Fort Lauderdale, Florida

Den billegaste vegen til Mellom-Amerika går via USA. Dei billegaste billettane vidare til Costa Rica to netter seinare. So me hadde altso to dagar i Ft Lauderdale.

Nett no sit me på ein 70-tals flyplass med grønbrune, permaskitne vegg-til-vegg-tepper. Det kjennest som om du sit fast i bakken når du går på dei. 40 år med feitt frå amerikanske hamburgarar har gjort sitt med golvflata. Eg ler eigentleg av det fordi det passar mine Florida-fordommar perfekt: Miami Vice, cheesy fargar, cheesy folk i cheesy omgjevnader.

Eg bytte nett stol fordi nokre ufatteleg irriterande ungar hadde funne det for godt å ride ranke på stolraden min. I tillegg dreiv dei med høgfrekvent skriking. No sit to veldig amerikansk-utsjåande amerikanarar rett overfor meg og trykkjer feite hamburgarar i trynet. Ein annan, nei, to andre har høglytte videotelefonisamtalar på mobilane sine. Akkurat det me alle trong her midt på natta, trøytte og slitne, når me nett fekk vita at flyet vert enno ein time forseinka.

Eg er berre trøytt, ikkje ekte irritert, men det er jo ikkje vanskeleg å finna irriterande ting når eg so absolutt leiter etter dei. Helene sit og nynnar og ser gjennom bilete frå dei siste to dagane. Det er eigentleg berre veldig avslappande og herleg. Eg er ikkje heilt sikker korleis eg hadde stilt meg til det om ein av amerikanarane hadde nynna, men eg trur eg hadde likt det likevel. Det er beroligande på den måten høglytt prating på videotelefon ikkje er. Som på eit cue starta no ei spansktalande dame på tableten sin. Skingrande lyst og uforståeleg, verre enn dei andre rundt. Verkar som om ingen ringjer på gamlemåten i USA lengre. Godt eg har Helene til å nynna avstressande.

For to dagar sidan var me på same flyplassen. Ein av grunnane til at Helene valte hotellet me budde på var at dei hadde gratis flyplass-shuttle. Han slutta visst å gå etter tolv, so det vart taxi på oss.

Helene har lagt ut bilete av seg sjølv og alligatorbabien frå tidlegare i dag på Facebook, og ho har venta heile 11 minutt på at nokon skal lika biletet. «Framleis ingen likes,» mumlar ho litt skuffa. «Klokka i Noreg er 04.56, Helene» «Hm. Sant,» ho stirrar litt inn i skjermen og byter til eposten sin, «men likevel…».

Fyrste dagen i FLL gjekk mykje med til å verta kjent med området. Vel, fyrste dag gjekk til mykje gåing kan du vel òg seia. Me gjekk til stranda, det var skitvarmt og tok skikkeleg lang tid. Gong på gong viser det seg at avstandar i USA alltid er ekstremt store, fleire gongar lengre enn det du reknar med. Helene overtalte meg til å ta meg eit bad sjølv om me var utan badeklede. Det vart altso i boksaren, og eg såg komplett idiotisk ut. Heldigvis visste eg lite om det, så eg gjorde det. Den gleda fekk eg fyrst no når eg såg på bilete av det.

DSC_5776

DSC_5781

Interessant nok gjekk me òg på kafé medan eg berre gjekk i boksaren pluss ei open skjorte. Me kom frå det i live. Helene drakk Virgin mojito og eg helde i meg min nye favoritt: Tonic water.

DSC_5804

Me gjekk timesvis langs stranda og svingde til slutt opp mot «downtown» der det skulle vera ei handlegate for Fort Lauderdale. Etter omtrent ein times gåtur i heiten kom me fram til ei skikkeleg skuffande handlegate. Eg skreiv ei melding på TripAdvisor: i korte trekk, ei handlegate for 40+ damer. Snork. Ooog der vart flyet vårt faktisk kansellert! So, det vert altso ein dag til. Ai…

Då me kom heim att etter gåutflykta fyrste dagen sovna Helene tvert. Eg såg mitt snitt til å sitja på pcen, og eg gjorde det resten av kvelden.

DSC_5759

Andre dagen tok me heller bussen, det gjekk skikkeleg kjapt. Helene prøvde det nye snorkleutstyret sitt, men det var litt for røff sjø til at det fungerte serleg bra. Etter ein handletur, skulle me på båt-sightseeing og tok Sunny Trolley dit, ein buss som kostar 50¢ per person.

Jungle Queen, ein båt som ser ut som om han høyrer heime på Mississippi-elva. Eigentleg ganske fin. Eg hadde min tredje Tonic den dagen, og so drog me. Det var i grunn ganske morosamt å køyra langs kanalane og sjå alle husa til dei rike folka som budde rundtomkring. På slutten fekk Helene helsa på ein beibialligator, som gjorde ho glad. Ho fekk óg sjå båten til Brian May frå Queen, legg ho til.

DSC_5892

DSC_5918

DSC_5951

Resten av dagen gjekk med til å venta på flyturen. Me var på stranda, bada litt, og eg hadde min fjerde Tonic.

DSC_5974

DSC_5873

Og det var altso dei dagane. No vert det tydelegvis ein til, sidan den nye flybilletten me nett fekk er til same avgang i morgon.

2 tankar om “Fort Lauderdale, Florida

  1. skjalg

    Kjekt å se at du er aktiv på bloggen din igjen. Du skriv godt og eg ser fram til hyggelege stundar foran skjermen,

  2. Unni Elisabeth

    Kjekt! Eg har ein bitte liten ting til Helene når de kjem heim. Eg kom nett frå Berlin. God tur videre :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.