Velmont – Odin Hørthe Omdal
Månadens video: Telefonpimpin’
Dette er ein særs gamal video (frå 2002?). Mange av dykk hev sett han allereie, men då i ein litt stiligare innpakking med musikk. Musikken er take vekk litt på grunn av at eg ikkje gadd å finna han fram igjen (+ ikkje hadde tid) og litt på grunn av rettighetsdrit. Eg lot teipen gå litt lengre på denne videoen, så det er «ekstramateriale» av kva me gjorde rett etter me hadde laga Telefonpimpin’. Det er ein grunn til at eg aldri hev vist det før…
Månadens video: Videodagbok frå Amandus
Eg skall prøva starta noko nytt. Kvar månad rundt den femte skall eg leggja ut ein video. Fyrst ut er videodagboka frå Amandus. Meg, kamerat Espen og kjærasten min Rebecca drog til Amandusfestivalen i Lillehammer for å representera ein film. Eg laga ein 6 minutters lang versjon av turen; sjølv om eg hev 2 timar og 30 minutt med råstoff.
Film, Pia mi
_Har du nokon gong hatt ein draum så hugnadsam du var sikker på han var røynleg? Har du nokon gong hatt ei røynd så fjåg du var sikker på ho var ein draum?_ Eg har vore så heldig å få vere med på å lage ein kortfilm med ei søt lita historie. No er endeleg filmen ferdig.







