Merkelapp-arkiv: Barndom

Du fær truleg aldri eit brev av meg

Ein gong i tidi hadde eg ein netkjærast, ho sende meg ekte brev med bilete lukt. Ein dag slo ho upp og eg fekk ei ny ei. Eg hev òg hatt ei brevveninna, det ende med at ho sende det tredje brevet og eg hev til dags dato endå ikkje svara. Eg er totalt elendig til å fylgja upp brev.

Å skriva og senda eit brev i posten er ikkje vandskeleg eigentleg, det er berre nett vandskeleg nok til at eg aldri gjer det. Mange gode intensjonar til tross; det skjer ikkje.

Netkjærast rekna eg aldri som kjærast. Hev vel aldri fortald um dei fyrr. Då eg i 2005 sa at eg aldri hadde hatt ein kjærast nemnde eg ikkje at netkjærastar var uekte ein gong.

No er det slik at eg aldri kjem til å hava ei netkjærast att, av di eg hev min perfekte ekte-kjærast, Helene, allereide. Brevvener og andre ting som krevjer postlagde brev kjem eg sikkert til å møta igjen, so difor er problemet stadig noko å tenkja på.

Netkjærast i AW (Active Worlds)

Scywalker88 var kallenamnet mitt i dei dagar (elder hadde eg vorte del av Master-klanen og heitte MasterScy88?). Eg hang upp eit bilete av meg sjølv i den virtuelle verdi (det som er vist):

netkjærast1: Så søt!
Scywalker88: rødme
Scywalker88: flørte, flørte
netkjærast1: flørte mer

Ho la upp bilete av seg sjølv. (det er ikkje det som er vist her)

Scywalker88: Søt du også
netkjærast1: skal vi være nettkjærester?

Alt dette er sjølvsagt ekstremt fritt frå minnet. Det kann henda at det finst loggar, men dei er i so fall på ein eldgamal harddisk.

Det var masse flauskap og rauming og so var me netkjærastar.

Etter litt fekk eg eit brev i posten med allslag. Eg prata med netkjærasten min kvar dag, eg skreiv tilogmed eit brev attende. Det stoppa der alle mine brev plar stoppa:

  1. Finna konvolutt
  2. Finna frimerke
  3. Finna postboks og gå dit

Ja, det ser ganske tragisk ut, og det er det òg.

Det gjekk ikkje stort betre med den andre. Etter det hev ikkje andre spurd, og no er det toget gått for lengje sidan. ;-)

Finland, brevveninna, elder ikkje

I 9. klasse var eg i Finland. Siste dagen fyrr me skulle dra, manna tvo 8.-klassejentor seg til å spyrja um eg og Erlend ville vera brevvener med dei. Dei ville hava internasjonal kjennskap tydelegvis. JaOK til det. Dei fekk adressor og me fekk deira. So vart dei kjempenøgde og hoppa glade avgarde.

Ei stund etter fekk eg fyrste brevet. Med bilete. Ho spurde um eit bilete att. Eg byrja på eit svar, men eg sleit mest med faktum at eg ville skriva for hand (viss ikkje er det jo ingen vits å senda post-brev!). Dette tok lang tid. Det skjedde aldri.

Ein månad seinare fekk eg eit nytt brev. «Kvifor svarar du ikkje» osb. Eg skreiv faktisk litt på papir, men so var det middag og so gløymde eg heile greia.

Eit halvt år seinare fekk eg endå eit brev. Det var ganske flaut. Og eg kjende meg bra mongoteit og dum då. Er jo heilt sant, eg tenkjer framleis på dette her 8 år seinare. Eg fekk aldri svart.

Med jamne mellomrom (1-2 gongar i året) tenkjer eg at eg lyt skriva att, fortelja kvifor eg aldri svara. Orsaka ekstremt for det. Men so gløymer eg det, elder so skjer det ikkje. No hev eg jo vitterleg korkje adressa elder nokon av brevi att helder. Hugsar eg gjekk med det eine brevet i lomma ein heil månad av di eg tenkte eg skulle svara.

Nei, elendige greidor!

