Merkelapp-arkiv: Blogg

Skriva meir i 2013 enn 2012

Eg hadde eit nyttårsforsett om å skriva meir på netsida mi det komande året enn det førre. Ingen spurde meg om noko forsett, so eg fekk ikkje høve til å segja det høgt. For å ikkje gløyma det, og leggja litt press på meg, skriv eg det like godt her.

Sjå, det var ikkje so vanskeleg, var det vel? Eg mistenkjer nedgangen er litt knytt til jobben min  Opera, der eg ikkje lengre kan skriva om absolutt alt som skjer eller eg gjer. Likevel er det ein god del ting rundt jobben eg kan skriva om, so det nok aller mest fordi eg har vorte so utruleg oppteken.

Eg sit på bussen no, og i staden for å spela Cut the Rope tenlkte eg at eg kunne oppdatera bloggen i staden. Der ser eg ein kollega koma på, so avsluttar her.

Få innspel (kommentarar) for tidi

Eg hev endeleg fengje upp det herlege arkivet mitt att, men hackane mine som segjer kor mange innspel kvart innlegg hev fann eg ikkje. Eg fær gjera det um att for tredje gong.

Same kva, noko eg hev lagt godt merke til er kor få innspel eg fær på innleggi mine. I gamle dagar fekk eg frå 2 (det var ein verkeleg dårleg dag) til 5-6-7. Glatt. I desse dagar, ikkje so mykje.

Men det hev vel stor samanheng med at Egil er so uppteken med familielivet (ikkje noko yverrasking der) og dei andre som ein gong i gamle dagar skreiv innspel hev jo totalt forsvunne (Nader, Tor Eirik (Inzi) og so bortetter). Fær jo stundom gode innspel frå kjekke folk slik at eg ser dei fylgjer med, men det er ingen som tek på seg «eg kjem med innspel på alle innleggi same kor lite eg eigentleg hev å segja».

Det er masse plass på sida mi, og sjølv um eg ikkje hev henta att alle innspeli på alle innleggi mine eg mista so hev eg dei og skal henta dei inn att. Eg er berre so leid av å setja upp netsida mi på ny heile tidi, det er so mykje kjekkare å skriva nye ting enn å fiksa i alt det gamle.

Menmen. No er det leggings, og i morgon er det nyttår, igjen(!).

«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Rett nok hev eg keia meg mykje dei siste dagane, men i dag var det annleis. Og nett difor hev eg tenkt å fylla bloggen min med endå meir ikkje-interessant informasjon som eg må lida meg gjennom når eg i ein alder av 39,5 fær midtlivskrise og finn ut at eg skal lesa alt det eg hev skrive til meg sjølv gjennom alle desse åri. Kannhenda like greitt å få vita at dagleglivet mitt eigentleg ikkje var noko særleg meir interessant den gong då som no (i 2027, altso).

So er det kannhenda ein annan grunn til at eg uppdaterer bloggen min nett i dag då. Kva kann det vera? Jo, det hev truleg tvo grunner;

  1. Eg fekk nett høyra at eg hev vore flink å uppdatera netsida mi i det siste. Det manar jo sjølvsagt fram til meir. Kvantitet er ikkje det same som kvalitet. Noko dei kjølege i innspelsfelteti mine viser; mange av dei siste postane hev få til ingen innspel.

  2. Eg fekk òg fylgjande innspel frå pappa for litt sidan:

    Odin… Det hadde vore kjekkt å få nokre oppdateringar så me veit korleis det går med deg. Her i Spania føler me oss langt vekke frå deg…

So hev eg no uppdatert trass i at det hev vore lite å segja (som viser att i totalt fråverande innspelsmengde).

Og det held fram, endå meir sjangerkorrekt enn sist:

Middag

I dag åt eg lauksuppa. Eva lagde. Ros til Eva.

