Merkelapp-arkiv: Bandasje

Me hev hatt betre 24 timar på turen enn desse…

Dagen starta godt nok, vel, eg vart vekka kl 3 på natta av nokre flaskesamlarar som stal flaskar frå resirkuleringsbåskassane (dei hev eigne hòl til panteflaskar). Eg gjekk ut og tok eit bilete. Og so gjekk eg og la meg att, mykje kaldare. Det blåste som Stavanger i storm.

Nyklar på ein vond plass

Tidleg på morgonen var det tåkete, ekkelt og kaldt. Eg starta bilen og køyrde yver Berkley-brui til Berkley. Me skulle på umvisning på University of California Berkley, Helene hadde gjort ein reservasjon for fleire veker sidan.

Til slutt vakna ho, og me gjekk inn på ein Starbucks for å få oss litt internett o.l. Eg drakk ein mellomstor soya jordbær-krem Frappucino med vispa krem.

På vegen attende kom me fram til det fryktelege; eg hadde stoppa bilen, byta bukser (det var so kaldt i shorts) og so låst han.

Med andre ord. Nyklane var låste inne i bilen.

Fsck.

Parkeringspengar

Eg bad Helene vakta yver bilen medan eg gjekk attende og prøvde fiksa dette. Eg fekk låna telefon og telefonkatalog. Eg fann korkje bilupplåsarar elder Super Cheap Car Rental i katalogen, so eg spurde ein fyr med PC um han kunne slå det upp for meg. Det gjorde han.

Dei kunne ikkje koma og hjelpa oss, men me kunne ta tbanen ut til dei og henta ekstranykel. Eg gjekk for den planen. Einaste problemet var at det var vandskeleg å høyra kva han sa, og fort hadde eg gløymd ljoden som skulle vera stasjonen. Same kva.

Eg gjekk attende til Helene, som var heilt totalt fortvilt. På bilen låg ein parkeringsbot. Det hadde kome ei dama som ikkje hadde høyrd på noko fornuft, og gjeve oss parkeringsbot på $40.

Mongo. Var jo umogleg for oss å leggja lappen inni bilen når han ikkje var mogleg å få upp! Og å leggja ein lapp på vindaugeviskaren var jo so godt som å beda folk um å taka han til eigen bil. Det var fyrr me prøvde og fann ut at han kom ut med kvittering òg, slik at me kunne ha gjort det. Ugh. Jamvel, dritkjerring.

Eg sprang mot BART (som er T-bane på San Franciscosk) og kom med eitt på at eg ikkje hadde denne adressa/t-bane-stoppen lengre. Eg sprang inn på ein kafè att og fann ein tilfeldig kvisete gut med PC. Han var veldig hjepeviljug (som eg hadde gjetta då eg valde nett han) og fann tilogmed serviett og penn til meg. Me såg på kartet, og so var eg orientert.

Mannen som daua av di han ikkje ville reisa seg fyrr dronningi

Eg kom på BART til «Millbrae», lite visste eg um kor lang tid denne reisa ville taka. Det eg derimot visste var dette:

  • Eg hev ingenting å gjera på, iom. at eg lot Helene passa på sekken
  • Eg må på do (av ein viss jorbærkrem, soya-greie)

Punkt ein var i byrjingi det største problemet, men etter ein gode 10 minutt byrja eg irritera meg litt meir yver det andre punktet. Etter nærare 30 minutt byrja det verta uuthaldeleg. Eg kunne ikkje sitja lengre og byrja gå rundt i vogna. Etter 40 minutt sveitta eg som ein gris og tenkte konstant på soga um han som døydde då blæra sprakk. Det var frekt å reisa seg fyrr dronningi, og i eit middagsselskap som berre varte og varte so vart han sitjande til han til slutt segna um daud på golvet.

