Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Category Archives: Dagbok
Dataarbeid heime i joleferien
Mykje av det eg hev gjort her heime er å sitja på datamaskini. Ja, ganske likt det eg plar gjera i Oslo. Likevel hev eg gjort ein god del ting eg ikkje plar gjera normalt; so eg tenkte eg skulle seia tvo ord um det.
Heime i Stavanger
Eg gløymde mobiltelefonen min i bustaden på Kringsjå, eg stod tidleg upp og måtte skunda meg for å rekkja det grytidlege toget. Turen gjekk utruleg raskt, eg las litt avis, gjorde lite på datamaskini og vips so var eg i Kristiansand. Eg høyrde ei kjend stemma rett attmed meg då eg skulle ut å trekkja luft; det viste seg at det var ingen andre enn Helene Stenhaug som stod der rett ved.
Nokon tok kontakt med meg på t-banen!
Eg sat på t-banen på veg heim frå fødedagsselskapet til Sigbjørn og høyrde på P2 Verdt å vita. Framfor meg sat ei søt jenta som òg styrte med den digitale medieavspelaren sin. Ho sat og såg på jakkemerket mitt «Dude, where’s my språk?», smilte stort og spurde meg um noko. Eg tok ut øyrepluggane;
Posted in Dagbok
Tagged Kinokampanjen, Koseleg, Menneskekontakt, Normaltalemål, Ordskifte, Samtale, Stavanger, T-bane
2 Comments
T-banen
Det kom ein mann inn på t-banen fira seter framfor meg. Han heldt mobilen sin ut på strak arm og såg rett i skjermen. Med den høgre handa laga han allslags rørsler som eg fort kjende att som teiknspråk. Han gjekk inn på denne måten, fann ein plass og sette seg ned. Såg ikkje rundt seg – berre inn i skjermen. «A-ha», tenkte eg, «han pratar med ein annan via videotelefoni». Eg syntest det var litt rart likevel, og kamera såg ut til å peika mot meg, og ikkje mot han sjølv. Det er vel lite truleg at mobilen hadde tvo kamera. Ingen andre såg på mannen so hardt som eg gjorde. Eg ville forstå. Men eg forstod ikkje og fortsette å lesa. Allereie neste stopp reiser han seg att, no hev han lagt ned mobiltelefonen og pratar stadig med hendene. Ei dame gjeng ut saman med han når han dreg. Eg registrerer det, men er ikkje interessert nok til å tenkja meir yver det.
Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows
Då er eg ferdig med å lesa den siste Harry Potter-boki, Deathly Hallows. I går natt var meg, Rebecca, Tonje og ein haug andre i byen for å kaupa boki eitt minutt yver eitt då ho vart sluppe. Fredagen fyrr fekk eg ein utruleg hug til å lesa boki raskt. Ikkje la heile verdi få lest ho fyrr meg. Og no er eg altso ferdig, ikkje alt for lengje etter det var mogleg å få henne. Og du treng ikkje lesa med lukka augo, for eg vil ikkje spolera boki.
Read more on Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows…
Helg i Kviteseid
Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)
No hev eg ein hipp støttebandasje på kneet
I går var eg hjå lækjaren. For fyrste gong friviljug hev eg sagt til mange, men det gjeld nok berre for nokre definisjonar av friviljug. Fyrste gong på heilt eige initiativ er vel heller rett. I dag kaupte eg ein støttebandasje til kneet. For eit par vìkor sidan starta det venstre kneet mitt å fuska. Eg spurta til t-banen for å rekkja siste bane, og vips so var kneet ubrukeleg. Ein 3–4 gongar skaut det so gale at eg ikkje klarte stå. Eg klarte ikkje røra beinet. Måtte lena meg til veggar og halda i handtak som ein gamal mann.
Korleis gjekk det med dagens gjerelista?
Tidlegare i dag (eigentleg i går), skreiv eg ei gjerelista for dagen. I morgon (eigentleg i dag) hev eg nemleg eksamen og det var ein del eg burde få gjort. No kom eg på ein ting eg burde hatt på lista: kaup togbillett til Stavanger. Jaja, får gjera det etter eksamen. Sidan berre Simon kom med innspel på innlegget er det truleg berre han som leste det; so difor fær han eitt innlegg til der eg skriv kort um korleis det gjekk (ohh, heldige Simon – dette er altso NMU-Simon, ikkje Stavanger-Simon).
Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon
I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.
Dr. Ho på Ping steikefest
Då er eg nett kome frå Ping steikefest hjå Morten (mortehu). Det var sers koseleg, eg trente på DJ-ing og på å laga musikk. Eg trur eg stod og heldt på med Morten sitt utstyr i fleire timar – det var kjempekos! Eg fekk til og med eit DJ-namn av Håvard (gus); Dr. Ho. Kann henda litt internt, men eg kann forklåra litt;