Velmont – Odin Hørthe Omdal

Tvo påskedagar; frå itrande hat til noko anna

I dag er det ein slik utruleg irriterande helligdag. Det var det forsåvidt i går og heile denne vìka óg. Det er ikkje anna enn dørgande keisam.

Les meir…

6 innspel

Kjærleiken overraskar igjen på Det Norske Teatret

So såg eg og Helene dette stykket med den ganske so keisame tittelen, og ikkje so alt for yvertydande materiellet. Eg vart positivt yverraska.

Les meir…

5 innspel

;libris i Oslo

;libris1 Grensen er ein ny bokbutikk i Oslo. Eg ville skriva at dei hadde «snart opnar me»-skiltet sitt på nynorsk, men fekk aldri gjort det (som dei fleste idèane mine). Eg var litt usikker på um det var nynorsk i byrja (for alt utanum eitt ord (opning) var språknøytralt), men fann ut at det måtte vera det.

Les meir…

  1. Eg skriv framleis ex;libris eg, men hadde problem med å finna netsida deira slik. Hev vel endra namn. []
0 innspel :(

Lapskaus!!!

So. I går hadde eg lyst på noko godt til middag. Det hadde jo Helene òg og då vert det anten heimelaga Foccatia elder heimelaga pizza. So ho dreiv no på med det. Det måtte òg vera lett, og eg hugsa attende til då me var i Spania og pappa lagde grønnsakssuppe.

Les meir…

4 innspel

Tryggleiksforvirring på Fjord1-båtane

Dette er andre ferjeturen på vegen med Kystbussen frå Bergen til Stavanger. Eg la fort merke til at tryggleiksopplysingi var annleis her på denne båten enn den førre (og normale);

Les meir…

5 innspel

2/3 viktuge studentaviser på nynorsk

Me hev 3 viktuge studentaviser i Noreg1, Oslo med Universitas, Bergen med Studvest og Trondheim med Under dusken. Kvar onsdag fær eg epost frå alle tri, og eg hev ikkje lagt noko stort merke til det fyrr, men i dag såg eg at båe Universitas og Studvest sine epostar er på nynorsk.

Les meir…

  1. Orsak UiS, UiT og UiA, de hev verkeleg ingen høgprofilerte studentaviser… Dessutan trur eg ikkje dei hadde vore like kule som Studvest og Universitas som hev nynorskbrukande redaksjonsleiarar []
4 innspel

Det akademiske kvarter, Bergen

På fredag den 5. opna Kvarteret her i Bergen. Eg ville gå, men fann ingen å gå med – dessutan ville det truleg vera råfullt. So sidan eg ikkje eigentleg hadde lyst å sjå nokon av bandi som spelte so vart eg berre heima og la meg helder tidleg.

Les meir…

5 innspel

Lite hjelpeviljuge fangevoktarar

Eg stod tidleg upp i dag og var råsvolten. So eg stakk på Mega for å handla litt. Der las eg avisframsidene slik eg alltid gjer, og hang meg spesielt upp i noko Bergens Tidende hadde skrive:

Les meir…

4 innspel

Mobilabonnementet for meg

Eg hugsar ikkje lengre korleis det starta, men eg fekk det iallfall for meg at eg ikkje hadde det optimale mobiltelefonabonnementet. Det heile utarta seg til eit ikkje lite program for å sjekka mobilspesifikasjonen min upp mot allslags forskjellege abonnement…

Les meir…

eitt innspel

Søket etter personleg rekneskapsprogramvare: wxBanker

Det er på tide å finna ut kvar pengane forsvinn. Sist år sette eg upp eit rekneskap, men det gjekk ikkje lange tidi fyrr eg stogga uppdatera det. Eg skulder på at programmet var for dårleg, so i dag hev eg testa eit nytt eit: wxBanker.

Les meir…

eitt innspel