Merkelapp-arkiv: Bil

Soving i bil

Me hev so langt berre sove tvo gongar i bil. Det er ikkje berre enkelt her i junaiten, der det er ulovleg å sova i bilen sin nærast same kvar du står.

Nasjonalskog, Mojave-ørkenen

Fyrste gongen sov me i Mojave-ørkenen, som er ein nasjonalskog, og som er fullt lovleg å sova i. Dessutan var me på ein sokalla «rest-stop» og der er det lovleg å sova same kvar du er. Du må tòla ein del motorljod rundt deg då, og ein del trailersjåførar hist og pist.

Helene syntest det var roleg og bra.

Soving i eit nabolag

Andre gongen var det litt meir krisesovings, me hadde ikkje planlagt det. Me klarte ikkje finna ein vert på couchsurfing. Me hadde ein plan B, som var å dra upp til campingplassen der verten vår frå natta fyrr var, men me fann det ikkje og dessutan virka det meir bale enn det trong vera. So etter soli hadde falt (og Helene sov nesten allereide medan eg køyrde rundt) og ein halvtime leiting på måfå, stoppa eg til slutt berre ein veldig mørk plass i eit finare nabolag rett med ein tennisbane og ein liten ranch på andre sida.

Problemet med denne vegen var at det var ein del trafikk der, men ikkje alt for mykje.

Politi

Me er veldig redd for politiet her, so me hev kaupt ein slik solskjerm slik at du må sjekka bilen ganske nøye for å sjå at nokon søv der. Dessutan hjelper han sjølvsagt med varmen. :-)

På min vesle 30min-runde såg eg 2-3 politibilar, litt skræmande, men til slutt berre måtte me stoppa. Eg hadde ei soge klår i tilfelle me evt. vart tekne – eg hev høyrd du ikkje plar få anna enn ei åtvaring viss dei tek deg.

Me sov litt uroleg då bildører small att, men til slutt vart det ganske so stille.

Det er eigentleg heilt greit å sova i bilen, den einaste tingen som gjer det so vandskeleg er at det er ulovleg.

Me kjem nok til å halda fram med det ein del, spesielt når me vert litt flinkare til å finna mørke, stille, rolege og trygge plassar der det òg er liten sjangs for å verta teken.

Stoppa av trafikkpolitiet

Me hadde nett leigd bil (6 dagar sidan) og prøvde koma oss upp til Hollywood. Det var rushtid og vegane var fullstappa. Me køyrde på ein interstate (stor, effektiv motorveg som gjeng mellom statar), og det var vel ein godt 10 felt på kvar side (20-felts veg).

Heilt til venstre på vegen var det tvo «car pool»-felt, altso felt for bilar med 2 elder fleire folk i. So eg skifta felt heile vegen bort dit. Det var nesten ingen trafikk der.

So, korleis kjem eg inn på denne vegen? Det var tvo sterke, gule, heilstrekte strekar mellom kollektivfeltet og dei vanlege. I Noreg og Europa vil det absolutt tyda «det er ikkje lovleg å krossa yver her». So vel, me køyrde langs lina, langt, langt. I den treige køen.

Me leigde altso bil likevel. Det var eit sant helvete å koma seg rundt utan. Det kosta oss $1397.00 for 1 månad, altso 9000 NOK inkludert alle forsikringar. Me skal levera han i San Francisco. Fann altso Super Cheap Car hire som leigde bilar til under-25 utan å leggja på ein totalt latterleg ekstrem straff-pris på topp.

Ein bil køyrde ut frå kollektivfeltet og inn i vårt felt, han kryssa altso dei gule linene. Kort tid etter køyrer ein annan bil ut framfor oss yver i kollektivfeltet.

Kollektivfeltet skiljer seg frå hovudvegen og fær sin eigen bru som fletter seg inn i den andre motorvegen me skal yver på. So litt i panikken av å måtta sitja i den treige køen stort lengre so svinger me yver i kollektivfeltet.

Sekund etter ligg ein Highway Patrol bak oss, og eg frys til is. Han kjem upp på sida vår, ligg der litt og slakkar av og legg seg bak oss. Eg vil ikkje akselerera upp, for at det ikkje skal tolkast som um eg vil køyra frå han. Eigentleg vil eg helst berre at han skal køyra forbi meg. Men, nei.

Han ligg bak oss, og etter eit par-10 sekund til so kjem ljosi på.

Han segjer noko til meg, vandskeleg å forstå/høyra. Me kjem til ei avkøyring. Eg høyrer noko um «right» og byter felt til høgre, men det var visst totalt feil og han skrik, nei, nei, nei. Eg vert sjølvsagt råstressa og køyrer til venstre att ut i ei trafikkøy mellom avkøyringi og vegen. Han stoppar bak meg og vinkar og veivar og pratar og eg forstår ingenting. Men etter litt forstår eg at eg skal køyra ned der. Og det gjer me.

Me stoppar nede, etter at eg fyrst trudde me skulle stoppa, og so ikkje so eg gassa upp att og då skreik han «STOP!». So ruller eg ned vindauga og tek fram førarkortet.

Han er råsint.

  1. Me køyrde yver den gule streken
  2. Me køyrde seint (eg var paralysert av å ha politiet rett i baken)
  3. Me fylgde ikkje instruksjonane han gav

Når han fær sertifikatet vert han veldig suspekt og spyrr «WHAT is THIS!?».
«Uh, it’s the norwegian drivers license».

So, til slutt kastar han berre sertifikatet inn i bilen. Ingen bot. Gjeng attende til sin bil, og råkøyrer vekk og rundt ein sving.

Bah. For ei forferdeleg oppleving.

Skaffa leigebil til Oslo

So, alle innleggi mi handlar um reising for tidi. Jaja. Eg må til Oslo for å flytta tingi mine her til Bergen. Det er so irriterande å mangla alt, spesielt når eg veit at eg hev mykje av det i Oslo.

