Merkelapp-arkiv: Blind

T-banen

Det kom ein mann inn på t-banen fira seter framfor meg. Han heldt mobilen sin ut på strak arm og såg rett i skjermen. Med den høgre handa laga han allslags rørsler som eg fort kjende att som teiknspråk. Han gjekk inn på denne måten, fann ein plass og sette seg ned. Såg ikkje rundt seg – berre inn i skjermen. «A-ha», tenkte eg, «han pratar med ein annan via videotelefoni». Eg syntest det var litt rart likevel, og kamera såg ut til å peika mot meg, og ikkje mot han sjølv. Det er vel lite truleg at mobilen hadde tvo kamera. Ingen andre såg på mannen so hardt som eg gjorde. Eg ville forstå. Men eg forstod ikkje og fortsette å lesa. Allereie neste stopp reiser han seg att, no hev han lagt ned mobiltelefonen og pratar stadig med hendene. Ei dame gjeng ut saman med han når han dreg. Eg registrerer det, men er ikkje interessert nok til å tenkja meir yver det.

Meg og Rebecca tek t-banen saman til byen. Eg skal til skrivarstova (hovudkvarteret til NMU), og ho kaupa gåve til Millam (lillesysteri hennar). Eg hev Narnia-boki til Rebecca og mi eiga jakka med. Etter eg hadde vore alt for lengje på skrivarstova dreg eg attende der Rebecca ventar. «Hmm, ser ut til at eg la boki att på skrivarstova», segjer eg sjølv um eg hev ein mistanke um at eg hev mista ho. Me finn ho ikkje. Ikkje jakka mi heller. «Du la boki på setet på t-banen då me tok han», segjer Rebecca. Då er ho nok i sekken til ein ny eigar no, tenkjer eg. Rebecca vert sjølvsagt sur på meg og eg unnskulder fyrst når ho spyrr um eg ikkje skal unnskulda. I mellomtidi hev heile t-banen brutt ned. So me er båe tvo stranda i sentrum. Svoltne, sinte, sure og lei oss. Etter kvart vert me vener att og t-banen byrjar so vidt å sviva. På t-banen attende er me endå gladare i kvarandre enn det me var då me drog, ei jakka og ei bok fattigare.

Rebecca tok t-banen til Oslo S 1000 i dag. So tok ho buss til Bø og tog til Stavanger. Det skulle vera tog til Stavanger, men NSB dreit seg vel ut. Eg var ineffektiv halve dagen fyrr eg fann ut eg ikkje hadde råd til det og drog til PING. På turen attende med t-banen såg eg ei sørpefull jenta gjennom ruta. Det var forferdeleg. Eg kunne ikkje gjera anna enn å tenkja masse vonde ting um ho. Jenta hang ut med heile kroppen – og ein gut heldt ho oppe. T-banen stoppa og jenta vart slept inn av guten. Han la ho ned på golvet inntil døri. Der sank ho saman, heilt utan nokon kontroll. Eg rista på hovudet, sukka høgt og las vidare. Eg hugsar mamma alltid tykkjer dei som drikk seg fulle drit seg ut, alle andre seier til meg «du synest vel me er teite som drikk, eg hatar å vera edru, for då synest eg alle er so teite». Nei, nei. Eg plar ikkje tenkja slik. Eg dømer ikkje på den måten. Men no gjorde eg det. I stor grad. Eg vert vel mindre tolerant på åri mine. Eg hev ekstremt liten respekt for folk som drikk seg dritings og synest det er tøft no. Det er berre tragisk. So yttarst tragisk. Dei som hev eit fornuftig forhold til alkohol er eg nøytrale til, dei som drikk lite og ikkje klagar yver det (verste eg høyrer) likar eg veldig godt. Fråhaldsfolk gjev mange pluss i totalintrykk. Det er sterke menneske.

Av t-banen raste eg forbi alle saman som vanleg. Folk gjeng utruleg seint. No hadde eg ikkje stort å tenkja på (for fyrste gong på tvo døgn) og undermedvitet fekk gjera kva det ville. I tidsrommet det tok meg frå å løfta beinet mitt og planta det på det fyrste trappetrinnet kom eg på svaret; han las opp ei melding frå mobiltelefonen for veninna si! So enkelt! :D