Eg hev gjort liknande mange gongar fyrr. Det gjer skitvondt, ekstremvondt. Men dette var lengre enn nokon gong fyrr. Dei siste 5 minuttane var heilt uuthaldelege. Eg mista fotfestet og måtte halda meg fast i stengene. Eg var på nippet til å svima av og kjende sveitta reinna frå panna. Ei dame kom bort til meg, veldig bekymra og spurde kva som var gale. Eg sprang upp, spurde kvar doen var, – gutedoen var uppteken, eg sprang til jentedoen, inn døri og sette meg ned.

Ingenting. Venta litt, og so gjekk det, utruleg smertefullt og seint. Etter to minutt opna nokon døri (eg hadde gløymd låsa døri), brydde meg ikkje stort. Då eg gjekk ut fekk eg kjeft av tryggleiksfolki um at eg måtte låsa døri når eg gjekk på do. Vel, lett for han å segja, han trudde ikkje han skulle segna um få sekundar seinare.

UC Berkley, nei

Eg fann plassen etter litt leiting og fekk nykelen. So var det berre å starta turen attende. Då eg kom inn var Berkley-turen ferdig for lengst. Heile turen fram og attende hadde teke meir enn 3 timar. Heldigvis var Helene med bilen då eg kom.

Knall og fall

Eg skulle gjera eitkvart, so me skilde veg att. Eg drog ned for å betala parkeringsboten. Stappa på rikt med pengar i parkometeret der nede. Køen var lang, eg fekk nummer 47, og dei var nett no på 11. Det gjekk seint.

Etter 48 minutt var dei på 44, og det var kjappe drag nokre gonger, eg var redd for å mista plassen min. Jamvel visste eg parkometeret var i ferd med å gå ut. Dei blodtørstige jæklane. So eg sprang-sprang-sprang ut gata til bilen, sprang yver fotgjengeryvergangen med den ugjevne asfalten.

Etter Yosemite hev skoene mine vorte ganske øydelagde. Den høgre skoen min vrengde såla seg mot asfalten og eg falt med venstre kne fram mot asfalten. Venstre kneskål traff asfalten og tok mot all støyt fyrr eg rulla rundt og traff og fekk eit halvdjupt sår på skulderen. Eg vart liggjande midt i vegen. Ikkje lengje, men lengje nok til at ljoset for bilene hadde blitt grønt. So eg karra meg upp med smerte i heile kroppen og spesielt kneskåla og skulderbladet. Blødde ned hendene, men det var slike vonde, men greie yverflatesår.

Eg fekk betalt parkometeret og bota.

Kneet forverrar seg

Eg gjekk no rundt med kneet. Klarte ikkje å unngå hinka då, men det gjekk no litt. Helene mobba meg, forståeleg nok. Ikkje alltid like enkelt å vita um hinkingi er yverdriven elder ikkje. Etter litt sitting og bilkøyring til Alesha (Alex), gjekk me upp trappone. Då kjende eg det verkeleg. Uverkeleg smerte. Utruleg vondt. Helene vart flau og ville ikkje at eg skulle gjera meg slik til, men slik var det ikkje. Eg kom inn og gjekk på badet, tok av meg buksa og såg på den digre kneskåla mi med det ferske raude såret på.

Utruleg vondt. Eg hev høyrd mykje skummelt um kneet, frå mange. So der og då bestemte eg meg for at eg måtte til legen for å sjå på dette. Det er noko eg normalt aldri gjer.

So vart det, etter mykje om og men. Eg kjende meg mykje betre etter alle gode tips frå Alex, men gjekk likevel kl. 01.00 av di eg hadde bestemt meg tidlegare på kvelden. Sjukehus i USA er dyre som fy, og eg er ganske redd for ein liten sjangs av å måtta taka rekningi sjølv. Det er eg lite interessert i. Men eg stoler ikkje heilt på reiseforsikringi mi (Chartis TravelGuard), men so fær me sjå.