So, korleis skal eg løysa det? Dette var planen min:

  • Ta toget til Oslo
  • Rydd og gjer klar tingi mine
  • Leig ein billig bil eit døgn
  • Køyr til Bergen
  • Last av
  • Snu, køyr attende til Oslo
  • Ta toget «heim att» til Bergen

Ei satans reise med andre ord. Men so sa ein lur person (orsak, totalt gløymd kven), kva med å leiga bilen i Bergen og berre køyra Bergen-Oslo-Bergen?

Hekkans smart! Heilt utruleg at eg ikkje kom på det!

Det hadde sine grunner, desse problemene dukka upp:

  • Då hev eg ingen «fritid» i Oslo til å pakka/finna ut kva eg skal taka med til Bergen.
  • Det vert veldig stressande.
  • Eg kjenner ingen billege utleigeselskap i Bergen (og rent a wreck er på Flesland, ugh)

Men eg søkte no rundt. Fann ut at eg fær, som medlem i Motorførerenes avholdsforbund 10 prosent avslag hjå Budget. Eg sjekka eit drøss andre òg, men Budget var verkeleg billegast sjølv utan rabatten frå MA. So, kalaset kom på 895.

Vel. Før ein heil masse gebyr det ikkje stod noko um fyrr i eposten eg fekk etter tingingi var klar.

Eg må betala 125kr i bot av di eg er under 25 år, OMG! Gidd å sei i frå um det.

Eg må betala 100kr i avgift av di eg køyrer i byar som hev AutoPass-brikker. Ugh. So det vert nok litt dyrare til slutt, saman med bensin då.

Jaja, det var eigentleg ingen annan måte likevel, eg kann ikkje taka med meg so mykje på tog. Til slik flytting treng du nesten bil.

Til Bergen (og attende), og INF3190 ferdig

Eksamen gjekk, … ganske dårleg. Men eg trur eg står, hadde vore so synd um ikkje. No skal eg tidleg upp i morgon og køyra til Bergen med Helene. I overimorgon må eg køyra heim åleina. Trist.

Me hev lånt bil av Pink Rental att, berre denne gongen er han raud. Dei hev ikkje fengje måla han rosa endå.

helene_klaus_pink-rental

Det er altso Helene som flyttar til Bergen, for dei som ikkje hev fengje det med seg. Eg reiser etter i 2010.

Um eksamen, … eg kjenner meg ikkje fri endå. Eg gler meg til å få orden på eit par Nei til EU-ting, og å få rydda upp i psyken min litt etter han vart terrorisert av mi eiga slappe haldning og alt det førte med.

Men eg hev von for framtidi, alt vert betre den neste tidi. Eg gler meg stort til å reisa på tur. Få litt ferie. Kvitseidturen me nett hadde var heilt ekstremt deilig, han hjalp meir enn eg anar :D

Eg kræsja med ein annan bil!

KRARAAASCHIIISSSSSJIIIIICTTSH!!! B00m!! Slik høyrest det ut når Toyota­-metal møter Peugeot-metal i til saman 80km/t. Eg hugsar ikkje skikkeleg kva som skjedde rett før, og under kræsjet, men det gjekk raskt. Minnet om då eg banna lett, knakk opp den innmoste døra mi og gjekk ut for å møta den ilsinte sjåføren hugsar eg derimot soleklårt. Lite visste eg då om kor mykje verre turen skulle bli…

Dette er etter landsmøtet til NMU på Lista i mars 2006, leeengje sidan mao.

Tenk, eg kræsja. Med ein annan bil. Det er jo heilt superrart. Kjensla eg hadde før eg steig ut av bilen og det nett hadde hendt er ikkje lett å forklåra. Er vel best fortald som absolutt, ultimat fortviling i eit par hundredelssekund, alle andre tankar og ting skyve vekk. I ei bobla med ein einaste tanke der du spør deg sjølv; «Kva skjedde no? Kvifor er den andre bilen så smæsja på venstresida?». Alt i alt hugsar eg det som ei «stille etter stormen»­­­-tid, sjølv om arbeidet med å skriva ned hendinga skulle starta.

Litt tidligare på dagen venta dei på at eg skulle få raua i gir og pakka sakene mine. Det tok si tid, medan alle andre var ferdige. Me hadde vore på landsmøte i NMU, koseleg, men hev vore mykje skriving om NMU i det siste (dei er nær hjarta mitt). Eg hadde Mats Indrefjord Høllesli, Ulrikke, Anne Karen og Ingvild i bilen. Vebjørn hadde køyrd tidligare med andre, eg satsa på at me tok dei igjen sidan Vebjørn berre hadde hatt sertifikatet i nokon få dagar. Turen oppetter byrja godt, det var endå tettare med snø enn på nedvegen. Då sklei me litt i svingane og mista veggrep. Utruleg moro, eigentleg. Køyreforhalda var vanskelegare denne gongen, det snødde og hadde ikkje vore brøyta. Difor sakka eg ned farten.

Vebjørn hadde køyrd seg fast. Ein vanskeleg bakke der dei hadde sklidd ut! Han tilrådde oss å snu og køyra inn til Lyngdal i staden for rett til Kvinesdal. Dette var eg mot, og me fortsatte. Kunne alltids hjelpa Vebbis og gjengen. Dessutan hadde me køyrd forbi avkøyringa. Det gjekk ikkje lange tida før me då såg ein Peugeot koma mot oss i rundt 50…

Kræsj-b00m-bang

Me slakka litt på farten båe. Ein smal sving. Fjell på mi side, stup med autovern på hans side. Vegen var brøyta smal. Eg hadde ein venstresving, eg hadde 40km/t. Eg hugsar ikkje dette, men eg veit ikkje om eg kunne leggja meg heilt inn i snøfonna med denne farten. Eg kunne nok ikkje det, for stor fart – kunne ikkje senkja han utan å skli. Eg reiv upp sida på bilen.

