VISA-kortet flaug av stad

Turen vår nesten ferdig, me står utan PIN-koden til VISA-kortet i ein restaurant me allereie har ete på. I Mexico. Utan nokon alternativ måte å betala på. «Nei, ingen backupløysing med signatur, viss det er ditt kort må du vel kunna PIN-koden,» seier den pissesure restaurantsjefen.

Eg har ikkje fått skrive innlegg for alle tingene eg etla skriva om. I staden for å «venta» til eg har fått skrive ting i kronologisk rekkjefylgje, og dimed eigentleg berre forsikra meg om at eg ikkje skriv nokon ting, so kan eg like godt berre starta med ei lita oppsummering av ulukker på vegen.

Fram til Costa Rica gjekk det ganske bra, med unnatak av siste dagen, turen oppatt til USA. Dagen starta godt, me såg gjennom alle dykkevideoene me tok dagen før då eg og Helene gjorde to dykk. Såg ut til at me kunne få noko bra ut av det frå GoPro-en eg kjøpte spesielt til det. Då eg skulle filma to ekorn som hang ned frå eit tre og ville helsa på Helene fungerte ikkje kamera lengre. Grunnen: knekt minnekort! Eg hadde kjøpt eit dyrt, stort, klasse 10-kort for at overføring skulle gå kjapt, og no fungerte det ikkje lengre. Alle videoene på det (som me for ein gongs skuld ikkje hadde teke over på pcen fordi me skunda oss ut) var tapt. Faen.

Me gjekk på butikken ein halvtime før bilen som skulle køyra oss den lange vegen til flyplassen skulle koma. Då me kom ut frå butikken byrja det regna. Ofte sluttar det ganske kort i etterkant, so me venta. … Venta. Diverre slutta det ikkje, det vart berre verre. Hekkans regnskog-verre. Og det regna! Vegen vart ei elv. Ei brun elv. Helene fekk hetta, og sprang for å ikkje mista transporten vår. Foten min glei rett ut av sandalen min i vatnet.

Gjennomvåt. Fekk handkle av hotelleigaren, tok av gjennomvåt t-skjorte og tørka. Transporten kom. Den skumle sjåføren såg sint på oss då me gjekk inn, og sa «t-shirt!» då me kom inn. Jada, jada. Me måtte no få koma oss inn i bilen fyrst. Sjåføren er verkeleg amper, han ser bak og bannar på spansk og mumlar om skjorta. Eg forklarar at den er våt, og eg må få finna ei ny. Han køyrer ut på vegen, før han svinger ut i grøfta og bråstoppar so me kjenner det, snur seg rundt mot oss og i halvkvalt raseri får sagt at han kjem til å stå her til eg har fått på meg t-skjorta eg held på.

Det som eigentleg skjedde: Når bussen som skulle ta oss til San Jose kom, var me klissvåte frå den uventa regnbyga. Heldigvis fekk me turka oss litt i førvegen. Hotelleigaren var nemleg snill, han sprang og henta handklede til oss (takk!).

For ein jævla idiot! Bilen er på frysepunktet, og viss eg tek på meg den gjennomvåte t-skjorta kjem eg til å verta dritkald på null komma niks. Dessutan vert eg våt att av det, før eg har fått funne fram nokre varme ullgensrar på botnen av sekken. Han sit og nistirrer på oss, so eg tek no på meg den helvettes dritt-tskjorta. Han venter litt og so køyrer han vidare med eit høgt snøft. Hekkans neandertaler. Han sit me altso på med heile vegen til San Jose flyplass, rett over fem timar.

Ingen hyggeleg tur med andre ord. I sterk kontrast til resten av Costa Rica-turen vår som var veldig bra. (Eg må nemna det, fordi Helene klikker alltid på at eg berre skriv om negative opplevingar, når dei eigentleg er i ekstremt mindretal ;-) )

So var me endeleg attende i herlege Fort Lauderdale. Herlege, men slikt fint ironisk trykk. Gu» for ein keisam plass.

  • Me tok taxi til Greyhound-terminalen. Me kom inn medan bussen venta. Det var ein kvarter til han drog. Me ville ha billettar til den avgangen for å koma tidleg til Orlando. Det gjekk ikkje fordi [teit grunn me ikkje forstod]. So sjølv om me prata med sjåføren som sa det var plass fekk me ikkje billett og måtte venta ein haug timar ekstra i Ft Lauderdale.
  • Me var i Disneyland, Orlando. Alle dei fire parkane på ein dag. Fungerte eigentleg ganske bra. Burde berre ikkje brukt so mykje tid i Magic Kingdom, men heller gått til Epcot fyrst.
  • Neste dag i Universial Studios (Harry Potter, nokon?).
  • I ein Rock Ride eller noko slikt flaug DNB-VISA-kortet elegant ut av lomma i ein slik negativ-gravitasjons-hump. Det var veldig keisamt. Eg fekk sperra det seinare den dagen, men det putta meg i ein VISA-kortlaus posisjon.

