Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Category Archives: Bilete
Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8
Eg plar sjå på bileti til Mariell Øyre, som eg kjenner gjennom målungdomen, og lura litt på kva objektiv ho brukar for å taka dei. Bileti hev den herlege korte djupdeskapheiten som tyder open blendar og eit ljossterkt objektiv (pluss stor biletbrikke). Eg hev vel ofte tenkt at ho brukar den same 50mm f/1.8-objektivet som eg hev teke mine finaste bilete med i det siste. Likevel hev eg ofte sett at det ikkje liknar ein 50mm i det heile teke.
Read more on Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8…
Eg hev lyst på nytt objektiv
axelbs kom inn på PING med det nye objektivet si for nokon dagar sidan. Det var eit Nikkor 50mm f/1.8-objektiv, ganske likt (om ikkje heilt likt) som det eg skal kaupa ein gong (:p). Det er eigentleg tvo 50mm-objektiv eg ser på, f/1.8 og f/1.4. Men lat oss fyrst sjå på tvo bilete eg tok med kamera, det eine med det objektivet eg hev no (Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6), det andre med objektivet til bs (Nikon Nikkor 50mm f/1.8).
Espen er klar for krig igjen
Etter ein lang 10-dagars ferie frå krigsforbereding, må Espen tilbake. I denne tida har han latt u-krigslege ting skje; håret hev take overhand. Før han tek toget tilbake imorgon må det difor vekk. Hår er slemme greier i krig – generalane vil ikkje lata soldatane deira bli for lette bytte mot jentenes kjende torturmiddel. Nokon måtte jo gjera denne tunge jobben, og kven kunne vel ikkje gjera det meir perfekt enn meg, Odin!? :D
På Kviteseidtur med Rebecca
I helga var meg og Rebecca på tur i Kviteseid. Der var det kufestival og kjempemoro! Eg storkoste meg – kjempeherleg å vera på tur åleine med Rebecca. Eg vonar me kan gjera det oftare.
Alene, biletefangst
Eg har meldt meg på eit fotomaraton på “Storedyret”:http://www.storedyret.com/ og i den anledning skulle eg take eit bilete med tema «alene». Sidan eg var vond i hovudet tenkte eg at eg skulle take ein tur ut, mosvatne passa bra.
Gimping, Katrine
Litt kjapp gimping til Robert. Han skal ha eit bilete til ein postmodernistisk film han lagar («Monofunk», eg spelar faktisk i han) av hovudpersonen. Han viste meg bileta; dei var kjempeflotte. Så eg leika litt med dei.