Det var kaldt ute. Tok ikkje lange tidi fyrr eg fraus masse. Eg hadde ikkje skadeskjema det hadde han. Me fylte det ut, tok lang tid – var litt ueinige. Han ville at eg skulle taka på meg all skuld med ein gong. Eg visste ikkje um andsvarsforsikring og var sikker på at eg måtte betala 50 000 for reperasjon ut or mi eiga lomma. Det viste seg at slik er det ikkje i Noreg. Takk for det!

Etter ein time (!) var me ferdige. Bensinnåla låg på 0, men han kvilte ikkje på ingenting-plassen endå. Dei andre i bilen klaga fælt og mykje – dei ville at me skulle gjera som Vebbis sa og taka Lyngdal-vegen. OK. So me snudde og køyrde den vegen. Det var jysla vandskeleg å koma ned bakkane til Lyngdal, kjempekrappe, kjempe*bratt* og ikkje minst kjempeglatt. Nede i dalen som ikkje hadde mobildekning fekk me eit anna problem; me klarte jo sørenmeg ikkje koma upp frå dalen att. Vebjørn hadde teke oss ned i eit helvettes høl det ikkje gjekk an å koma upp frå. Dette skjedde:

Er nede i dalen, køyrer upp den nye bakken for å koma vidare. Det gjeng, det gjeng seinare, seinare seinare seinare. Til slutt kann eg ikkje gassa på meir i det heile teke; for dekki mine sklir berre heile tidi. Ingen sjangs å koma upp. Eg prøver å stoppa bilen, men det er so glatt at han ikkje vil stå stille. Ikkje med bremser og ikkje med handbrekk. So bilen gjorde slik biler gjerne gjer når dei hev 0 veggrep og stend i ein uppyverbakke: bilen startar å renna nedyver. Eg prøver å bremsa, stogga farten, men neidå; dette gjer berre at hjuli på bilen låser seg og eg mistar all kontroll yver styring.

Bilen køyrer stadig raskare bakyver, eg rattar og rattar med styret; prøver å halda bilen på vegen, raskare, raskare, raskare, nedyver bakken feil veg – svinger eg til vìnstre gjeng bilen til høgre. Eg rattar litt for mykje og fær for mykje fart, bilen fær sving på seg og svinger fram og tilbake. Det vert ein vill dans, alle er redde. Bakenden smell inn i brøytekanten og bilen snur seg raskt rundt 180 gradar. Altso som um me skulle gjort ein veldig rask sving. Eg heng i beltet mitt og POOOFFFFF, der smell vínstresida til bilen inn i brøytekanten og me ser ingenting lengre. Det er ikkje svart, men kvitt. For heile bilen er sjult av snjo. Me er heilt nedgravd. Eg gjeng ut, ah, faen. Finn ut at me må nesten prøva å koma oss upp att helvettesbakken me køyrde ned og heller prøva den vegen Vebbis meinte var «oh so vandskeleg». Den vegen er sjølvsagt ikkje nokon ting mot denne vegen her.

Upp att frå Lyngdalvegen?

So me prøver oss. Tek god fart og køyrer tilbake. Nei, kjem ikkje langt fyrr bilen er i stopp og eg må rygga forsiktig tilbake. Eg kastar alle saman ut or bilen, dei fær gå upp att, medan eg sjølv tek fart frå andre sida av dalen med bilen. Eg køyrer på eit ekstremt glatt føre, speedometeret visar 60, 70, der framme er ein sving fyrr bakkane startar uppyver, 80, eg svingjer og vonar bilen held seg på vegen i 80, jodå. Presser på gassen, treff 90 – no fyk eg uppetter bakken og nåli gjeng stadig seinare mot 100, men ganske fort må eg sleppa gassen for bakken gjer ein krapp sving for å gå vidare uppetter den andre vegen. So eg er nede i 60 ganske fort, ikkje bra, for no klarar eg ikkje koma i høgare fart att og det gjeng stadig seinare.

Den siste svingen og so ein farleg siste uppyverbakke fyrr me er oppe. Eg hev 40, 30, 20, 10 – satan. Det er ein 60 meter att til toppen og fridom. Men nei. Me prøvde oss på bakken fleire gongar, so høgt som dette hadde eg ikkje kome fyrr. So lite att!

Me prøver å dytta bilen upp, men det er heilt umogleg. Me klarar jo ikkje stå i bakken sjølv ein gong!

Plutseleg høyrer me ein vond romleljod frå toppen av bakken – og ein diger brøytebil kjem mot oss! Eg vert seriøst livredd, eg trekk upp bremsa og ryggjer bakyver. Dei klarar å stoppa fyrr dei knuste meg og bilen. Godt. Etter ei stund forstår eg at dei vil trekkja oss upp dei 60 metrane. Ja! :D Herleg! So dei redder oss.

Bensin

Uppe fær me endeleg mobildekning att, men so hev me det siste problemet som hev plaga oss desse 3 helvettestimane frå Lista upp til Kvinesdal (snarveg som absolutt ikkje vart det). No ligg verkeleg bensinmålaren på «ingenting» og kviler. Det gjeng ikkje an å koma lengre ned, han er langt lengre nede enn der han skal vera når det er tomt.

Me køyrer effektivt, merkar ikkje bakken der dei andre sleit ein gong, den var so latterleg enkel å koma upp. Vart ganske irritert då ja. Same kva; lang historie kort (eg hev jo trass alt late denne her liggja i 2 år av di eg aldri gadd skriva ferdig): me vert veldig stressa, kjem til slutt ut på vegen og klarar akkurat koma fram til ein bensinstasjon. Eg fekk aldri betalt dei 500kr i bensin, men det er jo det vanlege. Eg gløymer slikt.

