Velmont – Odin Hørthe Omdal

Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Les meir…

3 innspel

Espen hev (nesten) fengje kjærast

So meg og Espen hadde lite å gjera på ein dag. Som normalt. Eller, eg hev no masse eg kann gjera, men eg vel å ikkje gjera noko. For eg er jo trass alt sjuk og ikkje minst sjukeleg lat. Er stress å vera lærar.

Les meir…

5 innspel

Nei! Låst ute av bilen!

Bakre sete i bilen brote oppTo nyklar til bilen, éin til bagasjerommet – det er alle nøklane som finst til Toyotaen. Alle desse tri låg og gassa seg i bagasjerommet på Toyotaen inntil ein halvtime sidan. Phew. Eg er svett og sit deilig og naken foran datamaskina etter ein fantastisk dusj. Det var ein slitsom operasjon å få nøklane ut igjen.

4 innspel

Månadens video: Telefonpimpin’

Telefonpimpin, bilete av EspenDette er ein særs gamal video (frå 2002?). Mange av dykk hev sett han allereie, men då i ein litt stiligare innpakking med musikk. Musikken er take vekk litt på grunn av at eg ikkje gadd å finna han fram igjen (+ ikkje hadde tid) og litt på grunn av rettighetsdrit. Eg lot teipen gå litt lengre på denne videoen, så det er «ekstramateriale» av kva me gjorde rett etter me hadde laga Telefonpimpin’. Det er ein grunn til at eg aldri hev vist det før…

8 innspel

Månadens video: Videodagbok frå Amandus

Amandustur, Espen viser til VGEg skall prøva starta noko nytt. Kvar månad rundt den femte skall eg leggja ut ein video. Fyrst ut er videodagboka frå Amandus. Meg, kamerat Espen og kjærasten min Rebecca drog til Amandusfestivalen i Lillehammer for å representera ein film. Eg laga ein 6 minutters lang versjon av turen; sjølv om eg hev 2 timar og 30 minutt med råstoff.

19 innspel

Produktiv filmdag på «Ukjent fortid»

No er eg nett kome heim frå andre skytedag på filmen «Ukjent fortid». “Førre gong me skaut”:http://www.velmont.net/2006/02/24/misslukka-filmdag-pa-sorlandet/, fekk me omtrent ikkje gjort ein ting. Det gjorde me heldigvis i dag! Dei fleste innescenene er take i dag på hytta til Idunn. Eg var ljosmeister (igjen? :P) og fekk ein meir kreativ jobb enn “sist gong”:http://www.velmont.net/2005/06/13/film-pia-mi/. Eg vonar opptaka blei gode!

0 innspel :(

Misslukka filmdag på sørlandet

Ei gruppe på skulen trengte skodespelarar. Dei ville gjera ein skikkeleg kortfilm. Dei spurde om eg kunne finna nokon, og seinare om eg kunne vera med å hjelpa til. Det ville eg sjølvsagt. Laurdag sist veke blei eg henta nedpå vegen kl. 11. Vèl nede på bensikken der bilane skulle møttast fekk me kontramelding; problemer med å finna Bjørn, guten i filmen.

2 innspel

Forberedt?, filmlaging på ein skuledag

Inne i TV-Vest-studioet, i eit innslagEin stress dag kor det er rett før eg sovner flatt. Har take siste scene av ein film, laga musikk, redigert og vist filmen til Helene i dag. Det blei ein veldig lang dag. Men akk så kjekk. Kjempekjekk dag! Imorgon blir denne filmen vist på TV-vest (på Triplet kl. 17:00, sjå det!) – Helene var i studio i dag for å presentera filmen. Resten av dagen gjekk med til redigering (planleggjing) av den andre filmen… Produktiv dag.

5 innspel

Oljeberget og Pingvinenes Marsj

Oljeberget, (c) SF NorgeEg kom nett frå kinoen, var på ein visning av Oljeberget med regissør Aslaug Holm i salen. Etter det var det diskusjon om filmen og rundt temaet den hadde. Dette var ein særs hjarteleg og herleg film om Jens Stoltenberg, to år fram til valseier 12. september 2005. I går såg meg og Rebecca vår andre fantastiske franske film på rad; Pingvinenes Marsj.

2 innspel

Superjobbing

Kva har eg gjort i helga? Jo, sitte inne. Ikkje heile tida? Jo. Heile tida. Heile? Vel, eg var ute i 10 minutt. Eg var nærast inne i 3 døgn. Var faktisk inne i over 2 døgn utan eit lite vindpust på nasen. Kva har eg gjort inne? Jobba.

3 innspel