Post er superfint, handskrive er herleg

Eg er ikkje mot post på nokon som helst måte. Utanum at det kostar masse-masse (spesielt for stakkars NMU). Ja og so dette med at sender du eit brev frå eitt postnummer til eit anna i Stavanger so skjer dette:

  1. Brevet teki frå postnummer 4019
  2. Brevet vert send Stavanger-Oslo
  3. Brevi vert sorterte i Oslo
  4. Brevet vert send Oslo-Stavanger
  5. Brevet levert til postnummer 4020

Då er det lurare for meg å gå dei 15 minutti å levera brevet sjølv. Aldri at det kjem til å skje.

Dei vandskelege brevi

Men, altso. Eg elskar å få post, handskrive er superherleg, koseleg. Men det er ikkje so alt for lett å faktisk bruka det for ein som hev vakse upp med datamaskiner, epost og internett.

Ei tapt periode

Tårevått golv. Det forsvinn ikkje. Ikkje raskt iallfall. Fliser har den funksjonen. Ein 7 år gamal gut sit samankrølla på golvet med hendene folda. Ein ateist som bêr åt Gud. Ein liten unge som gjer alt for å takle sorgen. Må prøve alt, berre for å vere sikker.

Tanta døydde. Var eigentleg meir som ein andre mamma. Den kjempeflotte systera åt mammaen hans. Framleis ikkje 30 år. Ei ung, snill, flott dame. Det var over ein månad sidan gravferda. Presten las opp korleis ho likte sjå guten og den gjevnaldra fettaren hans leike. Guten græt. Ein diger klump i halsen. Han prøvde unngå lyden. Unngå å vise smerta.

I kista foran låg syster åt mammaen. Jord snakka presten om. Klangen frå orda hang lengje i kyrkjeveggane. Stille. Heilt stille. Guten sat og såg på, rett rygg. Tårevått fjes. Men ingen bak ville sjå det. Berre å ikkje lage lyd. Tante ligg inni boksen. Klumpen vokste. Ho blei senka ned. Såg for seg det som skjedde på vegen ned kyrkjegolvet. Ned i flammehavet. Inni den klaustrofobiske kista. Ned i eit lite rom. Flammer. Ugudeleg heitt. Brennbart. Alt brenn, huden smeltar.

Brenne kroppen. Det blei mykje for den lille guten. Tante skulle bli aske. Fetter sat på andre sida. Han græt ikkje. Iallfall ikkje nett då han såg bort. Han hadde sikkert græte så mykje allereie. Ingen tårar igjen. Berre smerte. Den lille kjende smerta åt fettaren. Men ansa ikkje trua han hadde. Den trua hadde ikkje guten.

Klåra ikkje stoppe tenkje på ho. Tenkje på fettaren. Fettaren utan mamma. Utan mor. Han kunne aldri snakke med ho igjen. Aldri. Aldri møte ho igjen. Mykje ugjort. Mykje usagt. Mykje som aldri ville skje, mykje ho aldri fekk sett. Timane på badet flaug forbi. Ville han at nokon skulle forstå? At nokon skulle forstå kvifor han var låst inne åleine på badet så mykje? Guten hadde ikkje plass åt slike tankar. Andre tankar. Døyd var hovudprioritet.

Han hadde vore hos bestevenen sin. Blitt henta. Ville eigentleg ikkje, men det var ei uvanleg andletsbragd i mammaen sitt fjes. Noko han ikkje hadde sett. Ho hadde vore hos syster si. For litt sidan, fekk klem. No låg ho berre der. Ho låg der. Og me skulle sjå ho. Oransje gardinar lagar oransje rom. Sit på ein stol. Ein oransj stol. Kanskje dei oransje gardinane sin feil. Viktig for guten å sjå. Det snakka foreldra om.

Inne på rommet. Mørkt. Døyde menneskje treng ei ljos. Alt oransj ljos kunne ikkje endre den blå fargen. Blått menneskje. Som ikkje rører seg. Kaldt menneskje. Ikkje menneskje meir. Berre. Noko anna. Iallfall ikkje eit menneskje. Det var ikkje det same å take handa. Ho var tung. Varmen vekk. Kjensla av nærleik var vekk.

Det var ikkje plass åt grine elles. Badet var einaste plass. Tankane kom overalt. Spesielt på fetter. Fetter og mora. Parallellen med guten si eiga mor var sterkt nærliggjande. Men det tenkte han ikkje på, det var ikkje plass åt anna enn tante, døyden, himmelen, livet og meininga. Meininga med alt. Eller for den lille; mangelen av meining. Alt meiningslaust.