Sjukehus

Me drog der. Venta litt. Vart teken inn av ei sjukepleier. Etter ei god stund fekk me møta legen. Ei utruleg hyggeleg dame, som var veldig «norsk» av seg. Ho tykte innstillingi mi var kjempebra. Eg hadde sagt, eg føler ikkje «å, eg må døy»-smerte no, so eg trur ikkje me treng taka nokre tester for å sjå um noko i kneet er brukke. Ho sa at folk i USA alltid ville ha alle testane, og dei kom inn for dei minste små idiotiske ting.

So drog me heim.

Men 24 timar var enno ikkje yver

Ein del av grunnen til at eg ville til legen so fort var òg av di eg ville til Alcatraz, som me hadde til dagen etter. Det er umogleg å koma ut der utan å tinga godt i vegen på fyrehand.

So me stod upp tidleg neste morgon for å få det til.

Helene stod paralysert i døri då eg kom ned. «Nokon hev brote seg inn i bilen! Vindauga er knust!».

Me kunne ikkje dra til Alcatraz no. … Og faen til uflaks då.

Helene si veske var stolen, med Nintendo DS og spel, mobiltelefon, GPS-en vår og ein del anna. Verdien av alt saman rekna me til å vera rundt 14.000 kr.

So, vonar forsikringi hjelper til på det òg. Men stadig skeptisk til dei (Helene er ikkje, ho hev full tiltru til at dei fiksar alt). Me hev totalt separat reiseforsikring kvar for oss, iom. at me ikkje hev meld flytting til same plass. Me hev vore sambuarar ganske lengje, men ikkje i auga til loven av di me ikkje hev adresse same plass (eg hadde framleis i Stavanger (byta no), og Helene hev framleis på Urdland).

Alex

Me stod utanfor og venta, og hadde lukka døri bak oss, so me banka på og ringde på døri til stakkars Alex som me budde med. Han trong låg-stress folk til å bu med, sidan han ikkje hadde fengje gjort noko arbeid den siste veka med so mange sofasurfarar i huset. Me sa, «ja, det er ingen problem».

Det fyrste som skjer når me kjem inn døri er at eg hev skada kneet mitt og treng masse pleie og hjelp til allslags. Han hjelper oss med sjukehus-uppslag og finna ut kva som er problemet med kneet, og so køyrer han oss til sjukehuset og låner oss pengar til taxi attende.

Han legg seg til slutt seint-seint (me var ferdige på sjukehuset rundt 03.00).

Og denne dagen, framleis innanfor dei 24 forferdelege timane, ringjer me på i ein time til han til slutt vaknar og slepper oss inn. Og no hev me problem med bilen. Ikkje låg-stressa akkurat.

Kl. 10 gjekk alarmen honoms, då var me på veg ut døri for å køyra bilen til levering. Me fekk seinare vita han stod upp då, for å byta um på bilane våre (flytta vår inn i garasjen, av di du berre fær stå i gata 2 timar), men vart litt småstressa då nykelen me hadde gjeve han var vekk. Heh, jaja.

Status i dag

Eg fekk krykkor på sjukehuset, men dei er vonde å gå med. Det er slike store, type amerikanske. Dei gjer ilt under armane og er uhamslege. Ikkje som norske/europeiske.

Me fekk ikkje;

  • Drege på Alcatraz ( vonar me i det minste fær pengane att på forsikringi :-( )
  • Drege på UC Berkley-umvisningi

Og nett no (4 dagar seinare) so er det veldig keisamt for meg å flytta meg rundt. Kneet mitt vert kokvarmt dersom eg hinkar litt på det, men det er so utruleg frustrerande og irriterande å bruka krykker at eg stort sett ikkje gjer det. Det er veldig sært, den eine kneskåli mi er kald som resten av kroppen, medan den andre varmar som eit atomkraftverk dag inn og dag ut.