Eg fekk forresten skryt av bilkøyringi mi frå mamma i dag. Det same fekk eg for ei stund sidan av Helene. Og det er sant; eg er ein flink sjåfør – eg hev vel berre vorte betre etter all denne kræsjingi mi. Eg hev nesten-kræsja ein gong fyrr.

Forpult billevering i jævla Oslo

Ok: faen i helvette for ein jævlig dag det var. Å satan. Og no lurer du på, kva i all bokmålsveldet kann få meg so stormande mongosint? Jo, kva anna enn Oslo + bil. Eg hev spydd ut litt eder og ein dæsj galle på dette fyrr, men so skjer det altso um att. På ein annan måte. Lat meg forklara:

Start på dagen

Fin morgon. Eg vaknar 0800. Rebecca dreg. Eg legg meg ned att. Fine dagen. Brått er klokka 1330 og eg vaknar. Faen i satan helvette. Kvifor er dette so dumt, tenkjer du? Jo, for eg skulde levera den stygge Rent A Wreck leigebilen klokka 1400. So eg hev dårleg tid. Eg er dømd til å koma for seint å måtta betala gud veit kor mykje i bot.

Start på dagen del 2

Eg kastar min trufaste ryggsekk på ryggen og kjenner han er blaut. Hm. Eg ser oppi han. Faen i satan helvette. Trur du ikkje den jævleg dyre isen eg kaupte billeg på Drageset (50%!!!) hadde smelta ut yver alt innhaldet i sekken min, inkludert å gjeva sjølve sekken ei god bringebæris-marinering? Jo, sjølvsagt. So alt måtte ut. Alt måtte vaskast, inkludert golvet som hadde vorte klissete rosa. Dette tok sjølvsagt tid. Og det var utruleg irriterande. Eg putta sekken i dusjen og forlot bustaden som eit helvettes rot.

Start på bilen

Inne i bilen var det sjølvsagt NMU-ting som me hadde gløymd å leggja frå oss på skriverstova. Faen i satan helvette. Eg måtte gå attende til bustaden med det. Tid, tid.

Til vrak-sjappa

Då eg kjem ut på vegen 1415 eller kva det var stend alt bom stille. So det tek meg jæ-ve-lig lang tid å koma fram til leveringsplassen. Eg kjem fram ein gong. Alt for seint.

Diesel

Eg skal til å levera nykelen, men so kjem eg på: eg hev gløymd å fylla på den hekkans leigebilen. Faen i satan helvette! Eg spyrr ein fyr kvar næraste bensinstasjon er, og køyrer ut att på vegen.

Rundtur

Eg vert ståande bom fast i kø – og mister totalt retningssans, av di dei jævla vegane berre snur heile tidi. Eg vil t.d. vest, men so dreier jo plutseleg den helvettes vegen og byrjar gå mot sør, kva faen i satan helvette!!??

Der er det jo sjølvsagt mor til alle køar og alt gjeng drittreigt. Etter ei dritlang stund merkjer eg at eg køyrer inn mot sentrum. Ulurt. Eg snur av (dette tek lang tid) og køyrer til slutt attende same vegen.

Eg er midt inne i det digre trafikkmaskineriet med vegar uppå og under kvarandre att – alle saman fulle med biler som umtrent ikkje gjeng framyver.

Endå ein tur

Eg gjer FAENMEG det same um att, køyrer inn på ein annan veg som viser seg berre gjeng til gokk og ikkje til umiddelbare bensinstasjonar. Satan i faen helvette so jævla vandskeleg det skulde vera å finna ein helvettes forpult bensinstasjon då!

Etter ein halvtime er eg attende i krysset, og eg veit sørenmeg ikkje kvifor. Det hadde sikkert teke 2 minutt utan kø – då kunde eg lett innsett feilen min og køyrd ein annan plass. Men kvar gong eg gjer ein liten feil no, snur inn på feil veg – so kostar det meg alt frå ein halvtime til ein time ekstra biltur. Det er nok til å kutta samtlege fingrar av seg, inkludert tær. GRRRR!!!

Og endå meir

Eg køyrer inn ein tredje veg denne gongen – ein det ser ut til at det gjeng mange bilar inn i. Det snik seg av garde og etter eit par timar i den køen bannar eg høgt då eg ser dette no plutseleg vart E6 (eller noko) og at eg er på veg mot Trondheim. Javel! So fær eg berre køyra til Trondheim då! Det må vel finnast ein hekkans bensinstasjon der i motsetnad til jævla forpulte Oslo.

Eg ser ein bensinstasjon, men han er umogleg å koma til

Gah. Motorvegar er ikkje lagd for kø, det tek ekstremt lang tid å koma til ei utkøyring. Til slutt (ei tid etter eg hadde sett bensinstasjonen) kom ei avkøyring. Der låg ein bensinstasjon ganske nært, so eg hadde endeleg funne ein. No hadde det gjenge 3 timar sidan eg skulde hava levert bilen. Eg hadde nytta 2 timar på å finna ein bensinstasjon.

Kort

Eg veit ikkje korleis eg skal få sagt dette.

Eg sjekka lommaboki mi og alt eg hadde med meg. Eg hadde eit-par hundre ran (Sør-Afrikanske pengar), mange kvitteringar, førarkortet og studentkortet mitt. Ja, pluss Coop-kortet som ler i trynet mitt med kor jækla unyttig det er. Men ingenting anna. Eg kann ikkje skriva kor frustrert eg vart. Det var heilt ekstremt.

