Category Archives: Datarelatert

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Read more on Skal prøva å vekkja sida att…

Posted in Vevside | Tagged , , , , , , , | 4 Comments

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Read more on Hev innhaldet på sida mi endra seg?…

Posted in Vevside | Tagged , , , , , | 2 Comments

Ping lyt skaffa seg blogg

Me hadde ein, men ingen skreiv noko – so han vart lagt ned. No sit Erik og speler gitar via Linux-boksen til mortehu og inn i MIDI-keyboadet til Erik. Korleis inni svarte natta gjeng dette an, spyrr du som kann litt um musikk. Jodå; det er ganske enkelt, gitaren hev vorte ein MIDI-gitar(!!) og mortehu sin boks cat-er /dev/midi1 (gitar) inn til /dev/midi2 (keyboard) medan han teikner opp kva strengane speler i fargerike strekar på skjermen.

Read more on Ping lyt skaffa seg blogg…

Posted in Datarelatert, Ping | Tagged , , , , | 1 Comment

Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Read more on Attende til den «kreative» nattskrivingi?…

Posted in Erfaringar, Vevside | Tagged , , , , | 4 Comments

Vevsidereformen 2007

Eg vil veldig gjerne tenkja nettsida mi på ny, laga ho annleis enn ho er i dag. Difor hev eg ikkje skrive noko i det siste. Eg hev utsett alt med tanken «eg ventar til eg gjer alle desse endringane eg hev lyst til å gjera». So ein gong eg tek meg tid til å gjera det, so fær de sjå ei ny sida.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 6 Comments

Tenk lokalt, handla globalt

Ei jenta fekk ein vassbøffel til jol. Ho kom ikkje til å taka i mot han sjølv, men ein fattig familie i Asia ville få han. Men i den lille teksten til Heifer International stod det at det ikkje ville kaupa ein ekte bøffel, men pengane ville gå i eit vanleg godgjerande føretak. Kjipaste jolegåva, spør Greenspun i bloggen sin. Han fær svar frå Bob som bur i Kina, og frå der finn dei ut at dei skal gjeva ein bøffel på ekte.

Continue reading
Posted in Datarelatert | Tagged | 6 Comments

Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

Ein bloggar sende ein e-post til m.a. AT&T, VISA og Bank of Amerika um det (m.a.) rasistiske innhaldet i radioprogrammet der dei reklamerte i. Då VISA trakk seg ut svara “Disney-konsernet med å senda eit trugsmål”:http://www.dailykos.com/story/2007/1/3/202110/2838 til bloggaren. Ljodklippi han bruka (under «fair use») som prov, vart kalla brudd på åndsverksloven (copyright). Nettsida til bloggaren vart teki ned av nettilbodaren honom, ei «effektiv» måte å stansa ytringsfridom. Dette er endå ein maktdemonstrasjon frå eit stort fælt selskap. Å senda privatfolk i personleg ruin for å skremma andre hev vorte ei vanleg praksis for skruppellause amerikanske drittkonsern.

Continue reading
Posted in Datarelatert, Meining | Tagged , | 15 Comments

Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.

Read more on Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!…

Posted in Personleg, Vevside | Tagged | 31 Comments

Pappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva

Eg oppfordrar alle til å skriva under på “oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforening”:http://www.opprop.no/opprop.php?id=støyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 17 Comments

Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!

Continue reading
Posted in Datarelatert, Meining | Tagged , | 9 Comments