Category Archives: fleirfasisk søvn

Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

Etter ei stor «blemme» i dag, utsett eg prosjektet som lova. Eg klara aldri koma yver humpen til ekte fleirfasisk soving. Eg trudde det, men etter evaluering fann eg 48-timar syklusar, som ikkje er det same. Eg hev til fyremål å trena meg sjølv og starta prosjektet med betre fyresetnader enn i dag.

Continue reading
Posted in fleirfasisk søvn | Tagged , | 16 Comments

Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

Eg byrjar verkeleg koma inn i sovemynsteret trass yversovingi. Trur eg er ferdig med ho, sjølv um eg statistisk sett vil yversova ein gong no ganske snart. Eg er fullt klår yver det og skal unngå det i dag. Trass kor…zzz…vanskezzzzZzzzzz.

Continue reading
Posted in fleirfasisk søvn | Tagged , | 7 Comments

Fleirfasisk søvn, dag 6-7

Dag 6 starta veldig dårleg. Det var denne dagen eg yversov so fælt. Eg hadde vore på pub med mortehu og Håvard og vakna ikkje av klokka. Kjennast lengje sidan trass i at det var på laurdag (og no er måndag). Eg sov til neste morgon, so låg eg lengje i senga og lurte på kva som hadde skjedd. Dagen etter, derimot, var fantastisk. Eg traff søvn på alle plassane, og hadde masse energi heile døgnet.

Continue reading
Posted in fleirfasisk søvn | Tagged , | 4 Comments

Fleirfasisk søvn, dei fyrste dagane (0-5)

Eg er nett oppe frå ein fantastisk syklus. Eg vakna i sjokk yver ein sikker forsoving, eg kjende eg hadde vore vekk kjempelengje. Men det var ikkje lengre enn 20 minutt sidan eg la meg ned. Eg draumde kjempemasse, 8 timar verdt drauming på 20 minutt. Det var kjempeherleg. Men fyrr det vil eg altso prata um dei siste 5 «dagane» fyrr denne. I [ikkje alt for] korte trekk.

Continue reading
Posted in fleirfasisk søvn | Tagged , | 7 Comments

Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

Eg hev starta på eit eksperiment. Ute på byen attende i desember kom eg i snakk med ein hyggeleg kar um vika eg hadde hatt. Eg hadde omtrent ikkje sove og jobba slag-i-slag, som svar fortalde han meg um noko eg aldri fyrr hadde høyrd um: Uberman søvn (og kalla Polyphasic sleep eller Da Vinci sleep). Dette var nokon sjuke greier, eg vart straks oppslukt – dette måtte eg prøva når tidi var inne.

Continue reading
Posted in fleirfasisk søvn | Tagged , | 25 Comments