Eg byrja (med ristande hender) skriva ein ilsint melding til Rebecca det eg skulde forklara um helvete mitt, men ho ringde meg nett då. Samtala gjekk umtrent slik (eg fekk lesa dei relevante delene i Rebecca sin dagbok):

“GRRRRRARAAAARRGHHHH, EG E´ SÅ JÆVLA SINTE!!!!!”
“Ehhh, hva, hvorfor det, hva har skjedd?”, svarar ho, tydeleg redd.
“Eg har hatt så jævla mangen problemår me å levera denn´her HELVETTES bilen!!!”

Eg fortsetter med å forklåra Oslo sine vegar med alle moglege bannord eg kjem på, og endar upp med: so eg må heim å henta kortet. Rebecca fann kortet til meg i bustaden. Eg slutta av med:

“Så eg må hjemm å henta kårte, d komme sikkårt t å ta HELVETTES LANGE TI!”, etter den setninga skreiv Rebecca dette i dagboki si: “Hjelp!”.

Til Kringsjå

Det gjekk ikkje verre enn noko anna i dag. Tok sjølvsagt masse tid.

Endeleg bensinstasjon

Eg stal med meg Rebecca (som hadde laga nistemat til meg), eg følte eg trengde nokon med meg no. Me køyrde til ein bensinstasjon rett her nede som eg visste godt kvar var. Fylde på.

Til Lån-eit-vrak

Framme her att. No med full tank. 2–3 timar seinare enn sist gong. Eg gjekk mot kontoret og banna og steikte um at dei sikkert kom til å vilja taka pengar for ein ekstra dag, blodiglone. Eg kjem til døri. Og… Ho. Er. Låst.

Dei hev stengd for dagen!

Kva
faen
i
satan
helvette!!?!!?

Eg slengjer drittnykelen inn i brevsprekken og drit i alt.

Slutt

Og det er faenmeg grunnen til at eg tek kollektivtransport i Oslo! FOR FAEN!

HEKKANS DRITTVEGAR I OSLO!!!!

AAAARGH! Meg og Rebecca var nett på IKEA på Slependen (Asker). Etter me brukte nesten ein time på å finna vegen sør-vest ut av Oslo for nokre månader sidan, visste eg enkelt og greitt kvar vegen gjekk sør-vest ut av Oslo no (og dimed kvar eg skulle køyra for å koma til IKEA-en der). Grunna ein eller annan baderomsklutsleikande vassjækel ikkje hev hatt ein einaste annan idé i hovudet enn kva stinkande hundepiss og kattelort han skulle eta til middag då han skulle designa og ikkje minst skilta dei byllepestinfiserte vegane i og utanfor Oslo, so er det rett nok umogleg å finna fram. Ja, med mindre du allereie hev brukt fleire timar på å køyra feil medan du gjeldar den snørrdryppande bomringen 20-kroning på 20-kroning til du sørenmeg ikkje hev fleire pengar og må byrja bruka bankkortet slik dei kann suga pengane dine rett frå kjelda. Då kann det henda du hev til slutt lært deg den fælslege vonskapen når du hev måtta ofra dagens middag til ein kommune som sørenmegikkje klarar skilta dei inni granskauen vanskelege vegane sine ein gong.

Kven i sopplyngen veit kvar Drøbak ligg? Kven utanfor Drøbak bryr seg ein fugledrit um Drøbak? Eg pisser so totalt i Drøbak at det er rart kloakksystemet framleis fungerer. Ja. Og kva står det på alle skilti i Oslo? Drøbak. GAAAH! Ah. Faktisk. Du kann vera heldig um du køyrer motsett veg – då stend det «Drammen», som er ein plass eg veit kvar er. Men det seier meg ikkje ein flipp meir kvar i hanereiret Kringsjå ligg, eller korleis eg kjem til litt større plassar, som t.d. Ullevoll, Sinsen eller Alna. Kvifor kann ein ikkje berre skriva kvar vegane gjeng??? Eg vil tri ting:

  1. Ein stor veg? Skriv at han gjeng sør-vest, sør-øst, nord eller kva-faen. Når eg skal til Stavanger veit eg at sør-vest er bra. Vidare:
  2. Ein stor plass seier du? Ja, skriv iallfall opp dei store områdi der vegen gjeng til, ikkje sakkans Smestad som ingen veit, eller bryr seg kvar er.
  3. Og sei i frå at no køyrer du ut av bomringen, so no må du for faen meg snu um du ikkje vil ut.

Aaargrgrrrr.

Diverre er eg ikkje like sint no. Sidan eg fann fram til sist, hev fengje mat og vorte roa ned av mamma, pappa, Kitty Karina og Rebecca. Forresten so fann eg fram til slutt, noko som er heilt utruleg når ein tenkjer på kor idiotisk skiltingi og vegane er i Oslo. Eit rot verre enn bokmål (!).

Forresten hev eg eigentleg ingenting mot Drøbak, men eg synest det er heilt utruleg at det er den einaste plassen det vert skilta til i Oslo. Og det gjer meg veldig, veldig sint.

Helg i Kviteseid

Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)

Me hadde ein fin biltur fram, trass i at me køyrde oss vekk. Eller, eigentleg ikkje – eg hugsa stoppet me køyrde forbi, men trudde me kunne velja ein annan veg. Etter eit par mil var eg heilt vekk. Me fortsatte og fortsatte. Etter kombinert dopause og kartlesing fann me ut at me var på veg til Hovden. Litt lengre oppe låg Haukeli. So eg hev no køyrd yver Haukeli for fyrste gong. Me vart mykje raskare framme enn det eg hadde rekna, men eg trur likevel Haukeli-vegen er lengre enn om Åmli.