Utpå kvelden etter ein del gåing, og so stillesitjing, so gjer det spesielt ilt. Ikkje slik grin-grin, elder au-det-gjer-ilt, men eg kjenner på ein måte at kneskåli sitt skeivt på og at det svir litt slik dunkande. Eg skal gå til legen att når me er heime i Bergen, eg treng pollentabelettar same kva.

Elles

Helene segjer: «Eg er alt i alt ikkje so leid meg. Litt synd med den handdekorerte Nintendo DS-en med dalmisflekkar og alle studentkortene mine. Resten er enklare å erstatta. Dessutan er det jo moro å kunna byta ut sliten mobil, gamal mp3-spelar, stygge bilete på studentkortene mine osb.» … (ho les det, og legg til) … «Tja, berre eg sa det heilt annleis og med innleving…»

Og elles er humøret godt. :P Forresten kaupte eg nett nye sko som hev ein såle som ikkje gjer at eg snublar heile tidi. Fyremon ;-)

No hev eg ein hipp støttebandasje på kneet

I går var eg hjå lækjaren. For fyrste gong friviljug hev eg sagt til mange, men det gjeld nok berre for nokre definisjonar av friviljug. Fyrste gong på heilt eige initiativ er vel heller rett. I dag kaupte eg ein støttebandasje til kneet. For eit par vìkor sidan starta det venstre kneet mitt å fuska. Eg spurta til t-banen for å rekkja siste bane, og vips so var kneet ubrukeleg. Ein 3–4 gongar skaut det so gale at eg ikkje klarte stå. Eg klarte ikkje røra beinet. Måtte lena meg til veggar og halda i handtak som ein gamal mann.

Farlege kneskador

Eg vart sjølvsagt redd. Kneet hev eg høyrd skrekkelege soger um frå mange tungor. Det er det vanskelegaste å gjera noko med på kroppen, det lækjarane kvier seg mest for å vera borti. Hev du øydelagd kneet, nei då kann du få problem. So då eg fekk denne store smerta for 3. gong (og var sers flau av å plutseleg måtta setja meg ned midt i ein folkemengde og ikkje koma opp att) fann eg ut at no måtte eg verkeleg gå til lækjaren. So no, eit par vìkor seinare var eg der.

Eg hev ikkje jogga eller spurta medan eg hev vore heime no. Hev ofte tenkt på kneet og at eg må vera forsiktig. Det hev gjort småvondt til tider, men aldri låst seg som i Oslo. Hjå lækjaren fekk eg vita det ikkje var noko klinisk galt, ikkje som han fann. Då vart eg letta. Han sa eg ikkje skulle bry meg um dei digre knekke-ljodane som kjem frå det når eg går i trappar o.l. Han trudde det trong opptrening (altso ikkje berre spurta slik eg gjer for å so sitja bom stille eit par dagar). Visste nok det, men eg vil ikkje øydeleggja det heller. Han sa eg burde skaffa ein støttebandasje.

Støttebandasje

So det kaupte eg i dag. Eg fekk ikkje gjort det i går, butikkane stengde. Men i dag fekk eg. Kr. 460, som eg synest var veldig dyrt. Men um det hjelper meg med kneet so er det vel verd det. Elles kosta lækjaren 160 kr. So mykje hev eg ikkje brukt direkte på kroppen min nokon gong trur eg. Fær eg problem med ryggen (som godt kann henda slik eg sit) vert det nok endå meir.

Med støttebandasjen på stakk eg attende til kontoret. Då eg gjekk opp trappene kom det den verste knekkingi eg nokon gong hev høyrd. Alt frå kneet. Måtte ignorera det. Vonar det ikkje lovar vondt.

Støttebandasjen hjelper leddet å halda seg varmt, det er visst bra. Då tòler det meir, og det fungerer visst betre. So no visste du det, um du er like ignorant som meg når det kjem til å taka vare på kroppen din. (No trur eg han treng søvn)