Flyet me skulle ta lot seg ikkje fiksa, so me måtte bu ei ekstra natt i FLL. Det var heilt utanfor planen, og me fekk ikkje gjort stort mykje ekstra ut av den dagen.
Eg har ikkje vore på ei kansellert flyging før, so det var jo moro å oppleva korleis det er. For alle dykk andre som ikkje har den erfaringa so kan eg fortelja dykk at det ikkje akkurat innbyr til gjentaking. Eg og Helene var kjapt på beina etter me fekk høyra om kanselleringa; Helene ned for å henta bagasje, eg for å koma meg i kø so fort som råd. Det gjorde at me kom langt fram i køen. Bra greier.