Vitjing

Mariell og Jostein kom på vitjing. Kos. Me drog upp på loftet der eg aldri hev vore. Eg fann ein diger stabel med tingi mine der uppe, Helene hev bori[2] alt upp. Ros til Mariell, Jostein og Helene.

Puslespel

Janne-Kristin hev kaupt puslespel og fann det for godt å setja eg og Eva i aktivitet. So me hev pusla heile kvelden. Ros til Janne-Kristin.

Frametter

Fylg med, og vert ein av dei fyrste til å vita kva eg et til middag i morgon!

Tenkjer det burde læra JK å uppmuntra meg til meir blogging.

Heh, nei, eg berre tuller. Simon nemnde nett middagsblogging[3], og eg hev hatt lyst til å gjera det sidan den gong. ;-)

Notar

  1. Eg skreiv aldri um då eg var sjuk, trass i at eg var 5-6 døgn inne (utan so mykje som ein butikktur!) og vart ganske gal av det.
  2. Det var noko gale med dokpro-ordboki, so eg skreiv «hev bert». Fann ut av det ved å installera ordbanken lokalt på maskini, so «bori» er korrekt for «bera».
  3. Middagsblogging er uinteressant blogging. Type «kva gjorde eg i dag», der «i dag» er ein … mindre spesiell dag

Mista tvo innlegg, surt…

Eg mista jo alt eg hadde skrive på lang tid då tenarane der sida låg vart cracka. Eg trudde eg hadde alt andre plassar lell, det er no feil. Eg klarar ikkje å finna att desse tvo innleggi:

  • Berlin, Januar 2009
  • Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

Eg hev truleg innspeli til dei, men ikkje sjølve innleggi. Kann nokon plz vera so snill å finna dei fram. Dei låg på desse URL-ane rundt 24. mai til 1. juni:

  • http://velmont.no/2009/05/berlin-januar-2009/
  • http://velmont.no/2009/05/eit-halvar-med-psykisk-slit-0-studiepoeng/

Eg trudde eg hadde alle innleggi mine lagra i Liferea (nyhendelesaren min). Det hadde eg visst òg, men dei hev vorte yverskrivne av nyare innlegg, av di nokre av dei nyare innleggi hev fengje nett den same ID-en som dei gamle. Veldig synd.

Leit i cachen din (spyrst um nokon held på han so lengje), nyhendelesaren elder kva det måtte vera. Stod nok ikkje so alt for mykje der, men hadde vore jysla fint å fengje attende. Då spesielt den Berlin-tingen. Var nesten berre bilete, men ein del tekst under.

Uppdatert, gode Simon (boba) fann dei til meg.

Anatomien av ei stille-periode

So er det tusund år sidan eg hev uppdatert, og det teitaste du kann gjera er å nett skriva slike orsakingspostar for det. Kven veit, kannhenda den neste posten vert endå ein orsakingspost? Det er berre flaut å lesa. Likevel er det noko som er likt ved alle desse stilleperiodene.

Eg fær ofte stilleperioder når noko stort hev skjedd. Noko so kult/stort/tøft og flott at eg absolutt skriva um det. Problemet er at det er so stort at det vil taka lang tid å skriva. Difor fær eg aldri starta.

So når eg eigentleg hev tenkt å skriva noko smått på netsida mi, vert det utsett av di eg framleis ikkje hev skrive um den store kule tingen. Og slik held det fram…

No er det langt yver ei månad sidan sist. Eg trur dette er den lengste stilleperioda eg hev hatt på bloggen min etter han vart relansert i 2005.

So, eg vonar å løsna skrivebommen (heh…) med dette innlegget.

Kort skal det vera òg!

Heime til jól, lite utetid, butikkar i Stavanger

I dag kom eg meg endeleg litt ut. Fyrst hang eg og Falke (og Willy litt) upp ljos på det helder digre treet utanfor trappa vår. Etter det var eg i byen med Espen. Eg hev vore ute fyrr, såg etter spel i Stavanger sentrum, men alle butikkane hev jo lagt ned. Byen liknar seg sjølv på ein måte, men sjølve innhaldet i byggningane er endra.

