Category Archives: Film

Ei tåre for ein vakker film, Crash

Vakkert! Kom nett heim frå kino. Fyrste gong eg har grine i ein kinosal på veldig lengje. “Crash”:http://www.imdb.com/title/tt0375679/ er namnet på filmen. Han var rett og slett framifrå. Ikkje sippete klisjéaktig, då hadde augo vore tårevåte; klissete klisjéar får eg vondt av.

Continue reading
Posted in Film, Meining | Tagged , | 15 Comments

Trøytt filming med eksterne skodespelarar

Sliiiten. Trøytt. Vondt i hovudet. Blæ-blæ, “spy eder og galle”. Slik. Eg er sjuk. Me har filma i dag. Eg sto opp kl 9, og har stressa («jobba») frå 14. No sit eg eigentleg og tyner den siste dråpa av adrenalin ut. Held på å stupe av søvn, men vil fyrst seie to ord om i dag.

Continue reading
Posted in Dagbok, Produksjon | Tagged , | 4 Comments

Sommarvorspiel og videoredigeringstull

Vanskeleg å finne ut kor ein skal vere. Kor? Om eg finn det blir det iallfall utruleg moro. Masse kjekke folk eg ikkje har sett på lengje. Vonar eg finn det. Elles har meg og Espen tulla til to scener av De Metakognitive. Best dei kjem i den ferdige filmen!

Continue reading
Posted in Dagbok, Produksjon | Tagged , | 1 Comment

De metakognitive, scene 01

Metakognitive Scene 1I dag har meg og Espen starta filminga av «De metakognitive». Eg har sitte oppe til kl. 3 og redigert, komprimert og lagt på musikk. Det er ikkje lange biten; og det er ingen handling. Kan godt hende byrja ikkje ser slik ut i den endelege filmen i det heile tatt! Likevel skal de få sjå kva me har gjort så langt; difor kan de laste ned videoklippet.

Continue reading
Posted in Produksjon | Tagged | 10 Comments

Ein Monofunken dag

Filmsettet pÃ¥ MonofunkenEtter hack langt til natt med Falke, skulle meg og Kitty Karina spele i Robert Vawter sin film «Monofunken». Bursdagsfesten til Tone førdagen blei diverre avlyst. Kitty Karina var hos fetter Buster så eg måtte hente ho for å dra heilt til Sandnes… Ville bli ein lang, trist dag med misting av diverse.

Continue reading
Posted in Produksjon, Spesiell dag | Tagged , , , | 7 Comments

Manus, de metakognitive

De Metakognitive, film av Espen og Odin_Musikkparodi på musikk_ Aldersmerking: 11år i Norge (NC-17 i USA, verre enn R). Grunnet banning. Jobbtittel: De metakognitive Budskap: Mist musikken, mist livet.

Continue reading
Posted in Espen, Produksjon | Tagged , | 24 Comments

Film, Pia mi

Pia mi, Pernille_Har du nokon gong hatt ein draum så hugnadsam du var sikker på han var røynleg? Har du nokon gong hatt ei røynd så fjåg du var sikker på ho var ein draum?_ Eg har vore så heldig å få vere med på å lage ein kortfilm med ei søt lita historie. No er endeleg filmen ferdig.

Continue reading
Posted in Ferdige | Tagged | 21 Comments

Smokeh

Odin, skodespelar i filmen Dagen i dagDress, tirsdag og onsdag gjekk eg nesten berre i dress. Neidå, det er ikkje ei radikal omvending av min politiske ståstad; eg er ikkje blitt høgre-ungdom. Dress er tøft då. Dress er “Resevoir dogs” og tørre kommentarar. Men det er berre tøft ei avgrensa periode; ikkje heile tida. Vil eg kanskje berre vere tøff i nokre dagar?

Continue reading
Posted in Film | Tagged , , | 3 Comments