Månadsarki: juni 2016

Me har omtrent slutta med sjølvpubliserte lange tekstar

I gamle dagar var me færre på nett, men folk skreiv meir sjølv. Eller slik kjendest det iallfall ut. Eg og andre skreiv og la ut lengre tekstar i hytt og pine. Det var god trening og ein måte å halda tankane litt organiserte på. I dag har Twitter teke over mykje av ynsket om å seia noko for oss fleste, men med det har me mista dei litt lengre tankerekkjene.

Eg er so veldig lei meg for at eg slutta å skriva oppdateringar til netsida mi. Eg synast eg har mista frykteleg mykje på det. No var denne netsida aldri særleg god på tema eller nokon ting, det var i hovudsak ei dagbok om kva eg dreiv på med. Ingenting av det særleg interessant, men det gjorde at eg var van med å skriva lengre tekstar meint for publisering i kvardagen. Viss eg då for ein gong skuld hadde noko viktig å seia, so vart det oftare enn ikkje ein tekst av det.

Det er framleis ein del folk som skriv, og det er alt for mange ulike nyhendenetsider rundtom. Akkurat der er der Twitter for meg har gjort den største endringa. Eg les frykteleg mykje, titals artiklar kvar dag, men eg tenkjer og skriv lite sjølv. Det gjer meg lei, og truleg er det òg litt fordummande. Éin ting som iallfall er sikkert er at det får meg til å vera meir passiv – når det er so mykje bra innhald der ute vert det til at eg aldri gjer noko særleg sjølv. Det er sikkert nokon andre som har sagt det betre, eller tenkjer smartare.

Sidan eg har telefonen med meg heile tida, som burde vera ein bra måte å få skrive noko kor tid som helst har i praksis motsett effekt. Det er so knotete å skriva og redigera lengre tekst mobilt at det vert til at det ikkje skjer. Og sidan eg er ganske lei av, eller har mista inspirasjon av å bruka for mykje tid på å lesa artiklar i laupet av dagen har eg ikkje den same driven eg hadde hatt til å få noko ut av tankane når eg endeleg sit med ei datamaskin med større skjerm og tastatur.

So kva kan gjerast med det? Berre skriva meir tullete innhald på bloggane att. Til slutt kan det henda det kjem noko bra ut av det. I minsto trur eg iallfall det vil kunna få meg til å kjenna meg betre.