadde lagt att mesteparten av marsipanen so det vart veldig veldig søtt. Diverre (for meg) åt eg det likevel :P

Homannsbyen
DSC_5003

Janne hadde invitert oss til ein ven av hennar, Marius, som hadde fått eit digert hus i Homannsbyen av sin gamle husvert. Eit ekte oppussingsprosjekt, men heilt utruleg stilig! Mange rom, midt i eit ekstremt dyrt område. Eg og Helene tenkte med eitt at det hadde vore perfekt til å pussa opp til eit koseleg hostell som dei fargerike me hadde vore i nede i Europa.

Det finst ikkje noko slikt koseleg her i Oslo, iallfall ikkje sist eg såg etter det. Alle kjenst som upersonlege institusjonar.

DSC_5039

Me kjende ikkje andre enn Janne-Kristin, Jørgen og Lina der, men det var veldig koselege folk. Utruleg kjekt med hageparty. Me stakk då det so vidt byrja å falla eit par dråpar frå himmelen. Etter kort tid regna det hundar og kattar.

Eg fekk flashback til fjorårets mislukka 17. mai i Stavanger. Då regna det og var grått og fælt heile dagen, og me satt mest inne. Heldigvis var me ute no og hadde allereie hatt ein bra dag. Far til Jørgen er meterolog, og sa at det var ei kortvarig byge (byga hadde vitja Bøler óg).

Janne-Kristin og Jørgen hadde lunsjavtale med foreldrene sine, so me gjekk bak slottet for å koma til Vika. Viss du, som meg, nokon gong har lurt på kvar alle saman er 17. mai, so har eg altso no funne svaret. Det var tjukt med folk.

Sidan det var to timar til teateret me skulle på byrja, sat eg og Helene og såg utover Akershus festning ei god stund. Er ganske lite på den sida av byen, men det er eigentleg ganske fint. Liker vestkanten godt.

forteater-collage

Kvart einaste år eg og Helene har vore i Bergen, har me vore på Den Nasjonale Scene og sett 17. mai-kvalkaden der. I år var fyrste gong me gjorde noko liknande i Oslo. Me hadde fått billettar ganske langt framme på «Kjære landsmenn» med Herborg Kråkevik. Det var god stemning. Ein del herleg nynorsk-humor og nokre dialektinnslag var det absolutt mest morosame. Kråkevik verkar som om ho hadde passa bra inn i Miljøpartiet basert på meiningane hennar i det stykket iallfall.

DSC_5098

Me hadde invitert folk til graut og «Just Dance»-speling hjå oss. Det vart til slutt ei fullslegen cup med 50 1-mot-1-duellar utført. Det var skikkeleg utmattande, og diverre var alle so trøytte at me ikkje fekk gjort den siste kampen. Finaledansane vart nemleg uavgjort, so me trengde ein tredje for å finna ein vinnar.

Helene vann på totalt 1-mot-1 kampar vunne over folk, medan Anne vann på poengdifferanse. Me fann ingen klår vinnar mellom dei to så dei vann vel båe to.

… og alle var einige i at det hadde vore ein bra dag.

Ein tanke om “Oslo 17. mai 2013

  1. Skjalg

    Koseleg å lesa om dine opplevingar den 17. mai…..og godt var det at dykk fekk litt regn og. I Stavanger hadde me dette året opphald heile dagen, med ein temperatur som passa bunaden min perfekt….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.