Merkelapp-arkiv: Allergi

Trøytt og sliten og det er staten sin feil

Gode kamerat Klaus skreiv nett eit godt innlegg um at staten fjernar Aerius for oss pollenallergikarar. Dette halvåret hev eg merka stort kor trøytt eg vert av den nye, billegare medisinen eg fær (Loratadin). På turen min i Europa vart det til slutt slik at eg ikkje tok pollentabellett nokre dagar for å vera meir vaken. Jadå, litt kløing i augo må eg tåla for å vera litt meir upplagt.

Altso, dei tek ikkje vekk Aerius, men me fær han ikkje på blå resept, so kannhenda eg må attende til å betala mykje for medisinen min.

Likevel so byrjar det verta ganske so ilt og gale etter eitt døgn, so då må eg ha ein pollentabellett att – som gjer meg døsig att. Problemet er sjølvsagt at eg hadde nokre tabellettar fyrr som ikkje hadde dette problemet; Aerius. Alle pollenallergikarar skrik etter Aerius, men nei, staten skal spara småpengar for å gjera 900 000 menneskje i Noreg trøytte og vonde heile sumaren. For ein fantastisk god idé! Lat oss dopa ned heile folket; det sparar nok staten pengar på. Ikkje.

Eg prata med mamma og pappa um dette på den nyopna kaféen 30 meter herifrå (opna i dag!), dei ville at eg skulle taka det upp med legen og so få Aerius att. Men, nei; no las eg på bloggen til Klaus kor ekstremt vandskeleg dei gjer seg. Mongofolk. Dessutan hev eg prøvd Zyrtec fyrr, og ingenting fungerer dårlegare og gjer meg meir trøytt enn den jævelskapen der. Zyrtec syg.

Pollenallergi

I dag fekk eg ein telefon frå legen medan eg sat på MacDonalds. For nokre veker sidan var eg der for å få resept på pollentabelletter. Dei var steikje dyre! Eg betala i alt 640 kr for allergien min den dagen. I tillegg til at dei tappa meg for blod. :(

Blomar, masse pollen :((

Eg fekk vite at eg no får blå resept. Eg er såpass sjuk. Fyrste gong eg kom til legen rundt 7. klasse tok dei blod og testa meg. Eg fekk aldri vite kva eg var allergisk mot; men ja, eg var visst allergisk. No har eg funne ut at eg var allergisk mot timotei level 1. Det skal visstnok vere lavt, men eg hadde jo kjempeproblemer på den tida! Kanskje av di eg ikkje brukte medisiner…

I det siste har eg kjend at eg er blitt mindre allergisk, men eg har òg take nokre nye tabelletar; Aerius. Eg trur faktisk det er dei som gjer at eg er så velfungerande normalt kvar dag. I dag har eg gløymd take dei, eg kjenner det. Men trur mykje av stoffane likevel heng igjen i meg. Om eg går utan tabellettar i ei uke vil eg sikkert merke stor forskjell. Må ned å take ein tabellet.

Jeg har pollenallergi.. Heheheh, det ga mye mening.. Men jeg hater det, jeg fikk det plutselig når jeg var 12. Nå er jeg blitt et pillevrak… Stenger meg inne på et rom og vil ikke røre meg før jeg har fått pillene.. Folk som ikke har pollen allergi aner ikke hvordan det er.. Det er spesielt forferdelig om natta.. Lå oppe til 4 i gå, å stod opp 7, 3 timers søvn. Men det er jo ikke så galt… Men å bli pint i 4 timer er forferdelig, hadde brukt all medisinen opp… Kommer ALDRI til å glemme det…

Teksten er henta frå ei gamal heimeside som eg laga då eg var 13.

Som sagt hadde eg ikkje så veldig sterk allergi før reint blodmessig, men han var mykje verre for meg. No med Aerius og fast inntak kjenner eg såvidt problema. Men likevel er det blitt mykje verre har eg fått høyre frå legen; eg er no allergisk mot timotei (gras osb), burot og bjørk. Eg er mykje meir allergisk mot det òg. Sesongane for dei pollengruppane er forskjellig—det tyder at eg er allergisk store delar av året.

Kjenner ikkje til det store problemet med pollenallergi lengre, er van med det. Men, off, når eg tenkjer meg om; det er noko makkverk! Er ikkje moro iallfall. Dumme pollenallergi. Iallfall moro å bli endå meir allergisk, best å ikkje vere allergisk—om ikkje får ein heller vere skikkeleg allergisk! >:D