Merkelapp-arkiv: Aurore

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Uhm, diverse

Ingress… Den er veldeg vanskelig å skrive fordi det er eigentleg det einaste sporet av struktur i dette kaoset av ei heimeside.. Velvel, no vart ho skreven :) (Heile “artikkelen” er slik som dette)

Vel, eg har ikkje noko å gjøre så eg kan skrive litt (nå som eg ENDELEG er ferig med “Mitt livs lengste helg?” og “Dametekket?” :P Eg har ein tendens til og skrive “artiklane”(vet ikkje om dét er det beste ordet for tekstane) mine over fleire uker slik at eg glømmer det meste og har liten innlevelse, om noen i det heile tatt!

Nå skal eg iallfall prøve å skrive slik ting faller meg inn, skal ikkje skrive om ei spesiell uke eller dag heller bare rote ting litt til :P Er jo slik tekstane på sia burde vært, “tankar om denne uka” eller noe. Hehe, eg har seriøst lyst til å skrive sia på ny (kodane altså, de dere ikkje ser, men allikevel trenger ;) ). For dei som ikkje veit det så er heile hjemmesia mi dynamisk bygget i PHP (www.php.net, eit programmeringsspråk(skript)) og alt er skrive av meg sjølv.

Då var toppen av teksten skrevet, den som alltid forklarer litt :P Eg burde egentlig jobbe meir med ingressene, fordi de er alltid meget dårlige. Noko eg også må finne utav er kvisleis eg skriv “eigentleg”, “dårleg” osv på nynorsk. Eg er ikkje konsistent på dei orda fordi eg anar ikkje kvisleis eg skriv dei.

Aurore sover nå trur eg, derfor eg sitt her og skriv :P Normalt når ho er våken sitt eg inne hos hennar og snakkar, derfor eg ikkje får skrive så mykje som den fysste uka. Iris, den kinesiske studenten flyttet ut i går. Det var eit enormt bråk eg kom heim til. Iris hadde 2 kinesere på rommet og dei pakka for å dra. Doris (husverten) krevde 100 pund for neste uke, men Iris sa ho ikkje skulle bo her neste uke. Iris hadde ikkje gitt Doris 1 ukes varsel derfor måtte ho betale for neste uke også (står i kontrakten) noko Iris ikkje likte. Ho begynte å grine og det varte ei lang tid. Så sa Doris at ho ikkje ville ha kinesare meir og då grein Iris verkelig og sa ho elska landet sitt osv.

Det var lite hyggelig, då Aurore kom heim fortalte eg det til ho og me snakka ein god del om det over middag :) Siden eg ikkje fekk kontakt med nokon i klassen såg meg og Aurore film den kvelden. Det var veldig koselig, lenge siden me har gjort noko ana enn å snakka :P Ho har jo hatt besøk de siste helgane, fysst av den søte venninna hennar, Florence og så av kjæresten hennar Runo, som var ganske så hyggeleg (han måtte jo det, siden han var kjæresten til Aurore ;) ).

Ahh, i dag fann eg regntøy og eg klarte å finne noko til ein god pris óg -> 20pund ca 240kr. Eg såg May-Lis, Sisilie og Maksim etterpå. Hmm, eg er ganske lite fornøyd med klassesystemet, klassa mi er ikkje særlig interessant og eg ser nesten ikkje dei andre folka. Me har sjelden timer og fri på samme tidspunkt. Eg har faktisk høyrd “ryktar” om at nokon ikkje likar meg så godt i klassen fordi eg kan for mykje :P Eg kan allereie alt me blir lærd og i ein god del tilfelle kan eg meir enn læraren. Eg finn det litt rart at nokon mislikar meg for dét, eg er ingen arrogrant jævel heller.

