Velmont – Odin Hørthe Omdal

Overrumpla av politiet

Eg skulle skriva um seiletreningi mi i dag, som var råkult, men so skjedde det noko endå kulare nett no. Eg vart stogga av politiet på joggeturen min ned til butikken, Hollywood-stil!

Les meir…

7 innspel

Eg gjekk etter tjuven: Tjuveri på Granit

Då eg kom inn i butikken såg eg ein mann som stod bak kassa, i 40–50—åri og med austeuropeisk utsjånad. Eg gjekk jo ut frå at han jobba der, men eg lurte fælt på kvifor han tok tvo never med setlar og putta i dei store lommene sine. Han svingde lett rundt kassaapparatet og gjekk roleg ut. Det var mange folk i butikken, men berre eg som såg han. Han gjekk ikkje ut hovuddøri, men gjekk inn til kafèen som i same rom og orsaka seg forbi eit par folk. Dette er slett ikkje rett, tenkte eg, det er nok ikkje eigaren som hentar pengar for å setja dei inn i banken.

Les meir…

8 innspel

Osloinnvandrarar og språkforståing

Eg forsto det var lengje sidan eg hadde ete då eg reiste meg opp. Lengje sidan eg drakk vatn òg. Eg svimla lett ut på golvet og fann ut eg måtte eta før eg drog på pub-runde. Greitt nok, eg kjende til ein kebab-plass rett før Grønland T-banestasjon. Stod og såg inn på prisane eit par minutt, 80 kr, det var ikkje særleg billig. Akk – tenkte eg, eg treng jo mat – dessutan treng eg ikkje kjøpa brus.

4 innspel

Aksjespekulanten Odin :-o

Graf, StatoilJa, no har eg nett handla aksjer! Ja, tenk. Odin kjøpte 10 stk. aksjer i Statoil. Ikkje det at eg ikkje har aksjar frå før, men det er fyrste gong eg har handla på børs. Det kom ikkje på meir enn den nette sum av 1770kr, så det er ikkje særleg mykje. Er ikkje redd for å tapa dei; men no vonar eg Statoil går bra!

14 innspel

Idag blei eg påkjøyrd

Inkjeanande syklar eg heim frå skulen oppover Cowley Road, då plutseleg ein gul konebil kjem og riv lykta si hardt inn i låret mitt! Eg ankommer fortauet med stor fart – kvinnfolket bare kjøyrer vidare…

Les meir…

0 innspel :(