Teater, ein god dag kjem aldri for tidleg

På åremålsdagen til Helene fryda me oss med eit herleg språkårs-stykke som skulle feira nynorsken på ein måte.

Etter me hadde ete på Vapiano tusla me bort til Det Norske Teatret for å sjå Ein god dag kjem aldri for tidleg. Eit samarbeidsstykke mellom Hordaland Teater, Sogn og Fjordane teater og Det Norske Teatret. Dei, to fyrste er knøttsmå teater og det siste det største i Noreg, felles for alle tri er at dei har nynorsk♥ som arbeidsmål.

Eg hadde ikkje særlege forventningar til dette stykket. Eg visste faktisk ikkje kva me skulle sjå i det heile teke. Då me kom inn spelte ein trio av piano, cello (eller liknande) og fiolin mjuke songar. Dei dreiv og bytte instrument litt ettersom musikken seinare i stykket krav det.

Helene på Vapiano på åremålsdagen hennar

Scena hadde tri arkivhyller på seg og ikkje stort mykje meir. Det såg ikkje minimalistisk ut av den grunn; det var so mykje rot og anna interessant i hyllene at scena kjendest full og ekte likevel. Eg likte spesielt Ivar Aasen-bysta i den eine hylla. «Det ser jo ut som skrivarstova!» merka Helene. Skrivarstova er altso det felles kontoret til Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Tri skodespelarar kom inn på scena. Dei trakka opp takten og song heilt forskjellege nynorske songar. Nett no hugsar eg berre Nordmannen, men eg kjende godt til tekstane til dei andre òg. Stykket var visst laga til språkåret, som ei slags feiring av nynorsken.

Det var mange songar utover stykket, og eg må innrømma eg song med litt lågt på fleire. Norsk Målungdom har hatt veldig god nynorsk songtekst-skulering.

Ein ting eg ikkje har nemnd var at salen var full av skuleelever òg, det er noko som ofte skjer på Det Norske Teateret. Eg var uhyre skeptisk til dette i starten, men som gamal skodespelar sjølv so hadde eg lite grunn til det. Forestillingar med skuleklassar i salen viser seg ofte å bli utruleg gode, fordi dei ofte er frykteleg flinke til å gje attendemelding i form av klapp, latter og ålmenn energi. Mange av dei aller beste forestillingane eg spelte då eg var på Rogaland Teater var med skuleklassar i salen.

Me lo godt fleire gongar, og på slutten av stykket reiste eit knippe av skuleelevane seg og fekk til slutt heile salen med seg. Det var eit ekstremt enkelt stykke, men det fungerte skikkeleg bra. :)

2 tankar om “Teater, ein god dag kjem aldri for tidleg

  1. Skjalg Omdal

    Koseleg å sjå kva dykk gjer på fritida. Håper dykk og gjer andre ting som kan vere verd å dela med oss ute i provinsen, så Odin skriv meir.

  2. Unni Elisabeth Hørthe

    Det høyrdes ut som eit kjekt stykke og så koseleg at de hadde slik ein fin dag saman :-) Flott bilete av Helene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.