Årsarkiv: 2013

Lagde ein video på sundag

Eg og Helene var i mathallen på sundag. Eg tok litt video.

Då eg kom heim ville eg setja det saman til ein video, og fekk igjen oppleva kor ekstremt elendig all videoredigeringsprogramvare er på Linux. Diverre gjer det at eg er utruleg lite glad i videoredigering lengre, der eg før elska det og tykte det var kjempemoro. No er det berre eit jækla mas og eg fær aldri laga noko fordi alt er so tungvindt, treigt og ubrukeleg.

Heldigvis er det kjekt å ha klypt saman ein video att då. Diverre innbyr ikkje verktya mine til gjentaking med det fyrste :-)

Sundagsmat, på mathallen, last ned: 480p (9 MB), 1080p (62 MB). Musikk er CC-BY-SA Tryad (placid island), det var forresten ikkje musikken eg hadde tenkt, men lasta ned feil, so jaja. Videoen er CC-BY-SA Odin då, sidan eg må shara alike no :P

Lang dag på jobb

Det er ikkje alltid enkelt å vita når nok er nok. Eller iallfall å høyra etter og ta konsekvensen av det. Ikkje ta meg feil, eg har hatt ein fantastisk bra dag, men slutten er mindre spektakulær og energirik enn dagen hadde fortent fordi eg ikkje gav meg.

Eg stod opp 05.30 etter ein halvtime med feila soveforsøk, 06.20 stod eg utanfor døri til kontorbygget. Utan nylkelkort.

Funderte litt over stoda eg var komen opp i, det kunne ta lang tid før nokon kom og det var utruleg kaldt ute. Dessutan ligg det nye Opera Software hovudkvarteret på toppen av Nydalen, so det er eit gåstykke til ekte sivilisasjon.

Eg rota rundt i lommene og sekken for å kjenna om eg likevel hadde fått med meg nykelkortet. Helene meiner jo eg er so fæl til å leita, noko ho diverre har hatt rett i ein gong slik at ho no reknar det for fakta. Etter den vanlege flaumen av skuffande nesten-treff drog eg opp skattekortet for 2013 som eg har gløymd å levera, inni der låg eit lånenykelkort!

Eit ulovleg lånekort må eg få leggja til. Me skal gje dei attende so snart me finn det ekte nykelkortet vårt, men det hadde eg heldigvis gløymd å gjera. Eg hugsa ikkje koden, men gjetta ein haug meir eller mindre plausible nummer eg hadde eit vagt minne om.

Vel oppe i tredje etasje 06.30. Lyset i alle etasjane til Opera var av, so eg var fyrstemann. Iallfall av dei eg såg.

Det var so stille og herleg. Eg fekk gjort ein haug.

Då lunsj kom hadde eg allereie gjort jobb for ein arbeidsdag, og same morgonen kjendest som om han var del av gårsdagen. Nett slik eg alltid har elska og som eg har skrive om på netsida mi fleire gongar før. Det skjer diverre slett ikkje so ofte som før. At det skjedde i dag gav meg masse ekstra energi etter lunsj òg. Eg jobba som ei maskin, hadde små ein-til-ein-møter med folk hist og pist.

14.30, då 8-timersdagen eigentleg er slutt var eg framleis i storslag, fyrst då det lei mot 17. byrja eg verta trøytt. Og her gjorde eg feilen. I staden for å gå heim so tidleg og la heile dagen vera perfekt, vart eg verande for å vera med på den sosiale henginga i kantina på fredagane.

Friday beer (misliker det ekskluderande namnet) startar 17., men eg ville berre gjera ein siste ting ferdig. Det gjek sørpetreigt, tappa meg for energi og var ikkje særleg nyttig til slutt likevel. Ein utruleg ineffektiv time.

Vel nede i kantina 18.00 fekk eg ikkje stort positivt ut av det, slik eg naivt må ha trudd eg skulle. Mange av samtalane var berre fortsetjing av jobb; det var det som kom automatisk. Til slutt fekk eg meg litt viljestyrke og bestemte at det var OK å gå. 20.30.

Heime hadde Helene laga Palak paneer og var overraska over kor tidleg heime eg var for å vera ein fredag. Men det var ikkje tidleg for meg i dag, det var motsatt, i dag gjekk eg heim alt for seint.

Skriva meir i 2013 enn 2012

Eg hadde eit nyttårsforsett om å skriva meir på netsida mi det komande året enn det førre. Ingen spurde meg om noko forsett, so eg fekk ikkje høve til å segja det høgt. For å ikkje gløyma det, og leggja litt press på meg, skriv eg det like godt her.

Sjå, det var ikkje so vanskeleg, var det vel? Eg mistenkjer nedgangen er litt knytt til jobben min  Opera, der eg ikkje lengre kan skriva om absolutt alt som skjer eller eg gjer. Likevel er det ein god del ting rundt jobben eg kan skriva om, so det nok aller mest fordi eg har vorte so utruleg oppteken.

Eg sit på bussen no, og i staden for å spela Cut the Rope tenlkte eg at eg kunne oppdatera bloggen i staden. Der ser eg ein kollega koma på, so avsluttar her.