Category Archives: Vevside

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Read more on Hev innhaldet på sida mi endra seg?…

Posted in Vevside | Tagged , , , , , | 2 Comments

Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Read more on Attende til den «kreative» nattskrivingi?…

Posted in Erfaringar, Vevside | Tagged , , , , | 4 Comments

Vevsidereformen 2007

Eg vil veldig gjerne tenkja nettsida mi på ny, laga ho annleis enn ho er i dag. Difor hev eg ikkje skrive noko i det siste. Eg hev utsett alt med tanken «eg ventar til eg gjer alle desse endringane eg hev lyst til å gjera». So ein gong eg tek meg tid til å gjera det, so fær de sjå ei ny sida.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 6 Comments

Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.

Read more on Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!…

Posted in Personleg, Vevside | Tagged | 31 Comments

Pappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva

Eg oppfordrar alle til å skriva under på “oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforening”:http://www.opprop.no/opprop.php?id=støyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 17 Comments

Heimesida mi har vore nede ei stund

Heimesida har vore nede i fire dagar no. Det skjedde då eg skulle oppgradera “WordPress”:http://wordpress.org, systemet som driv bloggen min. ServeTheWorld, dei som eg leiger vevhotellet og dns av klåra taka frå meg rettigheitane til å endra innhaldet på velmont.net. No er det fiksa igjen, heldigvis.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged , | 6 Comments

Lengje sidan

Slike titlar og slike innlegg er faretruande. Nokre blogger inneheld nærast berre slike innlegg, dei er utan særleg substans og særs sjølvopptake. Men, ah, eg drit i det. Tida er inne for at eg òg kan ha ei side der eg kan skrive drit ingen vil lesa.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 3 Comments

Intervju om bloggen min

Hetland VGS Eg fekk nett ein epost frå Karen på “Hetland VGS”:http://www.hetland.vgs.no, dei har eit avisprosjekt der ho skal ha eit intervju om blogging. Eller noko. Same kva, ho spurde om eg ville svare på eit par spørsmål – så her er svara.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 4 Comments

Hack-a-(whole)-day

PHP-hackingNesten iallfall. Eg har hacka store delar av dagen iallfall. Hacka på denne heimesida. Snurrer i hovudet, eg er svimmel. Likar ikkje sitje inne så lenge foran datamaskina. Men er trass alt desse dagane eg får endra på datasystemet.

Continue reading
Posted in Vevside | Tagged | 2 Comments

Post Levels

I searched for a plugin for WordPress that would allow me to restrict the posts from being readable by certain people. I wanted a system which would scale from «Allowable for registered users» to «Allowable only to my closest of close friends». So I found Post Levels made by Filipe Fortes and it did almost what I wanted. But it didn’t allow me to show private posts to users without posting capabillities at my site (and since this is a private blog, I don’t really want 20 people to be able to make contributions. No offence buddies :) ).

Read more on Post Levels…

Posted in Vevside | Tagged | 6 Comments