Category Archives: Norsk målungdom

Dagverd er sluppe! :D

Du må sjå avisi i papirformat, taka ho med ut på do eller ha ho i dei seine nattetimar.

Eg kann senda ho i posten til ymse folk, eller levera dersom du bur i Bergen.

Read more on Dagverd er sluppe! :D…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , | Leave a comment

Tri treige dagar, syltetybraudskiva

Eg hev arbeidd og arbeidd og arbeidd i det siste. Inne-inne-inne. Sett få folk og vorte meir og meir prega av det. Eg klarar meg ikkje stort greit åleina. Men! No kjøpte eg meg ei bringebærsyltety-sprutflaska og fekk teikna litt mynster på braudskivene mine. Det gjorde ting litt betre iallfall.

Read more on Tri treige dagar, syltetybraudskiva…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , , , | Leave a comment

Dagbladet og VG på nynorsk (korleis?)

I dag lanserte me endeleg dei tvo sidone nynorskvg.no og nynorskdb.no som me hev jobba med i nesten eit år no. Det er del av Norsk Målungdom sin haustkampanje, «Opphev nynorskforbodet i Dagbladet og VG».

Read more on Dagbladet og VG på nynorsk (korleis?)…

Posted in Datarelatert, Norsk målungdom, Personleg | Tagged , , , , | 6 Comments

Nye nynorsk.no

1. mai slutta nynorsk.no å fungera, so eg byta han ut med ein nytt system som eg hev brukt Ella CMS (skrive i Django) til å driva. Eg hev skrive ein eigen Ella-modul for å gjera referansane til andre nyhende, som er det meste nynorsk.no er.

Read more on Nye nynorsk.no…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , | 7 Comments

Uproff masseepost til NMU-medlemene mine

Sit her og et pestopasta med tørka tomat og stirrer inn i Foss, den bærbare maskini eg snart må levera att til Randaberg VGS. I dag hev eg skrive epost til mange menneskje, og han vart ikkje so alvorleg som han kannhenda burde. Sender du epost til mange må det nemleg vera gjennomtenkt og alvorleg. Synd eg er so inn i hampen dårleg på nett dèt.

Read more on Uproff masseepost til NMU-medlemene mine…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , , , | 14 Comments

Til Sogn og Fjordane!

Då dreg eg veldig snart til Sogn og Fjordane for å starta lag i Årdal, og for å vitja Firda MU. Bussen gjeng um ein time, og eg må pakka og koma meg av stad. Heldigvis treng eg ikkje mykje;

Read more on Til Sogn og Fjordane!…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , | 2 Comments

Nynorsken, høgre, sidemål og engelsken

Det skjer mykje interessant rundt nynorsken i desse dagar. Veldig mykje tull frå mange stader, i tillegg til at eg kjenner NMU stadig veks som organisasjon og vert viktigare. Me fekk nett høyra at resultata frå sidemålsforsøket vart lagt fram med ein knusande siger for ein sidemålsfri skulekvardag. Og rundt oss hoppar Sylfest Lomheim og preikar um dauden til norsk språk i kamp mot engelsk. Saman med han finn me eit englekor som forkynner målfred og ynskjer at me nynorskingar berre skal leggja oss ned og la bokmålet valdtaka oss. Bakfrå.

Read more on Nynorsken, høgre, sidemål og engelsken…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , , , , , , , | 2 Comments

Lag i Årdal!

Yey! Eg kjenner det vert mykje NMU-relatert her no for tidi, men det tek all tidi mi no for tidi. Og, ja, førre setning hadde tvo for mange «tidi» i seg. Men eg syntest det var litt moro. Dessutan er det tøft med so mange i-ar. Same kva, det ser no ut til at det vert lokallag for NMU i Årdal! Det er jo megasupert. Eg kjem til å draga vestyver til Sogn og Fjordane mellom 25. til 30. november og vera med på mi fyrste lagskiping. Og eg gler meg noko heilt enormt! :D

Read more on Lag i Årdal!…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , , | 6 Comments

Ideologiseminaret til NMU ferdig

Jadå, eg veit at det er lengje sidan (førre helg), og jadå, eg veit at eg aldri vert ferdig med desse innleggi, men likevel prøver eg. Kvar haust hev me ein slags «fagleg» tilskiping i NMU. I år skulle det ikkje vera «Målstrid» som det plar vera, men eit «ideologiseminar» for våre eigne medlem. Det fungerte knallbra, og eg kann trygt seia at dette er den beste hausttilskipingi eg hev vore på! :D

Read more on Ideologiseminaret til NMU ferdig…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , | 4 Comments

Kristiansund VGS, Sunndal VGS og Tingvoll VGS

Eg lovte eg skulle skriva um resten av turen, men det vart ikkje mykje tid fyrr no. Det er ein time til eg må tenkja på nattbussen til Oslo – so eg er i ferd med å dra. Eg hev budd godt på garden honom Nils Ulvund dei siste tri dagane. Ei ekte perla i Nordmøre. Sjølvsagt hev eg òg bruka dagane på å reisa på målferd til skulane rundt meg.

Read more on Kristiansund VGS, Sunndal VGS og Tingvoll VGS…

Posted in Norsk målungdom | Tagged , , , , , , | 2 Comments