I forrigår etter Aurore la seg satt eg meg ned og spelte tetris her i senga, klokka blei 1 då eg slutta. Litt overtrøtt starta eg og sjekke ut AVS motoren til Winamp (sånn plugin som gjør at du kan lage ting som beveger seg til musikk), eg laga ein 4 forskjellige Visualisations og la meg til å sove kl 3:30.. Ikkje bra :P Hmm, men eg laga nokon ganske stilige greier allikevel ;) Wow.. Kanskje eg skal bli proff musikk visualisation lager :P Er ganske enkelt kunst, men ligger ikke penger i det. Men eg er ganske imponert over meg sjølv faktisk her :P

Vel, eg tror eg må ta kvelden nå før eg blir så sein som sist! Må bare sjå litt på nokon av kunststykkane mine til bra musikk ;) (Akuratt nå: Tomas Ledin – Sommaren är kort).

Tredje helg

Eg gjekk faktisk ut og m0tte nokon andre folk enn Aurore og Iris denne helga ;) Var ein kjekkere avslutning paa uka enn den forrige :P

¤Helg¤ Dagen starta så fint med at eg såg på mobil-telefon klokka som vanleg. Den var 7:40 eller noko, derfor sov eg litt lengre. Då han var 8:45 gjekk eg ner. Ingen frukost stod klar, klokka mi på mobilen var feil. Då eg kjøpte sykkel hadde mobilen mista klokkeslettet og eg satt han fort til eit eller ana. Bah.. Ingen frukost på meg nei. Så eg lagde nokon skiver med Nutella og gjekk inn til Aurore som satt å laga eit collage av bilder som ho skulle henge på skap døra. Blei ganske fint :) Skal ta eit bilde av det seinare.

Eg satt å snakka me Aurore og sendte nokon meldingar rundt. Ho skolle på ein konsert seinare i kveld så eg måtte også finne på noko for å ikkje være aleine heime og kjede meg. Iris var i London hos ein slekning. Eg fekk svar fra Audun som skreiv: “TEMPLARS SQUARE, COWLEY 30”. Eg syntes denne meldinga var litt morosam :P Etter ein 20min sykla eg ned til Templars Square, det tok meg 8min. Eg fann dei ikkje me ein gong så eg såg på “Linux Format”, stod på øverste hylle i Computer Section. Som eit ana pornoblad :S Linux er ikkje like stort i England som i Norge. Dei har jo bare eit blad på WH Smith som har tusenvis av blad.. Dei hadde masse ekle Windows blad, men de selger ikke så bra i Norge. Narvesen har vel flere Linux blad enn dedikerte Windows blad; BRA Narvesen! :D :P

Uansett kjøpte eg ein Snickers (på ekte Engelsk vis) og traff Audun og Niklas som hadde kjøpt chips for i kveld. Me skulle se film hos Audun. Etter pub-besøk der Niklas bestilte chips og pepsi avtalte med tid og sted. Så sykla eg heim igjen og snakka litt med Aurore før me fekk middag. Vél nede i byen fann eg ut at eg var alt for tidleg (1 time, eg har ikkje heilt roen på den stygge klokka). Eg gjekk litt rundt til eg plutselig hørte navnet mitt utfor EuroBar, det var Niklas som satt på stam-plassen. Me tok så bussen saman til Audun, eg fekk óg Jon me. Han ville sykle ;) Eg hadde ikkje lys på sykkelen derfor turde eg ikkje sykle.

Då me kom fram satt me der og såg på at Audun spelte et krigs-spel :P Etter litt slutta han heldigvis og me såg litt på “Peis og Akvarium” dvd’en hans. Det blei litt einsidig i lengden så når Karianne kom satt me på “Taxi”. Eg snakka gjennom heile filmen som vanlig (om filmen selvfølgelig). Tone kom midt i filmen og syntes han var utruleg kjedelig. Eg hadde sett den før med lillebror Falke, men han var OK fordi, samme syntes Jon som helst ville se Rambo eller Terminator (heh, me blei ganske lei av anbefalingane hans heile tia :-S ).