Det med butikkane er ganske rart; der det ein gong var DVD-ar, spel og datautstyr er det no klede for jentor. Nettopp, det var jo nett det byen mangla; fleire hekkans kledebutikkar. SNORK!

Kannhenda dei burde oppretta eit par-til frisørar òg, so hev me til slutt berre frisørar og kledebutikkar i byen 1. Treng jo ikkje stort anna!

Eg kom til Stavanger (heim) 16. desember. Det viste seg å vera litt unaudsynt. For den 16. datt epostsystemet vårt ned, og eg vart sitjande frå tidleg morgon til seint på kveld dei neste dagane for å fiksa alt saman. Dei fyrste 3 døgni, frå 17.-20. var eg ikkje ute i det heile teke. Vel, 20. var jo brullaupet til Buster og Randi (wey!!! :D) so då måtte eg ut, men fyrr det var det helder sørgjeleg. Ingen vits å draga til Stavanger for å sitja å jobba.

Helene kom for å vera med i brullaupet, og då ho kom hadde eg altso ikkje vore ute. Vert vond i hovudet av slikt. Difor var det deilig då Falke spurde um eg kunne køyra stigen frå Park og Idrett (elder natur og park, elder kva dei heiter) upp til huset. Etter det var eg so godt i siget at eg gjerne ville hjelpa med å putta ljos på treet vårt. Det var kjempedeilig. Eg misunner han ganske mykje for å hava ein ute-jobb. Eg er ingen ute-mann, det eg driv med er for det meste på datamaskini. Likevel so er det intenst deilig å jobba ute.

Eg må gjera meir slikt i framtidi. Eg hev ikkje fengje jóleroi yver meg, eg skulder det på fira ting i prioritert rekkjefylgja:

  1. At eg ikkje hev evna leggja meg til rett tid
  2. At eg hev sitte inne for mykje
  3. At eg hev irriterande jólegåvor att å skaffa
  4. Jobb, eposten som datt ned

So det avslutter eit ustrukturert trøytt bloggete innlegg frå meg.

  1. Ein vanleg Odin-kritikk av Stavanger er at me hev so sjukt mange frisørar. Eg ser dei yveralt, på kvart eit gatehjørna hev me ein frisør. Dette er spesielt rart for meg, av di eg aldri gjeng til frisør. Ja-jo, kannhenda ein gong i året – men det er likevel rart for meg at det det finst mest av her i byen er frisørar! []

OpenID, korleis og kvifor?

Ok, det viser seg at eg må forklara OpenID for folk heile tidi. Ja, saman med den opne sosiale veven er det eit digert felt. Men sjølve OpenID er lite og relativt enkelt å forstå. No skal eg forklara kvifor du skal skaffa deg ein OpenID og kvifor du lyt stø denne standarden på bloggen din.

«Men du slo jo upp med meg i kommentarfeltet på bloggen min!»

Identitet er eit problem på internettet slik det er no. Me hev ikkje ein standard for å vita kven folk er. FEIL! Me hev det no, og han heiter OpenID. Ok, sjå for deg dette:

  1. Nille hev ein blogg, ho er fælt emo av seg, so ho brukar livejournal for der heng alle emoane.
  2. Nille hev òg ein kjærast, han heiter Pytt og Panne (frå no av Pytt) og hev ein annan blogg (spytt.example.com)
  3. Dessutan finst det ein slem fyr Cato

Pytt hev epostadressa si på bloggen sin, enkelt tilgjengeleg (alle, ink. Cato veit han er spytt@example.com). Ein vakker dag vil Cato øydeleggja litt for Nille og Pytt, so han skriv fylgjande kommentar på bloggen til Nille:

Namn: Pytt og Panne
Epost: spytt@example.com
Nettsida: spytt.example.com
Jeg synest du klager litt mye nå
jeg får vondt i hue, åh!
Tror vi slår opp like greit,
hvis ikke blir jeg feit!
Så du får gå din egen vei,
for nå er jeg rimelig lei! :(

Cato hev sjølvsagt sett korleis alt på livejournal er halvdårlege dikt, og korleis Pytt sine kommentarar er ekstra dårlege. So ingen kann sjå at det er nokon andre som hev skrive kommentaren.

