Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Category Archives: Skule
Postmodernisme framsyning
Javel. Eg må få skrive ned tankane mine rundt emnet, slik at eg kan få strukturert det for å vere klar til munnleg norskeksamen. Dette innlegget vil vere til å gjere nett dèt. Me får sjå kor uinteressant det kan bli. :p
Continue readingNorsk munnleg; postmodernisme
Javel, då fekk eg vite kva eg kom opp i. Eg skal ha om perioda 1945-2005 og skal ha ei 15 min framsyning om postmodernisme. Etter det skal eg kunne prate om språkhistoria i denne perioda i rundt endå eit kvarter. Postmodernismen er ei heller vanskeleg periode, av di det er den me er i no – og difor er det vanskeleg å sjå korleis han er/blir. Han er ikkje fast definert nemlig.
Continue readingSlakk eksamentrening
Eg vakna så fint i dag. Det hadde ein grunn. Sjølv om eg gjerne skulle ha stått tidleg opp berre for å stå tidleg opp, så gjer eg normalt sett ikkje det. Men i dag hadde eg ein plan. Eg skulle på munnleg matteeksamentrening. Men det er ikkje alltid ting går slik ein trur, iallfall ikkje rett før sommarferien.
Continue readingKarakterarane byrjar å demre
Etter ei eksamensforbereding til media4 med Kåre kunne ein få vite kva karakter ein ville få i faget. I byrja var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle spørje; eg ville jo sjå han om nokre veker likevel. For å seie det slik, eg var glad for at eg spurde.
Elevrådsrapport
Eg har vore sekretær for elevrådet dette året – i det høve måtte eg skrive ein rapport som sa litt om kva eg har gjort dette året. Tenkte det kunne vere interessant å ha på heimesida :p
Continue readingBannskap
Sylfest Lomheim frå språkrådet har skrive ein artikkel om bannskap, der han legg spesiell vekt på forholdet mellom geografiske sonar og bannord. Bannord er den delen av språket som er offisielt fordømt, men som likevel har eksistert så lenge me har påvist språk. Han peiker på utviklinga bannorda har hatt og avsluttar med å fortelje at bannskap er eit fagområde innan lingvistikken under språksosiologien.
Lause låsar på parkeringsplassen
Så står eg der då. På sykkelparkeringa til Hetland. Eg tenkjer på “lås-hackane”:http://www.tian.cc/2004/09/unlock-kryptonite.html eg nett såg på “hackaday”:http://www.hackaday.com, ein blogg eg les kvar dag. Nokre minutt seinere står eg med ein sykkellås i handa, men det er ikkje med same måte som eg las på internett.
Den geniale skulen
Eg skal ikkje leggje sjul på det; eg er faktisk veldig glad i “Hetland”:http://hetland.vgs.no som skule. Nokre har fått høyre skrytet, men kva er det eigentleg eg likar med Hetland? Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men i dag kom eg heim frå ein norsktentamen på data. Eit av kjernepunkta ligg iallfall rundt det.
Til kamp mot fotballspråket
Norske fotballjournalistar er ikkje som andre journalistar meiner Per Egil Hegge i sitt innlegg “Til kamp mot fotballspråket”. Han forklarar det godt i ingressen; “sjølv då Spania leda 1-0 i førgårs og fortsette å rundspele eit norsk landslag, snakka fotballreporterane båe på NRK radio og TV 2 om at det framleis var mogligheiter for å kome til Portugal”.
Typisk Norsk
Eg skreiv ein tekst om Nordmenns forhold til alkohol i utlandet for å levere i Sammfunnslæren og eg synes eg burde legge han ut på heimesia mi.
Posted in Frå den gamle sida mi, Stil
Tagged Alkohol, Bokmål, Kåseri, Norsk, Skule, Stil
Leave a comment