Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Category Archives: Russ
16 mai og ein hårklipp
Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)
Fyrste dag i kongeparken
No er klokka halv 4, eg er nett heime frå den fyrste dagen. Og eg kan ikkje sei anna enn at «Landstreff 2005» ikkje kan bli anna enn ein suksess! Wow, enormt kult. Sjølv om det regner så er det såå digg. Men kor digg hadde det vore om det ikkje regna? Nei, det veit me ikkje. Oppdatert 11. mai
Continue readingRoser e røe, dikt er sløsing av tid!
Pust pust pes. Eg e litt småirritert! Hadde planer om ta ein litt morsomme dobbelknude. Einaste probleme e at for å få godkjent ein dobbelknude trenge du et hovedstyremedlem eller to styremedlemmer. Det har seg då sånn at folk så e me i styre e altfor inkompetente te å møda opp på skolen og holda seg der. Denne beskjedne knuden gjekk då ud på å lesa opp et selvkomponert dikt og gi ei rosa te samme person som ska ver ein fremmed. Høres ud som ein geniale ide. Som regel e alltid blåprintå geniale. Som oftest blir det sølt kakao på blåprintå, derfor får du aldri udført det i praksis. Her e jafall dikte:
Erobringa av McDonalds-grunnflata
Sola skin, fuglane syng og eg er på veg ned til McDonalds. Dei få metrane blir fort lagt tilbake av bilen til vår kjære russepresident Gøran. Minutter seinere går eg tilbake til skulen med Jon, med ein litt syrlig smak i munnen.
Skolen alle elske
Som dokker sikkert alle vett, har nynorsken te Odin indoktrinert oss negativt og positivt. For ein liden avklaring fysst; her vil det bli beta-nynorsk. Stavangerdialekt me andre ord.
Russedrakta
I år er eg russ. Så eg har russedrakt. Eigentleg ville eg berre vise bilete. Men eg må skrive litt tekst i tillegg. Eg har “Tux”:http://www.isc.tamu.edu/~lewing/linux/ på det eine beinet, malte pingvinen sjølv :) Han er kjempesøt! Det er logoen til “Linux”:http://kernel.org som er OS(operativsystem)-et eg er så glad i. Tux er så søt at eg kan putte han på russedrakta utan å vere rar, sjølv om det ikkje hadde stoppa meg! :D
HappyMeal og tur gjennom Auglend
I dag fekk eg to knuter til. Den fyrste fekk eg for å spise ein HappyMeal på under 3 min medan eg leika med leiken. Den var grei nok, ikkje vanskeleg (noko ein ikkje kan seie om melkesjokoladen!) – men Tone klarte han ikkje. Hihi. Eg klaga litt på ho av di ho absolutt skulle «rettferdiggjere» besøket hennar til McDonalds. Men reint indirekte så er det jo ikkje vår feil, russ vil jo take knuter – og når dei av ein eller anna grunn blir satt til å stø båe McDonalds og Coca Cola så er ikkje det vår feil, diverre. Det er ganske surt det der. Same kva,—eg klarte knuta :]
Litt seinere såg eg på at Audun og Oddgeir drakk 1l melk på under 1 min og på at Gaute spiste 6 kinderegg og satt saman leikene på 10 min, dei var alle rett før fristen. Audun klåra ikkje ete HappyMeal på 3 min, medan Maksim prøvde å take sjokoladeknuta – men HAH, klåra det ikkje!
Etter ei stund ville meg, Audun, Pål, Oddgeir og Gaute take knuta der ein skal gå gjennom ein barneskule i storefri. Gaute meinte det var så enkelt. Etter litt vimsing var me med Auglend, og eg skal seie deg – dei ungane blei heilt hysteriske! Dei kasta seg foran beina og forlangte russekort, – min dagsbeholdning på rundt 50 kort blei raskt rivne vekk. Velvel, kven sa dèt var ei enkel knute? Men kjekk var ho, utruleg moro! :D
Å spy i skulegarden i spisefri
Etter 200g sjokolade på 5 min, 1 boks «Frisk» og nærast ein halv liter Bonaqua på nokre få sekund kom store deler av Bonaquaen ut att. Då eg hadde pressa store deler av det ekle «vatnet» ned i halsen kom det ut i ein fin fontene-liknande stråle. Eg traff blant anna Ellen Marie i klassa.
Continue reading