Ein ekstra dag i FLL

Flyet me skulle ta lot seg ikkje fiksa, so me måtte bu ei ekstra natt i FLL. Det var heilt utanfor planen, og me fekk ikkje gjort stort mykje ekstra ut av den dagen.

Eg har ikkje vore på ei kansellert flyging før, so det var jo moro å oppleva korleis det er. For alle dykk andre som ikkje har den erfaringa so kan eg fortelja dykk at det ikkje akkurat innbyr til gjentaking. Eg og Helene var kjapt på beina etter me fekk høyra om kanselleringa; Helene ned for å henta bagasje, eg for å koma meg i kø so fort som råd. Det gjorde at me kom langt fram i køen. Bra greier.

Det tok ikkje evig lang tid før det var vår tur, ulikt då me sjekka inn. Eg forstår ikkje at det er mogleg å bruka so lang tid på noko so enkelt. Men me tok det med godt mot. Me fekk oss flybillettar til den same avgangen neste dag. Me skulle få hotell og transport kort tid etter. Eg spurde om omtrentleg tid og det var 15 minutt.

Helene før ho vart for trøytt

To timar seinare var me ganske leie. Helene var fleire gongar i ferd med å sovna oppå bagasjen.  Mange av dei som ikkje hadde vore so langt framme i køen fekk lappane med taxi og hotell i fleng. Eg hadde spurt tri ulike folk om kvar-i-alle-dagar vår overnattingshjelp var, sidan me hadde vore langt framme og fått ny avgang for to timar sidan. Dei forsvann inn på bakrommet og kom aldri ut att.

Til slutt fekk eg ein til å senda nokon med det spesifikke mål å henta Juan, vår andsvarsperson, ut att. Då fekk me til slutt lappane våre; taxi, mat og hotell.

Innsjekken på hotellet var forferdeleg. Det var ein lang kø då me kom, og kvar innsjekk tok ti minutt. Klokka var allereie 02.00 Florida-tid då me kom, og etter 40 minutt (fire insjekkingar) var det vår tur. Uheldige dei fem etter oss i køen…

Dagen etter brukte me ikkje til serleg stort. Helene syntest ikkje det var so gale, ettersom ho tok att tapt arbeid og dansa til One Direction. Eg hata det. Helene gav meg ananas og 1.5l Tonic water, men det fungerte ikkje.

DSC_5990

DSC_5999

Me kom veldig tidleg på flyplassen, og medan Helene sjekka inn, drog eg til ei diger sportssjappe 15 minutt frå flyplassen. Det gjorde meg glad, og eg kjøpte eit GoPro-kamera.

IMAG0064

Ein tanke om “Ein ekstra dag i FLL

  1. skjalg

    Ja, kjekt du fann ei GoPro-kamera. Ser fram til spektakulære bilete på heimesida di Odin…. Og sjølvsagt nokre fleire velvalgde ord på bloggen din :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.