Velmont – Odin Hørthe Omdal

Blog Action Day, Børge er friganar (freegan)

Som del av Blog Action Day, hev kamerat Børge nett skrive at han er ein friganar (freegan), som vil seia han lever på andre sitt yverforbruk. Melder seg ut av forbrukarsamfunnet og brukar ting folk kastar. Ein reaksjon på presset miljøet er i no. Veldig bra, veldig kult. Eg klarar aldri å finna noko på Kiwi sjølv – men Børge er veldig flink til det. Eg stør prosjektet honoms fullt ut. Då eg var liten rota eg ofte i søpla til folk – fann dritmykje kult (og nyttig).

Les meir…

6 innspel

Wii-skriving

Dette hev eg skrive på den nye Wii-en min. Kaupt Zelda og spelar ein del av det. Kjempekos. Litt vanskeleg å skriva, men det gjeng raskare og raskare. Eigentleg kunne eg nok ha skrive ein lang tekst, for eg vert stadig raskare og raskare. Iallfall tøft å surfa på netet med TV-en.

Les meir…

3 innspel

Johan Galtung pratar på Sophus Lies auditorium i dag

I dag kl 14.00 pratar Johan Galtung på Sophus Lies auditorium um «USA – imperiets nedgang og fall, … og kva so?». Det er i regi av SmiO og nokre studentar på nordisk årsstudium. Eg laga plakat til dette, og skal sjølvsagt vera på det. Men me hang opp eit par-få plakatar i går – dimed trur eg ikkje det kjem so mange som sist. Då var det jo plass til 500, men likevel heilt fullt. Folk kom ikkje inn! Det er difor me skipar til noko nytt med denne kjende fredsforskaren. Eg gler meg!

Les meir…

9 innspel

Ny og fungerande arkiv-funksjon til netsida

Då hev eg endeleg teke meg saman og laga ein skikkeleg arkiv-funksjon til netsida. Um du lurar på kva eg hev skrive i gamle dagar kann du berre sjå i arkivet. Men det er jo ikkje eit fullt arkiv, eg hev jo ikkje lagt yver dei gamle-gamle innleggi mine frå Oxford. Eg tenkjer på um eg skal gjera det, – so kann henda eg fortel det er ferdig gjort her ein dag. :-)

Les meir…

7 innspel

Ikkje i skriveperiode no

Med få oppdateringar seier det seg sjølv. Eg skriv ikkje mykje til heimesida for tidi. Men eg oppdaterer heller Twitter-profilen min. Eg skal få Twitter-oppdateringane her på heimesida til neste heimesideversjon. :-)

Les meir…

5 innspel

Eg er (nesten) ein morgonfugl!

Det er sikkert ikkje spesielt for nokon av dykk; men i dag stod eg opp 10.00, tvo timar fyrr fyrste forelesing(!). Eg byrjar få ei meir normal døgnrytme (ikkje naudsynt betre, då ;-) ). Eg hev lyst å få opp skrivinga på sida mi att, eg vil kvitta meg med masse gamle innlegg som ligg og ventar i boki mi. Eg kjenner eg ikkje vil skriva av di eg hev ein kø på yver 10 innlegg i boki allereie (ugh :-s). Kann henda eg ser at nokon av dei er dårlege no, so langt frå eg skreiv dei – at eg berre kastar dei då. Hadde vore like greitt, mindre å skriva yver av gamle ting :p

Les meir…

0 innspel :(

Rebecca vert ikkje med på NMU-vinterleir

Eg hadde tenkt å skriva ei kort gladmelding um at Rebecca skulle visst vera med på vinterleiren til NMU lell. Det viste seg igjen å vera feil. Eg hev gleda meg stort og vore sterkt skuffa tvo gonger på rad no. Er ikkje so van med å gleda meg overmykje, men tvo gonger hev eg det. So eg vert åleine på vinterleiren lell då. Frykteleg keitt.

Les meir…

6 innspel

Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

Eg hev seti konsentrert å jobba dei siste 6 timane. So kom eg plutseleg på ein ting; hekkan, det er jo måndag i dag! Eg fekk ikkje mild panikk og gjekk ikkje rett og la meg. Eg syntest heller ikkje helga var kort. Heller ikkje synest eg det var vanskeleg med masse «ikkje» strødd rundt i setningane. Men so kjem poenget, ja, for det er eit poeng, og det er at, hekkan so mange komma, det er. Hum. Eg kom utav det.

Les meir…

8 innspel

Jadå, 0500 igjen! Hehe

No er klokka yver 0500 att. Hehe. Eg elskar å fortelja um dette på heimesida. Eg kunne kanskje like gjerne lagt ho ned til fordel for ein timeplan som viste kva tid eg la meg på dei siste dagane, i dag vert det 0530. Eg hev sitte og koda på Universitas og prata so smått med gode Nader, hev dårleg tidsfrist på Universitas-sida no. Det er masse herleg snjo utanfor, kram og god som lagar super ljod når du går på han!

Les meir…

9 innspel

Godt nyttår, 2007

Ja, eg får prøva meg på ein godt, klisjé bloggpost. Godt nyttår folkens! 2006 var eit godt år. Kanskje ikkje like fantastisk som 2004 og 2005, men eg hev von um at 2007 skal verta betre enn alt til no. Kann henda du kann vera med på å gjera nett 2007 til eit super år? :D

Les meir…

3 innspel