Me hoppa så på ein buss der Morten og Thomas allereie var og tok den til nabo-bygda der Karianne budde. I den lille koselige Aidens(uh, ikkje field, men noko ana) bygda fann me ein pub og ute i bakgården og snakka. Byen ligna litt på Aidensfield som du ser i “Me hjartet på rette staden” (Evt. “heartbreak” eller “landsbylækjane” som eg seier). Etter hadeklem til Karianne sang me oss til byen med buss. Eg fiksa sykkelen opp og gjekk med Morten, Jon og Thomas oppover gata. Me traff Victoria Maria, Sisilie og May-Lis, de hadde vært utsatt for nokon ekle gutar. Thomas “knakk” ryggen (ahh, det er deilig) på oss også gjekk me til McDonals (kl ~12) og kjøpte burgere.

Meg og Morten ville så hjem så me gjekk opp mot “The Plain” (rundkjøring hvor veien til Headington, Cowley og Iffley blir skilt). Morten gikk opp mot Iffley og eg satt meg på sykkelen opp Cowley Road. Då eg kom til snarveien gjennom skogen så eg opp, eg var veldig lite lysten til å sykle gjennom der på denne tia (sett i lys av alle jævel-gjengene som er i Cowley og at den skog-vegen er ganske avsides). Så eg tok den gamle “lange” veien opp Oxford Road til Cowley Swan for å så svinge inn på Hollow Way og opp der til eg kommer til Horspath Road.

Då eg kom forbi Thames Police Station på Oxford Road hoppa eg av sykkelen og gjekk. Vil ikkje betale 100 pund for å sykle på natta uten lys! Det var ikkje fånytta fordi det kjøyrde ein politibil forbi meg på Cowley Swan (rett med Templars Square). Når eg var på Hollow Way sykla eg resten. Då eg var heime la eg meg rett og slett :P

¤Søndag, ny dag¤ nye utfordringar? :P Eg sto opp kl 14:20 eller noko. Oups :P Etter eg hadde gått på do (som var grunnen til at eg sto opp) la eg meg ned igjen. Då kom Aurore og hilsa, ho hadde vore oppe siden 8, etter frukost hadde ho gjort lekser. Stakkar jenta har jo sykt med lekser :-S

Fra rommet til Aurore(eg er omtrent bare der når eg er heime :P) sente eg ein melding til Audun og fekk svar “EUROBAR, GLOCESTER GREEN”.. Hehe.. Fine meldingene til Audun ;) Etter ein alt for varm dusj (rett før huden skolla av :P) sykla eg til EuroBar og gjekk inn. Der satt han og såg på Man U – Arsenal kamp. Eg satt meg ned då Niklas kom fra toalettet. Måtte nesten tippe han var på EuroBar også :P Han bor der jo nærmest. Audun hadde bare gått innom bar’en og ja – der satt Niklas og snakka med Amerikanerane, ganske stilig ;)

Møtte Jon, Morten og Thomas og snakka litt med de før dei gjekk for å spise. Resten av oss så resten av kampen, eg kjøpte ein “orangejuice on the rock” :P Audun beundra sykkelen min litt før eg dro (hehe :P) heim. Eg spiste den ikkje fullt så gode lam-middagen (hatt den 3 siste søndagene nå :S) og gjekk opp for å snakke med Aurore. Me va enige i at lam-middagen ikkje var noko særlig og me er lei av dritet :P Meeeeeen, imårra er det mandag som betyr -> LASANGE!!! :D:D:D Eg håpar også at Iris får Charlie til å lage mat litt mer ofte, fordi han lager så god sterk og våt (ikke tørr) mat med ris, kylling osv :D

Nå har Aurore lagt seg, ho la seg så tidlig som kl 19:30! Sygaste. Uansett så måtte eg finne på noko, så kvifor ikkje skrive litt til heimesia mi ;) Som er det eg driv på med nå. Høre på musikk og skrive i kveldstimene, herlig. “WHEN YOU‘re OOON a HOOLIDAY you can’t fiiind a woord to saaaay. ON A IIISLAND IN THE SUUN we’ll be PLAAYING having FUUN!!”. Weezer – Island in the Sun. Genial musikk. Nei, Jon har visst lastet ned tablaturet til den sangen. Tror jeg lærer meg den på Gitar nå heller. Helg ferdig -> Skole i morgen. Men nå vil jeg spille gitar ;)