Merkelapp-arkiv: Berbar

Sol fungerer att!

No fungerer maskini mi att! Eg hev lodda og stade på, fiksa og mekka. Teke heile hurumheii frå kvarandre og faktisk klart å klora det saman att. Ikkje like godt som fyrr, men absolutt brukande. Det viktigaste er jo at straumen fungerer att! Eg veit ikkje korleis stoda for netet er, eg hev ikkje rørt det. Eg er ikkje automatisk hugteken av å lodda 8+ leidningar på under ein cm…

Demontering

Sol (den berbare maskini mi) i deler

Det var neimen ikkje enkelt! Eg sleit, det var alltid ei skrua til på ein eller annan rar plass som måtte av. Var aldri sikker på um eg måtte riva hardt for å få av delen; eller um det er ein annan måte å fjerna han på. For kvar nye skrue, kvar ekstra del, vart eg meir og meir fortvila. Spesielt ei av skruane til skjermen var irriterande; eg hadde øydelagd gjengane på skrua. Til slutt fekk eg ho opp då Gus (Håvard) hjelpte meg og viste meg O-store-tang.

Til slutt sat eg att med ein heil haug skruer og ein heil haug deler eg ikkje hadde peiling på kvar kom frå.

Avlodding

Eg såg likevel straumkontakten som er Sol sitt livs store problem. Eg starta lodda han av. Etter ei stund var han av. Eg ville finna ein lik del for å kaupa på ELFA.

Kauping av elektronikk på ELFA

Det var ei søt jenta bak disken. Eg forklarte og viste ho delen og kabelen, samt sa nummeret på delen eg ville sjå på (me hev ein tøff bok med alt ELFA hev her på PING). Ho fann til slutt fram ein som passa ganske bra og eg kaupte han for 15 kr. Det var langt frå gale.

Kann eg bruka denne delen?

Eg visste delen ikkje passa heilt til hovudkortet, men eg tenkte eg skulle sjå på det. Eg dreiv mykje på med slike elektronikk-testarar for å finna ut korleis desse tvo delene fungerte og korleis eg måtte lodda delen på hovudkortet til maskini mi.

Til slutt fann eg ut kva som var galt med den gamle delen. Eg gjekk inn for å heller prøva å fiksa den. Det gjorde eg. Litt lodding her, litt lodding der. Eg fiksa opp i den teite delen, og VOOPS! Der var han på kortet!

Straumkontakten på hovudkortet

Deilig!

Putta maskini saman att (men fyrst testing)

Eg var veldig redd for at eg hadde øydelagd maskini på ein eller annan rar måte. Det er jo ein resistor som hev falle ut av maskini (men det skjedde for lengje sidan), og eg hev jo drege ut allslags rare kablar og skrudd ut masse skurer. Eg sat maskini hallvegs saman att, kopla på skjerm og tastatur; og straum. Venta i spenning saman med Egil:

Odin, meg med den fungerande maskini

Yey! Han fungerer! Eg hadde ikkje sett harddisken i (med vilje), so difor skrudde eg berre resten av maskini saman (det var ikkje lett) og slo ho på. No skriv eg på Sol og alt fungerer storarta. Eg hev framleis ikkje testa nettverkskabel, men det kann eg leva med. Nett no nyttar eg trådlaust net på PING; trådlaust er herlegare enn kabel same kva.

Etterdønningar

Eg sit att med ei berbar maskin som manglar skruar i ein heil legion hòl. Dessutan sit eg att med ein heil skokk skruar som eg ikkje veit kvar skal. Haha. Dei fungerer ikkje i dei gapande hòli, so noko er veldig feil. Men det er eigentleg ingen problem for maskini fungerer jo att!.

Sol (maskini mi) er defekt, snart ryk batteriet

For 2 ½ år sidan hadde eg maskini mi (ECS Green 551) inne til Multicom for å fiksa straumpluggen og gjera ho stille. Eg hev umtrent berre nytta maskini på skrivebord etter den tid (for å unngå slitasje), men no er eg på denne vonde plassen att. Garantien gjeld ikkje no lengre (ho er 3 ½ år gamal), so eg fær prøva å fiksa det sjølv denne gongen. Vonar det gjeng bra, eg er so avhengig av å ha ei datamaskin med internett.

Dette skreiv eg på netsida mi for 2 ½ år sidan:

Laptopen min funka heller ikkje lengre i dag – buhuuu.. Men den er fiksbar håpar eg, får vel sende han til Multicom når eg kjem til Noreg.

Og eit utdrag frå eposten eg sende til Multicom (som òg ligg på den gamle netsida mi):

Jeg flyttet så til Oxford for et år og merket etter en periode på noen måneder at strøminngangen begynte å bli “dinglete” og slakk. … Jeg så at det var et sånnt garanti merke under laptopen – så jeg vil ikke åpne den for å prøve å fikse det selv, jeg har en anelse om at strøminngang-greia har løsnet fra hovedkortet. Uansett har jeg prøvd alle mulige stillinger nå – og laptopen får ikke strøm i det hele tatt!

Ser ein burt frå bokmålen og Oxford, so gjeld dette um att (ja, eg skreiv nynorsk på netsida mi for moro, bokmål elles).

Eit slit, nettverk òg

Det er ikkje berre straumkontakten det er noko gale med no. Òg nettverkskontakten er galen og må puttast i ein spesiell posisjon for at ho skal fungera. Det stend um millimeter, og etter litt tid so mistar eg internett att. Dette er heilt ekstremt irriterande sjølvsagt. Likevel hev meg og Rebecca hatt det slik i 2 månader no. Der mista eg faktisk internett (eit par minutt), måtte flytta kabelen opp på høgtalaren att. Men den lealause straumkontakten hev altso teke kvelden no, eg brukar maskini frå batteriet.

Lite tid att fyrr straumen ryk! Kva var det andre eg skulle skriva…? Gah. Ja-ja. Eksamenen i inf1060 gjekk greitt, men neste gjeng nok endå verre um eg ikkje fær fiksa maskini mi. Det er jo den einaste leringsressursen eg hev!

Eg er so glad i maskini mi. Ikkje døy :-(