Me drog attende til Ft Lauderdale for å ta eit cruise. Som danskebåten, berre mykje større og mindre harry – eller, nja, nei, njo, mnai, er eigentleg ikkje harry i det heile teke, meir classy. Ok, litt harry. Litt guilty pleasure. Absolutt. Er jo latskapsreising/-ferie. :D Har litt til felles med (superharry) charter.

So segla me 1 karibien då. Heilt på slutten, ant siste dag so var me i Mexico. Helene skulle snorkla med Kvalhaiar, men hadde fått opphovna auge av ein eller annan grunn, so ho kunne ikkje. Me fekk det refundert(!), sjølv om Helene seinare sa at det kunne høyrast ut som om eg hadde slege ho i auga.

Me drog til sentrum. Etter ei stund ville me setja oss ned på ein cafe eller restaurant. Det var kjekt og meksikansk. Men so fekk me altso dette betalingsproblemet. Det var utruleg flaut må vita. Dei hadde internett, og eg fekk det, men det fungerte ikkje. So eg måtte springja til førre plassen me hadde hatt internett for å fiksa ting.

Eg trong hjelp frå Pappa til å senda meg innloggingskode til nettbanken min i Skandiabanken. Han vart litt bekymra:

Helene Urdland Karlsen - 21:16
  Hei
  Idin her
  EF trng do
  Eg treng do help litt

Skjalg Omdal - 21:16
  Ja

Helene Urdland Karlsen - 21:16
  Engelsk tastatur
  Bah

Skjalg Omdal - 21:17
  Ka då?
  Ja kor e dokk?
  Me e i Stockholm

Helene Urdland Karlsen - 21:18
  Gje Meg koden du faar paa tlfen dn
  Er I cozumel Mexico

Skjalg Omdal - 21:19
  UMX9GG7 er ditt engangspassord til bruk
  ved innlogging i Skandiabankens nettbank
  Er du sikker opå dette
  Er du Odin

Helene Urdland Karlsen - 21:19
  Ja :)
  Helene sin tablet autorettar nynorsken min til tull

Skjalg Omdal - 21:20
  Lika ikkje sånne greier...men du er er jo Odin :-)
  Fekk kode?

Helene Urdland Karlsen - 21:21
  Kom inn ja

Skjalg Omdal - 21:22
  Går alt greitt? Me undrar...kan du ikkje skrive litt på epost?

Helene Urdland Karlsen - 21:22
  No kjem kanhenda ein ny for kredittkort-pinkoden til nye
  visakortet fraa skandiabanken
  Talk fungerte before fraa Helene. Epost er treigare :-)

Skjalg Omdal - 21:22
  Har du mista?
  Kort?

Helene Urdland Karlsen - 21:23
  Jepp
  Florida
  Er sperra
  Dnbkortet
  Men Maya gaa
  Maa gaa

Skjalg Omdal - 21:25
  Me blei jo bekymra naa
  Mista eller fråstjålet

Eg fekk betalt og so drog me attende.

/o/ \o\ \o/ |o| \o/ o \o/ /o/

Siste irritasjon var ei overnatting me hadde før me drog heim. Me tinga nemleg feil dag på hotellet, og betalte 700 kr for eit rom, dyraste me hadde gjort. Me spurte om dei kunne endra tinginga (det var gratis å endra), men det måtte me visst gjera sjølv. Problemet var at dei brukte ein dag på å svara, og dimed svara same dagen som innsjekk. Eg las ikkje epost før innsjekk gjekk ut, og då me kom fram til hotellet so ville dei ikkje rikka seg. Dei hadde svara at me måtte gjera det på booking.com. So me måtte betala 700 kr til. Det øydela mykje av den dagen, eg var rett sint og sur (og skreiv 90% av dette innlegget etterpå).

Dagen etter fekk me vita at dei hadde teke det opp med leiinga, som eg sat og forfatta brev til – og fakturerte ikkje den ekstra natta. Men inga unnskuldning.

Det hjalp eigentleg godt på. Me gjekk òg på eit kjøpesenter, og eg kjøpte meg ein Kindle Paperwhite og ein sykkelmount til GoPro-kamera. Spesielt Kindle-en fekk eg mykje glede att for :) Berre dumt eg ikkje skaffa han før me var på cruise.

Og det var eigentleg all ulukka i eitt innlegg! :D Men alle var einige om at det hadde vore ein bra tur 2 :]

  1. Er jo veldig feil å kalla det segla når det faktisk er nokre digre elektromotorar som driv båten framover. Men slik er no språket. Fucka. []
  2. eg har brukt den klisjé avsluttinga so mykje at eg byrjar verta van med det, oups! []

Ein tanke om “VISA-kortet flaug av stad

  1. Helene

    LOL! Det er bra du ikkje er sååå negativ in real life. Ja, det var synd med gopro-filmen (serleg av dykkinga: meg +hai=sant!), men elles tykte eg turen i Mellom-Amerika var kjempefin. Gler meg til å reisa attende i april, om berre for ein kort tur:) Du må leggja ut bilete av høgdepunkta Odin!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.