Merkelapp-arkiv: Apar

Sør-Afrika dag 3: Cape of Good Hope

I dag skulle Michael sitja heime og jobba med ei programmeringsoppgåva han hadde fengje. So meg og Mats drog ut med Dien og Hans til Cape of Good Hope. Det var ein fantastisk flott dag. Me stogga for å helsa på dei Sør-Afrikanske pingvinane fyrr me drog vidare til kappen.

Mats med Pingvin i Sør-Afrika Ungar og ein sørafrikansk pingvin

Det var ei bratt bakke upp til fyrtårnet der, Hans og Dien tok kabelbanen upp, medan eg og Mats gjekk upp. På vegen møtte me ein engelskmann; How are you doing, mate?, sa han.

Mats gjeng ved lagunen

Det var eit fantastisk utsyn frå toppen med fyrtårnet. Etter me hadde ete litt lett lunsj byrja meg og Mats turen ned. Eg ler når eg tenkjer yver dette no; men nedstigingi var utruleg enkel. Same med uppstigingi – faktisk var heile turen latterleg enkel. Det er tvo grunnar til at eg i det heile teke seier dette:

  1. Det var ein eigen kabelbane upp til toppen, det er rart når turen er latterleg enkel.
  2. Denne treng eg eit par paragrafar på å forklåra:

Mats hopper ned trappa

Me starta nedstigningi med freidig mot og raude kinn, slik nordmenn ofte hev. Det blåste lett frå havet, soli skein som gull og temperaturen var perfekt. Det er ingen pingelingen problem å gå ned desse trappane med krykkor. Mats er ein fin, sterk, sunn og tøff fyr på alle måtar han, men båe eg og han tykte ikkje det var noko spesielt å gå dei 300–400 metrane upp til fyrtårnet. Det gjorde tydelegvis andre, og som eg tidlegare hev sagt er desse “andre” alle saman frå same land: England.

Det starta lett og lystig med lette smil og enkle “nice mate!” kommentarar. Etter eit par versjonar av det føregåande fekk Mats høyra “oh, respect!” med påfylgande “incredible” frå ein landsven rett bak honom. Me gjekk forbi eit par treige engelskmenn som tydelegvis syntest det var vanskeleg å gå ned dei latterleg enkle trappane med tvo bein; dei var sjølvsagt rause med rosen og vart lettare fippa sjølv.

Kappen, Cape of Good Hope

So kom største herlegheiten sjølv; ein heil buss grønkledde skuleungdom “klatrande” upp dei “bratte” bakkane – du kann gissa nasjonaliteten: engelsk. Me fekk smil og me fekk kommentarar, hist og pist. Alle var positive, og eg kunne ikkje gjera anna enn å glisa stort – trass i at alt var grunna Mats sin invaliditet og diverre ikkje min. Eg fekk stor godhug til desse ungane, eg var eit gåande ljos slik eg skein. Ei jenta smilte sterkt attende då ho gjekk forbi oss – litt lengre oppi bakken sa ho stolt og høgt til veninna si “I think they are English!”. Me kunne ikkje gjera anna enn å le hjarteleg. Ho vart vel stolt av landet sitt no, med so tøffe folk ;-)

Symjing, bavianar, og redde engelskmenn

Me ville symja. Me drog ned til ei strand ikkje so langt frå kappen. Det stod digre skilt yveralt rundt oss “The baboons are DANGEROUS and are attracted by FOOD. [Masse tekst um kor farlege dei er og kva du må gjera]” eller noko i den duren. Nede på stranda var det tidleg klårt at me hadde eit bavianproblem. Det var 3 bilar der, men ingen menneskje. Menneskja sat inne i bilen slik skræmselsplakatone fortalde me skulle. Velvel, eg vart ikkje imponert. Den eine bilen forsvann då ein bavian sat seg uppå panseret. Den andre var der heile tidi. Det såg ut til at dei verkeleg ville bada – men ikkje turde ganga ut til bavianone.

Engelske skuleungar

Me gjorde oss no klåre. Eg kledde meg naken for å ta på meg badeshorts, eg tenkte som så at det var jo ikkje so mange folk å skræma her, dessutan sat dei allereie skræmde i bilane sine so eg kunne vel neppe gjera det stort verre. Same kva, soli forsvann, underlaget var vondt og vatnet var kaldt. Det vart ingen ekte symjing, berre vassing. Det er vel eigentleg langt frå hovudhistoria. Brått kom turistbussen med dei engelske ungdomane eg prata um tidlegare. Dei stoppa ein 200 meter frå oss, og gjekk ned til vatnet. Det såg ut til at dei var ein 30–40 stykk.

Dien og Hans med bavian

Brått var bavianane attende, og i stort tal. Me såg ein 6–7 stykk, og dei sette fart: rett mot oss. Eg vart litt småredd eit par sekund fyrr eg fann ut at det berre var teit og at eg ikkje plar høyra på teite skræmselsplakatar lell. Den fyrste bavianen sprang rett forbi meg, ein liten meter i frå meg. Me såg fort kva dei alle sprang mot: den engelske ungdomen. Og dette vart for meg veldig surrealistisk; dei 30–40 elevane som stend nede ved vatnet ein 50 meter fra bussen fær panikk og spring mot bussen. å sjå ein so stor gjeng få panikk med den avstanden eg hadde var reint komisk. Fyrst no byrja bavianane verkeleg å springja, dei hadde jo eit bytte/ein ven å jakta på/leika med.

Det var klassisk. Det var morosamt, og utruleg koseleg.

Skyer på kappen, på veg heim