Velmont – Odin Hørthe Omdal

Nedrakking av svake gruppor er slemt: Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit

Eg var nett i Trondheim og viste fram ein informasjonsvideo eg hev redigert (for STEP – Ungdom møter ungdom) for lærarar og elevar som var på seminar for prosjektet. Etterpå var det «verta kjend»-aktivitetar der ein av lærarane nytta «kor tid eg hev det bra»-posten til å vitra um kor mykje ho hata nynorsk. Dette var altso etter eg hadde vist filmen på nynorsk og eksponert meg som einaste nynorskbrukar.

Les meir…

48 innspel

Supert nynorskkurs

Wohoo! Det var enormt bra. For litt sidan skipa me i Målsiddisane til eit nynorskkurs; me hadde plass til ca 40 stk trur eg. Hang opp plakatar (som me ikkje fekk stor respons på, beste er visst berre å taka kontakt med folk direkte). Det var Ingar Arnøy som hadde kurset – han ville ha fire timar. Eg synest det høyrdest litt mykje ut, men wow – som dei flaug! På kurset møtte eg Thomas frå Forus M&K som visste urovekkjande mykje om meg…

5 innspel

Årsmøte i Målsiddisane

Eg drog litt ekstra tidlig frå ein elles stressande dag på jobben; måtte møta NMU-sivilarbeider Jens på togstasjonen. Han skulle vera med på årsmøtet i vårt lille koselege nynorske lokallag. Styret blei vald ut og me fann eit par hovudtrekk for kva me skulle prøva å gjera dette året. Etter dèt åt me på Peppes Pizza.

0 innspel :(

Wohoo, pappa skriv nynorsk i brev

Nynorsk filmsøknad. Pappa har skrive eit brev til Stortinget ved Målfrid Meltveit Kleppa. Han søkjer om pengar til eit informasjonsprosjekt kalla «Den flerkulturelle skole». Fyrste utgåva var superbyråkratisk kommunenynorsk, så han var regelrett rauda ned av pennen min. No er ikkje eg kjempeflink til å skriva, men det flyter mykje betre no!

Les meir…

0 innspel :(

Sentralstyreinvitasjon frå NMU

Telefon frå valnemda i NMU, dei lurte på om eg ville stilla som sentralstyremedlem. Særs moro. No veit eg ikkje om valnemda ville tilrådd meg til stillinga om eg hadde sagt ja, men eg trur ikkje dei ringjer rundt til 4 folk for å berre taka ut ein. Det høyrdest ut som om det hadde vore relativt glatt om eg ville.

Les meir…

eitt innspel

Vanskeleg å melda seg ut av Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund har vore til lite bry og jobba godt for sakar eg har vore dels einig i. No vil melda meg ut, men då er dei plutseleg utruleg vanskelege. Er ikkje dette organisasjonen som kritiserer statskyrkja for den same praksisen?

3 innspel

Norskfagskonferansen på Lambertseter

NMU, panelordskifteDenne guten har ikkje ete noko særleg. Ikkje sove heller, for den saks skuld. No er det heim frå Norskfagskonferanse, det blei 5,5 timar søvn fordelt på 3 dagar. To netter altså, ei normal natt skal ein ha 8. Var moro på konferanse, men godt å kome heim. Normalt vil eg bli igjen…

3 innspel

Av stad til landet til bokmålet

NMU, mÃ¥lsiddis-aksjon. Meir nynorsk!Då er det ikkje stort lengje til eg skal taka toget til Oslo. Eg sit og knaskar økologiske knekkebrød med ost og masse smør, medan klokka tikkar berre litt for fort. Det er Norskfagskonferansa eg skal vitje denne helga.

2 innspel

Måltur åt Homborsund fyr

Denne flotte helga eg heilt hadde gløymd kom. Superkule folk frå målungdommen (Oslo og Stavanger) på ei lita øy med eit fyr. Det er tri veker sidan no, men likevel låg denne historia her som kladd. Gjorde han like godt raskt ferdig for å få det vekk frå kladdane. Koseturen var kjempekos.

5 innspel