7 år gamle ungar plar ikkje tenkje på slik. Dei treng ikkje. Denne guten måtte. Han hadde ingen tru. Det var ei vond skjebne. Mammaen var redd for han. Så redd at syster hans ikkje blei oppdratt utan gudstru. Skulen fekk indoktrinere ho fritt.

Ho har insinuiera det seinare. Om den psykiske stoda åt guten. Guten hugsa nærast ingenting. Den perioda. Frå nokre månader åt eit år; vekk. Var stille. Sleit fælt. Fælt. Alt guten hugsa var diverse scener på badet med lite overtydane bønn som ein mogleg utveg. Men det var det rett sagt lite meining i. Liten framdrift. Same kva. Alt. Måtte gjere alt. Prøve alt.

Fyrste jenta

Ein liten pode sit på ein halvgul benk. Hyler av begeistring og lukke. Men berre inni seg. Han har det kjempemoro. Utanpå er det litt annleis. 9—åringen er på hyttetur, ei 2 år yngre jente likar han. Ho er kjempesøt. Får vite nyhendet av ei felles veninnene.

«Kom ut!», hadde ho eine sagt. Me hadde spelt kort og hatt det moro. Var seint på kvelden og me var i kjempehumør. Den søte 7—årige jenta hadde sett ein del på guten. Med slike skjønne, beundrane augo. «Kva synest du om ho?». Det var eit ledane spørsmål. Guten var ikkje ignorant på innsida, sjølv om ein ikkje skal tru slikt om seg sjølv på utsida. Å tru at nokon kan vere interessera i ein altså.

Dei hoppa på den lille trampolinen. Dette var før dei blå 5-meter-i-diameter digre monstra. Ein gul, liten ein. Var ikkje stort mjukare enn bakken eigentleg. Heldig om ein klåra hoppe utan å skade seg. Der, på den trampolina hoppa dei. Kveld. Stjerner. Herleg luft. Små overtrøytte menneskje. Sat litt óg. Hadde alvorlege ting å snakke om. Ville guten vere saman med jenta? Nei, det ville han då ikkje. Han synest ho var liten og barnsleg.

Han synest ho var kjempesøt og særs koseleg. Slik eigentleg. Men det seier ein ikkje. Ikkje som liten, redd gut. Jentene skal forstå kva ein meiner og presse på. Det var allereie pressa hardt på. «Me veit du vil». Dei visste rett, men guten forsikra; dette skjer ikkje. Sommarfuglar i magen på den lille poden. Kjempemoro. Usannsynleg spanande. Berre han kunne vere så tøff å seie ja. Han ville. Ville mykje. Men sa nei ganske raskt, utan å eigentleg tenkje seg om. Var meir eit høfleg nei, eit automatisk eit. Eit jantelov-nei.

Dei måtte overty han no. Trass at alle ville det same, måtte dei jobbe. Alle ville det same. Alle ville det. Alle. Usikkerheit speler den store rolla her. Manne seg opp. Det prøvde han. Berre spør litt meir, bli litt meir pågåande. Så kan eg gje meg, tenkte han. Berre han kunne ha noko å skulde på. Eitt «elles hadde dét og dét skjedd!». Ei fluktrute. Mogleg unnskuldning.

Kvifor i all helgoland seier eg nei!?, tenkte han då det ut av munnen kom motstridande argument; «ho er dessutan alt for litan, aldri i verda!». Jentene såg ein tapt kamp. Det blei ingen klem, ingen kyss. Ingen blei kjærestar. Trass i at båe var veldig interessert. Guten har tenkt mykje på det i ettertid. Meir enn jenta sikkert. Det blei viktigare for han. Ein viktig del i livet. Ein milepæl.

Berre eit halvt år seinare skjer nett det same. Berre ein anna plass, ei anna jente – same gut. Alle kjærleikshistoriane er diverse variantar. Redsel. Mangel av sjølvtillit. Andre jenter, same guten. Guten som veks opp slik. Guten som aldri har hatt kjærast. Guten som byrjer forstå kvifor. Guten som framleis er slik.

Eller… Litt iallfall.