Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Category Archives: Skule
Inf2220; må nok jobba litt meir fyrr eksamen
Eksamen i dag gjekk ikkje serleg bra. Det er den fyrste eksamenen eg ikkje er trygg på at eg står. Det var inf2220; algoritmar og datastrukturar. Eg fekk lese endå mindre enn normalt, ikkje ein dag lesing fyrr eksamen slik eg plar, men ingen ting. Eg var på sentralstyre-samlingi, so det var ikkje mogleg.
Eksamensperioden starta att
I dag var den store eksamensdagen. Ikkje berre ein eksamensdag, men den store. Eller, spesielle. I dag var eksamen i inf1400. Eg hadde ikkje lese ei einaste line tekst i dette faget (utanom det som vert pressa i deg) og var pisseredd for eksamen. Kjende ikkje som um eg hadde kontroll på nokon ting.
Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min?
I går var ein litt teit dag, eg fekk ikkje den herlege «eksamen ferdig, eg er heilt ferdig for semesteret»-kjensla. Eg mista nemleg sekken, med jakka mi og altslag i. Han ligg nok trygt på Universitetet – men det hjalp ikkje meg då eg måtte gå ute midt på natta i tynn t-skjorta og shorts. Det var sers kaldt. Eg fraus òg inne. Og eg hadde jysla vondt i magen heile dagen. Eg trur eg hev gløymd å eta nok i det siste. Var verkeleg skrubbsvolten, det kjendest ut som um eg hadde eit skrubbsår i magen. Vondt.
Read more on Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min?…
Mennesker i Norge etter tsunamien i Sørøstasia
For litt mindre enn eit år sidan skreiv eg ein tekst på bokmål om menneskje i Noreg etter tsunamien. Tenkte det er litt relevant mtp. at det snart er eit år sidan det skjedde. Eg merker no at eg er mykje meir distansert frå det. Er vel «gamle nyhende» eller noko slikt. Hum. At det må vera slik.
Continue readingRandaberg er godkjend som siviltenesteplass
Å, for ein strålande moooorgon. Å, for ein strålande daaag! Wohoo, Randaberg er blitt godkjend som siviltenesteplass! Akkurat der eg vil. Eg må få meg på ein internettcafé for å sende dei ein epost der eg spør dei om å halde av plassen åt meg.
Continue readingVitnemål i boks
Javel, då har eg vore å hente vitnemålet mitt frå Hetland. Det ser greitt ut, men har ein liten feil (trur eg). Elles er det synd å sjå kor mykje mattematikken øydela for snittet. Det som eg trudde ville vere lett match (kvifor gjer dei 1MX ultralett og 2- og 3MX dritvanskeleg!?)
Ferdig med skulen…
Då var me ferdige. Har ei lita pølsesamling i skulegarden som alltid, men det er jo ikkje genuin skule. Dermed gjer eg ingenting feil i å sjå tilbake på 12 år med skule. Det har vore 11 utruleg kjekke år – eg har alltid vore medviten dei gode sidene til skulen. Men nå er det altså slutt…
Norskeksamen FERDIG!
Ahh! Der var det gjort… Eg fekk om dialektar – noko eg ikkje hadde øvd på. Ææææ! Elles gjekk føredraget mitt om postmodernismen greitt; sjølv om eg fekk kritikk for at eg hadde take ei for stor samfunn og sosiologisk forankra forklaring. Oppdatert: Men eg fekk faktisk…. Karakter seks på det!
Continue reading
