Merkelapp-arkiv: Android

Eg hev fengje meg ny mobiltelefon (Google-mobilen, Android)

Då hev eg endeleg gått frå å hengja attende i fortidi til å gå inn i framtidi.

HTC Dream (G1), Google Android, mobilen min

Eg hev brukt han eit par dagar allereide no, og eg må segja at dette er eit heilt anna beist enn den gamle mobilen min. Bruksmønstrene liknar ikkje kvarandre i det heile teke. Eg hev ikkje sendt fleire meldingar, eg hev ikkje ringd meir helder — men eg hev hatt han uppe utruleg mykje lell.

Mykje av det eg hev ynskja meg ein open mobil eg kann skriva eigne programmar på er allereide gjort av andre.

Eg hev ei hendig Todo-lista no (Astrid). T.d. skriv eg inn handlelista der, kvar ting skriv eg upp med ein tagg «handla». Eg hadde mellom anna dette for litt sidan:

  • Vaskehanskar
  • Vaskebørste
  • Avokado
  • Mais

I eit anna program (Locale) hev eg laga eit par geografiske sonar rundt butikkar eg ofte går forbi. Eg hev sett upp ein kondisjon: når nær desse butikkane, og ei hendig: hent ut uppgåver tagga «handla» frå Astrid.

Når eg då gjeng (vel, syklar, det er eit anna nyhende! ;-) ) forbi butikken oppfattar mobilen at eg er i «sona» og byrjar vibrera og viser at eg hev 4 ting å gjera i dette området (altso handlelista). Genialt!

Eit anna døme. Eg var heime i gamle bustaden (endå eit nyhende!) og fekk purring frå Chess (huh, eg hev AvtaleGiro?), eg skreiv upp eit gjeremål og tagga det «data». I Locale hev eg satt kondisjon: når plugga til PC på data-taggen. Då eg gjorde dette seinare nede på kontoret neste dag (eg sat aldri på pcen etter eg kom heim att) minna han meg på å betala chess-rekningi. Det hadde eg gløymd, men hugsa det sjølvsagt av di mobilen sa frå. Heilt genialt bra! Det finst ikkje grensor for kva kule ting eg kann gjera no.

Dessutan hev eg eit spesialpassord viss eg hev mista mobilen. Sender eg det til nummeret mitt med SMS (frå din mobil t.d) so set mobilen seg i HØGASTE modus og sender attende ein SMS med GPS-koordinatane til kor han finn seg. Kor kult er ikkje det? Og ekstremt nyttig!

Ja, det heile er eigentleg ganske kult. No må eg berre koma «inn att» i Java (eit programmeringsspråk, nei det hev ingen ting med Javascript å gjera) for å skriva eigne programmar for herlegskapen.

Ei litt morosam historie. Etter tvo dagar logga eg inn på Chess for å sjå kor mykje pengar eg hadde brukt. Eg hadde for det meste brukt trådlaust internett der eg var, men når eg var ute brukte eg 3G. Rekningi for dei tvo dagane var då på 800kr. Eg fekk sjølvsagt hetta, men etter litt fann eg ut at Chess aldri fakturerer deg for meir enn 20kr/dagen. Phew. No hev eg fri databruk då, slik at eg slepp tenka på det meir.

Mobilen kaupte eg på eBay frå Kanada, kosta meg under 3000 kr ink. MVA, toll og frakt. Ganske bra!

Einaste problem må nok vera batterikapasitet. Hadde eg brukt han som ein vanleg mobil (og ikkje meir) so hadde han heldt godt og lengje, men når eg brukar han heile dagen fleire gongar i timen og til straumkrevjande ting so gjeng batteriet fort. Er ikkje anna å venta.

Ein annan negativ ting er at eg fær epost med ein gong han vert sendt. Båe til jobb-eposten min (odin hjå neitileu.no) og den private. På den måten er det ikkje like moro å gå og sjekka datamaskini lengre, av di eg veit eg ikkje hev fengje ny epost… :-/

Men alt i alt, sers nøgd, altso. :-)