Det er òg problemet.

Nille ser dette og vert heilt frå seg. Ho emobloggar ein heil del på livejournal og segjer ein dum ting um det dumme Pytt hev skrive. Pytt leser berre nyhendestraumen til Nille sin blogg og forstår det slik at Nille hev slege upp med han. Og so vert båe leid seg.

Det gjeld òg for mindre kritiske ting, som å lata som um du er meg, men skriva samnorsk elder bokmål (ugh!).

Slik treng det ikkje vera!

So enkelt var det altso å lata som um du var nokon andre. Slik er det ikkje med OpenID. Ser du i innspeli mine her på bloggen eit OpenID-symbol vedsidan av namnet til den som skreiv innspelet, tyder det at bloggen min hev sjekka at denne personen hev tilgang yver vevområdet han hev skrive seg inn på.

So viss du prøver å leggja att eit innspel her i bloggen med http://www.velmont.net som netsida, vil du ikkje klara det! Du vil ikkje klara å lata som um du er meg, elder nokon andre som hev ein OpenID-fungerande netsida.

Enkel innlogging på andre sidor

Dessutan er OpenID utruleg greitt for innlogging på andre sider,—du treng ikkje hugsa allslags brukarnamn og passord på 10.000 forskjellege sidor når dei stør OpenID. Det er ganske enkelt berre å skriva inn OpenID: www.velmont.net og so kann eg skriva passordet mitt og vips – logga inn! Du kann prøva t.d. identica (mikrobloggingsida) elder Stack Overflow (programmeringsspørsmålssida).

Viss nokon er interesserte, kann eg skriva korleis du kann få ein OpenID og kopla han til netsida di (det er enkelt!). Køyrer du WordPress som omtrent ingen eg kjenner gjer, kann du bruka OpenID-innstikket til WordPress.

Blog Action Day, Børge er friganar (freegan)

Som del av Blog Action Day, hev kamerat Børge nett skrive at han er ein friganar (freegan), som vil seia han lever på andre sitt yverforbruk. Melder seg ut av forbrukarsamfunnet og brukar ting folk kastar. Ein reaksjon på presset miljøet er i no. Veldig bra, veldig kult. Eg klarar aldri å finna noko på Kiwi sjølv – men Børge er veldig flink til det. Eg stør prosjektet honoms fullt ut. Då eg var liten rota eg ofte i søpla til folk – fann dritmykje kult (og nyttig).

Ping lyt skaffa seg blogg

Me hadde ein, men ingen skreiv noko – so han vart lagt ned. No sit Erik og speler gitar via Linux-boksen til mortehu og inn i MIDI-keyboadet til Erik. Korleis inni svarte natta gjeng dette an, spyrr du som kann litt um musikk. Jodå; det er ganske enkelt, gitaren hev vorte ein MIDI-gitar(!!) og mortehu sin boks cat-er /dev/midi1 (gitar) inn til /dev/midi2 (keyboard) medan han teikner opp kva strengane speler i fargerike strekar på skjermen.

Det hadde vore ein ganske stileg video, eller eit kjekt blogg-innlegg; men sidan ingen i Ping gidd halda ein slik blogg ved like (eg gidd ikkje skriva engelsk) vert det lite av. Hadde me hatt eit videokamera hadde det kann henda vore meir gjevande å laga ein videoblogg; på ein måte er det mindre stress.