Var flott i Kviteseid som alltid. Herleg og roleg. Det er ein fantastisk plass, ingen støy. Det er so rart å kjenna det på kroppen. All ljoden ein normalt ikkje merkar når ein er inne heime (i ein by) summar heile tidi i bakhovudet. Me hadde eit par rolege dagar, der den største oppgåva var å laga middag kvar dag. Det var veldig moro, men vart ein god del omelett (som eg hev vorte so god å laga :p Heh). Me hev lese bøker og Rebecca hev inspisert huset. Herleg.

Men det hev ikkje berre vore fryd og gaman i laupet av helgi. No er eg på NMU sumarleir, og i går var eg på Landsstyremøte. Eg hadde miksa datoar slik at eg trudde LST-møte = 11, og leir = 12. Diverre viste det seg at LST = 10, og leir = 11. Eg hadde kaupt billett til Rebecca den 11, og hadde planlagt å vera saman heile den tysdagen òg. So fekk eg dette problemet, eg måtte vekk ein heil dag fyrr Rebecca sitt tog gjekk. Ganske teit.

Me måtte dra kl. 0730 tysdag for å få Rebecca av på toget, og meg på LST-møte. Me hadde ikkje rydda skikkeleg natta fyrr so me drog ikkje fyrr 0800. Då hadde me tvo timar til toget gjekk. Det skulle gå bra, sidan Gule sider rekna at me ville bruka 1t 50min. Eg veit eg er raskare enn det Gule sider reknar. Me klarte å køyra feil. Ganske. Tenkte det var for seint å snu. Burde ikkje tenkt slikt, ein time seinare var me der me skulle på E18. Ein time sløsing, ein diger omveg um Skien. So kom me bak trailerar og måtte køyra seeint. Me kom 20 minutt for seint etter ein god del feilkøyringar til. Vondt.

Mista altso andre tog, og måtte ut med endå meir pengar. Måtte venta til neste tog, hadde omtrent ikkje bensin att. Me fann det, fann mat (bensinstasjon) og såg American Beauty i bilen. Etter fire timar kom toget.

Eg fann ut frå Rebecca at ho ikkje betalte togbillett til Stavanger, so det vart ikkje so mykje pengar brukt lell. Men turen var alt i alt superfin. Berre irriterande kor mykje problem som dukka opp.

Nei! Låst ute av bilen!

Bakre sete i bilen brote oppTo nyklar til bilen, éin til bagasjerommet – det er alle nøklane som finst til Toyotaen. Alle desse tri låg og gassa seg i bagasjerommet på Toyotaen inntil ein halvtime sidan. Phew. Eg er svett og sit deilig og naken foran datamaskina etter ein fantastisk dusj. Det var ein slitsom operasjon å få nøklane ut igjen.

Ny film; «Dolls of Today»

Helene hev skrive eitt nytt manus. Denne gong til konkurransa The Cube of Ibsen, der fyrstepris stikk av med 20.000 (det var den me skal ha, (haha, liksom!)). Tri dagar før eg stakk til Kroatia spurde ho meg om me skulle laga han på desse tri dagane. Åneidadu, det gjekk ikkje. For stress – og eg hadde ei kamera. Det hev eg no, og desse få dagane før eg reiser til Oslo (3 dagar!) skulle me liksom få dette ferdig.

Meg og Helene hadde vore åleine på Breidablikk – ein gamal plass på Eiganes i Stavanger – og filma ei superminiscene (som blei dritkul! :D). Då me kom opp til bilen, glade og lukkelege for at me klara taka scena på under eitt minutt (heile greia tok vel til saman ti minutt med omskift, rigging og alt!) + at det blei kult klara eg gjera noko kult. Hum. Ja, eg hadde då på meg dress – så hadde nett byta frå dei andre kleda. Då eg gjekk ut i bilen merka eg at eg allereie hadde bilnøklar i lomma i dressen – men eg hadde òg dei andre nøklane i handa. Jaja, unormalt å hava båe ekstranøklane og dei vanlege med seg – men eingongstilfelle er eingongstilfelle.

Helene bar kleda mine opp, eg låste opp bagasjerommet, slapp alt eg hadde i hendene oppi – ho slapp mine klede oppi og så slo eg han igjen. Så var det berre å setja seg inn i bilen å køyra. Trudde eg. Men ikkje lengje.
«Huuum, kor blei det av nøklane? … Heh, eg trur eg låste dei inn i bagasjerommet! Ehhm. Huum.» (startar å riksa på bagasjerommet).

Ein super innbrotstj… eh, innbrotsmann kjem!

Nokre minutt seinare fresar ein sprek Opel inn foran Toyotaen. Pappa hopper effektivt ut til unnsetning. Han kleiser eit «verktyskrin­» på asfalten og gliser opp mot Helene.
«Eehhh. Kva du gjer når du ikkje underviser», ymtar ho frampå. I verktyskrinet ligg ymse reiskapar som pappa har samla på oppetter åra han hev hjulpe folk å opna bilar. Det virkar som Helene trur det ikkje berre er for å hjelpa folk at Skjalg hev arsenalet sitt.
«Tak tida!», seier han med sola så sterkt reflektert i tennene at det er vanskeleg å ikkje mysa. Eg dreg fram klokka og hugsar godt forrige gong me gjorde dette – då tok det fira minutt for han.

«Hm. Eg er ikkje sikker på om nokon av nøklane ligg inni kupéen», mumlar eg, men ingen høyrer meg visst. Pappa brekk opp døra med skrujernet og firer ned den trufaste ståltråden honoms. Ser ut som om han hev fått ny, forresten. Eg forklarar Helene at tjuvar ikkje bryr seg om å bryta seg inn i bilane på slike sofistikerte måtar; dei knuser berre vindauget. Mobiltelefonen min teller tid, og pappa spør om eg kan halda skrujernet, slik at han kan konsentrera seg meir om det andre. Jadå, etter litt om og men klarar eg det. Pappa har tydeleg tidspress, klokka er over tvo minutt no – fleire gonger hev det vore rett før han fekk opp døra. Forandring av taktikk.
«Eg prøver motsett veg», han dreg «tråden» opp igjen og bøyer han motsett veg. Fikler nedi. Ahh. Nesten! Han prøver igjen. KLIKK! Mahaw! Oppe! 2:55, tok det.

