Merkelapp-arkiv: Blogg

Kortnytt i nyhendestraumane

Eg la til Kortnytt i nyhendestraumane (RSS) no. Tenkte dei som abonnerer på nyhendestraumen vil at det skal vera noko nytt litt oftare, då er jo dei små fillesakene i Kortnytt greitt å ha med.

Forresten, vil de at eg skal leggja heile innlegga mine ut i straumen? Om eg får eit par ønskje om dette, skal eg gjera det.

Dyr rekning for heimesida

Då dumpa ei rekning ned i postkassa. 660kr for vevhotellet mitt der eg hev heimesida og alt. Hum. Eg synest det byrjer bli litt dyrt eg. Er sikker på at det finst mykje billigare løysingar no for dagen. Kanskje eg burde bruka hotellet meir då, sidan eg betalar så mykje. Kanskje eg får eit spark i baken og skriv litt meir? :P

SATAN INNI HELVETTE DRITTSYSTEM!

SATAAN INNI HELVETTE!! No hadde eg nett skrive eit superlangt innlegg om nynorsk. Bruka over to timar. Sjølvsagt klåra eg gjera noko litt for fancy på tastaturet slik at eg mista jævelskapen! INNI ÆÆÆÆÆÆÆÆÆRGH!!!! :((((( Faen! Neinei. No får de heller venta to veker til på oppdatering. NO ER EG LEI FOR FAEN.

Endra design på sida

Endra heimesidedesign, forsida ser mykje betre ut no. Med oppdateringa så vil heimesida sjå litt rar ut i Internet Explorer; men det drit eg i. Gidd ikkje fiksa det, dei som brukar IE ber om det, nemlig.

Eg skulle posta denne, men så klåra sjølvsagt IE å koma med feil-side, når eg gjekk tilbake var det eg hadde skrive vekk; det er typisk IE (dårleg måte å gjera ting på). Om du vil sjå korleis sida mi eigentleg ser ut, bruk ein bra nettlesar som FireFox.

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Forventningar

Plutselig, plutselig fekk eg enorm god respons (alt er relativt ja..) på sia mi! Sjølv om det har sine enooorme positive sider satt det også stopper for skrivinga mi ei lita stund (perioden er ganske åpenbart ferdeg)

Eg har skillt ut noko tekst ifrå “Vill Mandag”(eller kva eg vil kalle han når eg legg han ut på sia) artikkelen fordi eg ville ha ting litt mer strukturert. Dét gagnar jo alle! :) Eg har nokre dagar kor eg er i eit spesielt humør, desse dagane skriv eg av og til eit tekst-stykke – når eg så gjør, blir artikkelen betre enn dei vanlege. Det er jo både vél og bra, men tingen er at eg følar eg får forventingar :| Så sist uke skreiv eg ikkje noko fordi eg ikkje ville skrive dårleg :P Ja – idiotisk til tusen, eg innser dét, derfor skriv eg nå igjen.

Ofte skriv eg tekstane mine på tirsdager, dei to siste skreiv eg på tirsdager så langt eg huskar. Er visst noko med denne dagen, sjølv om eg tror det var 2 ukar siden eg skreiv “Sykkelens Genialitet”. Den artikkelen fekk eg veldig god respons på – “Du skriv bra Odin!” fra masse Noreg-venner eg ikkje heilt hadde forventa å få det ifrå. Men allikevel, den fysste personen som sa han leste på sia mi og likte det var Salve – han sendte meg mail faktisk, slikt likar eg veldeg godt :D Han tok ein aktiv side og skreiv. Slikt trudde eg bare det var eg som dreiv på med :P

Uansett, det eg skulle sei var at det var ganske vanskelig å starte å skrive noko nytt fordi plutselig har folk forventningar. Offagmeg :| Men eg fant ut at sjølv om neste artikkel ville bli elendeg måtte eg skrive – dokumentere kva som skjer :P Visst ikkje gløymer eg det. Eg tar backup av databasen min med visse mellomrom slik at eg ikkje mistar informasjonen, dessuten har eg alle filane på skolenettet+laptopen. Dette er alt fordi når eg blir stor og gløymer mykje av mitt Oxford-år kan eg lese dette! :D

Som tidligare antyda blei eg svæært så glad av all tilbakemeldingen, de veit ikkje kor mykje det betyr for meg. Eg bør nevne eit par kjekke folk som har likt sia mi til slutt: Mamma og Pappa (dei har no alltid vært positive ;) ), Salve, Tor Eirik, Simon, Egil og Buster :D :D Tror iallfall det var slik, har nok gløymd nokon, men slik skal ein bare forvente då eg aldri har vært flink til å huske slike ting :P Kari og Søren Christian – dei kjekke naboane våre var også dei fysste som kommenterte sia mi etter Mamma og Pappa ;D