Me skriv 2021

Eg har holdt denne sida oppdatert no i 8 år utan at eg har brukt ho til noko. Jodå, eg skreiv ein tekst for omtrent 5 år sidan i 2016, Me har omtrent slutta med sjølvpubliserte lange tekstar, men det er jo òg frykteleg lengje sidan.

So då tenkjer du kanhenda det er på tide å berre leggja ned heile driten? Slutta å bruka ein dag kvart år på å fiksa opp sida so ho ikkje vert hacka? Kunne fort gjort det, men nja. No har eg brukt ein halv dag på å fiksa ho enno ein gong, so då bør det vel halda i eit par år til.

Forresten var 2020 eit ganske kjipt år, som for dei fleste. Utanom då eg, Timmi og Helene var i Oxford i august – då det omtrent ikkje var noko smitte i det heile teke.

Timmi er katten vår, som me fekk for tri år sidan då me budde i England for andre gong. Han var allereie rundt eitt år, men viste seg uinteressert i jenter – og sidan han var ein sokalt «stud» som skulle para seg so fungerte jo ikkje det so bra. So han måtte omplasserast til nokon som berre var interessert i å kosa med han. So det passa jo utmerka for oss ^_^.

Timmi ute i bakgården i Oslo

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.