Eg kastar meg med hovudet fyrst inn i bilen. Hyym. Ingen nøklar. No står me der igjen. Bakparten er mykje verre å få opp. Me prøvar diverse ting. Pappa fyk stadig fram og tilbake – eg blir i same humøret og forstår at det er viktig at me gjer alt så fort som mogleg. Eg merkjer at ein kan nå inn til bagasjerommet om ein bøyer putene bak i bilen. Det er eitt lite hòl der. Men putene sit fast, ein kan ikkje dra vekk heile seteryggen. Rotet oppå sjenken i vindauget bak blir fort rydda. Pappen blir rive opp – no startar me øydeleggja inventaret i bilen. Eg følgjer eksempelet og riv laus bak, desperat for å finna eitt større hòl til bagasjerommet. Det finn me.

Bakre sete i bilen brote opp

Hum. Så, korleis? Eg får akkurat handa mi nedi.Svetten renn nedover ryggen, det er steikvarmt i bilen og eg stresser som ein mongo inni han. Etter eitt par minutt i blinde finn eg det eg leiter etter. Ahhhhh. Genialt! :-)

Typisk at det skjer når me skal filma. Skjer alltid noko piss. No må eg eta, så er det meir filming ( ugh :s ).

Misslukka filmdag på sørlandet

Ei gruppe på skulen trengte skodespelarar. Dei ville gjera ein skikkeleg kortfilm. Dei spurde om eg kunne finna nokon, og seinare om eg kunne vera med å hjelpa til. Det ville eg sjølvsagt. Laurdag sist veke blei eg henta nedpå vegen kl. 11. Vèl nede på bensikken der bilane skulle møttast fekk me kontramelding; problemer med å finna Bjørn, guten i filmen.

Køyrde den superkorte vegen til Prix. Etter ei god stund kom den andre bilen. Idun, jenta i filmen gjekk over i den andre bilen slik at berre meg, Fredrik og Ole Magnus1 sat igjen. Sidan det var ein kassettspelar i bilen, høyrde me ein flott historie om Donald på safari. Synd me ikkje hadde boka som gjekk med, det var eit stort tap. Me blei konstant merksemd at me mangla boka då snu-sida-i-boka-di-lydene pinga.

Utstyret skulle hentast i Sandnes, på Kverneland Auto. Dette tok særs lang tid, og me kom ikkje igang før ein time etter me eigentleg skulle starta. Endeleg på veg. Me stoppa utanføre Bens kafè og gjekk inn. Sat opp utstyret og bruka sikkert ein time på tull. Ole Magnus knuste eit bilete med ramme og glas, me bruka masse tid på å finna flotte vinklar me til slutt ikkje bruka, me gløymde taka lyden til dubbinga, eg spelte elendig tilsett i kafèen og folka i kafèen blei sure pga. biletet.

Etter ei tid var me ferdig. Då hadde Helene Stenhaug òg kome saman med Børge. Ho fekk ikkje lov til å køyra med oss pga. køyreerfaringa til sjåførane. Ole Magnus og Trond er sikre sjåførar – det er ikkje Børge. Men for å lura foreldra drog ho seinare og sa ho tok toget. Då måtte ho køyra med Børge, som ironisk nok er ein forferdeleg farleg bilist. Så mykje for å vera overbeskyttande foreldre. Ikkje, ikkje bra. Neste gong skal eg køyra, eg er trass alt lærar på skulen.

Scenene på Bens var take, og det utruleg seint. Turen opp til hytta og vegene der starta. I fyrste scene køyrer Bjørn og Idun på veg til Kristiandsand, men dei mister bensin og må finna dette hos ei hytte langs vegen. Sidan Bjørn ikkje har sertifikatet måtte me trekkje bilen med ein anna. Dette skulle me gjera der oppe i isødet.

Etter me hadde snirkla oss langs sneglete veger oppover til hytta var me framme. Trond køyrde ned på ein nedsnøa parkeringsplass, Børge køyrde ut i grøfta og Ole Magnus følgde Trond. Børge kom seg ikkje opp igjen. Helene, som framleis turde sitja på med Børge, lo og lo. Me måtte trekkja han opp. Det gjekk ikkje bra. Ole Magnus sat i varebilen og gravde han lengre ned i snøen medan trekkbilen spann. Vel, det gjekk ikkje.

Så skal me berre stå her i heile evigheita? Nei. Fredrik plaga bonden litt lengre nede, medan eg byrja grava bilen fram sidan eg hadde jærbunad på meg. Jærbunad, òg kjend som kjeledress, er faktisk heilt fantastisk superherleg å ha på. Medan alle utanom meg frøys seg halvt i hjel lika eg faktisk betre å vera ute enn å sitja inne i bilen. Wohoo. Eg kunne like godt berre kasta meg ned på kne og starta den spanande utgravinga.

Etter eg hadde gjort ein halv times ærleg arbeid kom Fredrik tilbake med eit par matter han hadde lånt av ei hytte. Med mattene godt plassera under hjulene (vel, eigentleg ikkje, fekk dei ikkje ned) prøvde dei ryggja opp. Men, nei. Me fekk fram den andre bilen igjen, eg sat meg i og starta dra – medan resten dytta. Eg hadde fått ei matte under dekket som i rekordfart føyk bakover då eg spant på vegen. Eg fekk hallvegs grep igjen, gutene pressa på, varebilen sto i revers. Plutseleg kjende eg at me drog. Sekund seinare var bilen oppe. Ekstase! Me var kjempeglade.