Det er ganske moro å sjå Erik sitja å spela elgitar, men det er ikkje gitarljod me høyrer – men eit flygel (eller kva du vil) som spelar. Høyrest vel eigentleg ut som um det er tvo stykk som speler saman, piano og gitar. Feitt. ;-)

P2k med lås, døropnar, NAD-volum-kontroll og PMS

Det er mange prosjekt som burde vore fortald um her.

P2k4 med lås

P2k er eit kjøleskåp som er kobla til ein datamaskin; datamaskina held styr på kva som er i kjøleskåpet og kvar brukar hev pengar på kontoen sin der. Når ein kaupar noko vert det trukke frå kontoen, set ein noko inn fær ein det varone kosta. På den måten «tvinger» systemet folk til å halda kjøleskåpet fullt.

For ei tid sidan sat me inn lås i kjøleskåpet òg – slik at ein ikkje kann opna det med mindre ein loggar på datamaskini. Med «me» meiner eg altso at eg stod og såg på medan dei andre jobba. Men det skal nok gå greitt um eg set meg inn i det ein dag og prøver. :-)

Døropnar

Utanfor døri til Ping står ein skjerm som visar ASCII-video frå eit vevkamera. Veit du ikkje kva ASCII-video er, so er det video vist som tekst. Sjå på biletet for å forstå:

Ascii-webcam

Um du vil inn, kann du slå på Blåtann-mobilen din (Bluetooth) og døri opnar seg (um du er Ping-medlem). Hev du ikkje Blåtann-mobil, som meg, so skriv du berre inn brukarnamn og passord på tastaturet; so opnar døri seg. Fyrr nytta me ein CD-spelar på baksida av døri for å opna ho; men no nyttar me ein ekte elektronisk lås – visstnok veldig, veldig sikker og god. Moro å sjå korleis dei hev lodda det til for å få alt til å fungera. Sers moro :-)

PMS (for Playstation 3)

PMS er vel eigentleg berre programvare, so langt eg veit. Ping PS3-en (Zelda heiter han visst, mortehu fekk han av Sony) vert brukt til å spela musikk frå alle datamaskinone på PING, men òg for å sjå filmar (XviD, x264, Theora, DVD, Blueray(!)…) på prosjektoren. PS3-kontrollen brukast til å styra PMS; so faktisk måtte det til litt hardware òg. Sidan det ikkje fanst noko bra mediaskal for PS3 Linux laga nokon på Ping det (eg tenkjer meg mortehu utvikla det med hjelp frå diverse folk). PMS er vel òg laga for å integrera lett med resten av PING, som bringar meg vidare til:

NAD-link, volumkontroll direkte på forsterkar

Logg inn på ei maskin på PING, spel noko musikk og trykk Ctrl + +. Sjå burt på NAD-forsterkaren; kva er det du ser? Jo – volumhjulet på forsterkaren gjeng rundt! Det er supertøft og veldig bling-bling. Det finst ei sida på netet som forklarar formatet på NAD-linken, det måtte dei reverse engineera.

Og masse meir

Det er nok masse eg ikkje kjenner til og/eller hev gløymd. Men utanom dette so hev me ofte filmkveldar og gjer andre koselege ting; et saman, ordskiftast, speler osb, osb. So det hadde vore moro um Ping hadde hatt ein plass på veven for å visa kjekke ting me gjer. Me hev jo Ping si heimesida og wikien, men det vert ikkje til at det er oppdatert. Jaja, er nok ikkje so viktig so lengje me hev det moro her. :-)

Jarle Fagerheim hev skaffa seg ny blogg

Min gode ven Jarle Fagerheim hev skaffa seg ny blogg. Dette gler meg, sidan Jarle seier veldig mykje fornuftig og skriv godt. Eg hev endå ikkje prøvd, men eg ser fram til å skriva ein tekst på høgnorsk. Slikt eit systematisk og herleg språk! Elles driv eg så smått på med å lera meg Esperanto-språket no. Kanskje eg kan dra på konferanse neste sumar?