Så var alt bra. Me skulle vidare. Vår bil køyrde ned, dei kom ikkje bak. Hm. Telefonen til Fredrik ringde, det var Helene. Ho lo, og lo, og lo, og lo. I eitt heilt minutt. Det var loco. Snu, snu, sa eg til Ole Magnus. Noko me òg gjorde. Då forsto me. Den andre bilen klåra ikkje starta. Straumen var gått. Ingen straum. For å halda seg varme medan me fiksa den andre bilen opp av grøfta hadde varmevifta i bilen stått på. No var batteriet daud. Ingen av oss hadde startkablar. Me spurde dei vanlege naboane rundt oss igjen, men ingen hadde. Hum.

Me kan dytta han i gang, sa eg. Eller trekkja han i gang med ein av dei andre bilene, kom det fram. Kobla bilen til den andre, men det gjekk dårleg. Måtte dytta han på plass lell. Då bil 1 stod 90 grader på bil 2. For alle som forstår litt matte vil det tilseia at dekka på bil 1 ikkje vil bevega seg og motoren vil ikkje dreia om. Tullete forsøk. Så fekk me endeleg prøva dytta bilen heller. Det gjekk ikkje fyrst. Men eg var sikker på at me kunne betre. Ikkje alle var like interessera i å prøva på ny då. «Det går ikkje likevel». Det var eit lass folk i bilen som ikkje gjorde mykje fornuftig mtp. å få starta bilen. Alle kunne vera med å dytta og få bilen endå lengre opp i minibakken. På vegen ned kunne me god nok fart til å få start på han.

Eg treng vel ikkje seia det fungerte. Men… OK; det fungerte ypparleg, som alle mine planar ^^. Hihi. I løpet av denne seansen hadde eg kome med ein spådom at det ville skje eit tredje stort problem relatert til bilane. Wohoo. Spådom. Jaja. Så køyrde me endeleg ned. Eg spurde Helene med augo om ho ville koma og sitja i vår bil, – men ho hadde ikkje moglegheit. Ho ville vel ikkje vera frekk og forlata den dårlegare2 bilisten. Børge la seg fyrst og etter litt forsvann dei. Me såg dei igjen ein halv kilometer framfor oss nedover ein tynn, svingete fjellveg. Eg la merke til kor utruleg raskt dei køyrde, dei akslerera faktisk i nedoverbakken. Hum. Rart.

Så var det tid for å filma køyrescena, etter enorme forsinkingar. Med jærbunaden på slengde eg meg velvillig under bilen for å festa slepetauget. Me sat opp det trådlause utstyret medan Ole Magnus fiksa kamera klårt i varebilen. Alt klårt. Dei starta køyra. Bjørn og Idun relativt nervøse. Me stod og såg på. Plutseleg hoppa den trukne bilen noko enormt. Så stoppa dei. Der sto dei. Hum. Rart3.

Me blei så nyfikne at me måtte køyra bort. Det hadde vore kommunikasjonssvikt. Filmbilen er bilen som blei trekt. Varebilen er den som trekkjer med kamera og alt i.

  • Filmbilen hadde plutseleg bremsa (for å simulera lite bensin)
  • Varebilen blei holdt igjen av dette bremsa sjølv
  • Filmbilen slapp bremsane på grunn av sjokket og raste mot varebilen
  • Alle trudde dei ville krasja
    • Varebilen akselererte raskt for å unngå kræsj i baken
    • Filmbilen bremste for å unngå å kræsja i bakenden
  • Varebil trekker plutseleg meir framover, filmbil meir bakover.
  • PANGshwoop
  • Det kraftige slepetauget rauk…

…Og spådommen min viste seg å vera sann. Ganske fantastisk spør du meg. Idun og Helene som sat i kvar sin bil, var veldig rysta. Det blei litt mykje. Etter dette ga me berre opp og starta heimturen. Var mørkt og me hadde bruka heile dagen. Eg ville heim og treffa Rebecca, dei andre hadde òg ting å gjera.

Denne gongen hoppa Helene inn med oss, det same gjorde Idun. Blei veldig trangt i baksetet no. Eg var skitvarm (superbunaden min!!!), Helene veldig kald og Idun superkald. Var ganske moro, eg varma kalde Helene, medan Helene varma superkalde Idun. Eg fekk òg avkjølt meg sjølv slik sidan eg ikkje fekk lov å ha vinduaget ope. Fredrik satt på Jungelboka med stor entusiasme. Det tok ikkje lange tida før han sang med største innlevinga. Han kunne alle songane utenatt. Dèt er kult det! :D

Så fekk me vita kva som hadde fått Helene til å hoppa over i vår bil. Børge hadde råkøyrd nedover fjellvegen (som eg hadde sett), og berre gassa meir på då ho sa han måtte slakke ned. Heh. Det var utruleg tydeleg på ho at ho trudde ho skulle døy. Etter ein koseleg heimtur var me framme, eg hoppa ut og gjorde meg klår til å dra til Sandnes…

Det var ein relativt misslukka filmdag. Sjølv om han var utruleg morosam elles. Dei har framleis over 90% av filmen å filma. Det er jo litt demotiverande. Menmen, det går vel betre neste gong – då ein har lert litt meir. For Helene var det ein kjempekjempespesiell dag, eg har opplevd ein del liknande – men det var mykje bra på ein dag. Særs moro

Fotnoter

1 Ole Magnus, lillebror til Tor Haakon Totland i gamleklassen min, ja. :-)

2 Dårlegare tyder her farleg, ikkje teknisk dårleg – men særs lite respekt for trafikken og enorm tru på seg sjølv som superbilist.

3 Ja, eg veit eg har skrive «Hum» eller «Hum. Rart» mange gongar no. Tilogmed på rad dei to av paragrafane.