Merkelapp-arkiv: Bok

;libris i Oslo

;libris 1 Grensen er ein ny bokbutikk i Oslo. Eg ville skriva at dei hadde «snart opnar me»-skiltet sitt på nynorsk, men fekk aldri gjort det (som dei fleste idèane mine). Eg var litt usikker på um det var nynorsk i byrja (for alt utanum eitt ord (opning) var språknøytralt), men fann ut at det måtte vera det.

Men i dag då eg og Helene spaserte upp mot Det Norske Teatret for å sjå «Kjærleiken overraskar igjen» (ja, det høyrast keisamt ut) tok me oss ein tur inn.

Gu» for ein flott plass! Stor og fin, tri etasjar laga på ein særs innbjodande, open måte og med eigen kafè (med k ;-) ). Tridje etasje er barneavdeling, med dissar (evt. huskar) og kosedir. Vegen upp doblar som sitjeplass (typ gresk amfi, nesten) og det heile er som tidlegare sagt veldig fint.

Det kjenst som um eg skriv ei bokhandel-melding – ein sjanger eg må segja eg ikkje hev skrive so alt for mange innlegg i.

På veg upp stogga med framfyre ein av desse hyggelege tilrådingslappane frå personalet – og var ikkje den lappen på klingane nynorsk! So fantastisk herleg. Teksten um ­«opning» var altso nynorsk slik eg våga satsa på (biletet er ikkje av teksten me såg 2, eg finn ikkje bileta eg tok).

Uppe i barneavdelingi las eg gjennom fyrste kapittel av «Tonje Glimmerdal». Ei søt jenta spurde Helene um me trong hjelp. Ho hadde eit herleg målføre og Helene var freidig nok til å spyrja um ho var jenta bak nynorsken i butikken. Det måtte ho innrømma, stadig usikker på um me meinte det ein positiv elder negativ ting. Ho fann fort nok ut at me var positive då me roste ho so mykje det lot seg gjera utan at det heile vart kleint elder rart.

«Ja, såg det uti gata her fyrr de opna – utruleg kult. Eg hev prata med eit par andre som òg la merke til det,» sa eg. Ho hadde tydelegvis ikkje fengje for mange positive kommentarar på det fyrr.
«Hehe, hyggeleg, dei fleste trur det er ei feilskriving.»

Godt å kunna rosa slike modige og hyggelege menneskje – eg vonar fleire stikk innum butikken og gjer noko liknande dersom det høver seg slik. Same til kven eigentleg – so lengje personalet fær vita at det er ein styrke å ikkje berre ha alt på bokmål. Det er ein heil del folk som set pris på slik, og i tillegg vert butikken meir personleg og «ekte».

  1. Eg skriv framleis ex;libris eg, men hadde problem med å finna netsida deira slik. Hev vel endra namn. []
  2. Eg søkte etter bilete av det på netet, og fann innlegget varmande nynorsk i ein grå hovudstad, fantastisk herleg å sjå! Òg moro at denne anonyme personen gjer seg uanonym ved å lenkje til Ida, Mariell og Vebjørn sine bloggar i tillegg til nynorsk.no og målungdomsnetsidene (må få upp dei nye…). Heile bloggen honoms såg eigentleg veldig kjekk og koseleg ut (trass i at han er på ukule blogg.no). []

Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows

Då er eg ferdig med å lesa den siste Harry Potter-boki, Deathly Hallows. I går natt var meg, Rebecca, Tonje og ein haug andre i byen for å kaupa boki eitt minutt yver eitt då ho vart sluppe. Fredagen fyrr fekk eg ein utruleg hug til å lesa boki raskt. Ikkje la heile verdi få lest ho fyrr meg. Og no er eg altso ferdig, ikkje alt for lengje etter det var mogleg å få henne. Og du treng ikkje lesa med lukka augo, for eg vil ikkje spolera boki.

No vil eg eigentleg berre fyka av garde, so eg limer inn ymse ting eg hev skrive til andre. Ein lett enkel måte å unngå å seia dei same tinga om att heile tidi.

Meg og Børge um «spoleringar» (spoilers, uh)

me: Hei, ferdig med Deathly Hallows?
Børge: nope, har akkurat startet på kapittel 9
du er alt for rask! : )
me: hehe. [nose smile] Koseleg.
Herleg at du tek deg tid, berre ikkje kom borti for mange folk som vil øydeleggja for deg.
Det er no same kva ganske vanskeleg, sidan boki er komplisert nok til at det er umogleg å «spoila» mykje med mindre du ynskjer å høyra det sjølv.
Børge: nei, det er det jeg er redd for, da..
ok, godt : )
me: Og dei fleste spoilarane eg hev lese no er berre tull.
(eller ikkje serleg viktuge)
Eg klarar ikkje formulera ein skikkeleg bra spoiler sjølv heller, for det finst eigentleg ikkje [tongue]

Meg og Leif Arne

Leif: [Leif Arne tinga boki til jobben] So eg får henne i morgon.
me: Hum. Er best å kaupa i butikken [nose wink] Då fær ein boki med ein gong.
Leif: Du har nog rett!
Men du er ferdig?
me: Ja, eg var ferdig for litt sidan. So no hev eg ete, dusja, rydda huset, teke ut av oppvaskmaskini og alt anna som hev ligge brakk sidan i går natt.
Leif: hehe
Då var ho god lesnad?
me: Ja, absolutt-absolutt [grin]
Leif: Trist å vera ferdig med serien?
Sent at 7:54 PM on Sunday
me: Nei, den siste boki er so ekstremt god og so fantastisk herleg spanande, oppklårande og søt at det berre kjennest godt. [tongue]
Leif: Oioi, det er imponerande.
me: Detaljert med mykje herleg informasjon, mange hopp, krinkar og krokar. :]
Leif: Eg gler meg alt.
Kva er sidetalet?
me: 607. [nose smile]
Leif: Det er kann henda til og med stuttare enn den førre?
me: Ja, ikkje veit eg. Ganske likt vil eg seia. Ser iallfall like feit ut.

Møte med Pappa og Falke i London

Etter nesten tre måneder uten noko særleg kontakt med familien min utenom mail skulle Pappa ned til London for å fremkalle 16 filmrullar – Falke ville være med og eg måtte sjølvsagt ta meg ein tur for å se dei ;)

Eg hadde bestilt billigbilletar med Megabus ei uke før – med dette geniale selskapet får du den 1 time og 40 minutt lange turen til London for bare 12kr! Heilt fantastisk. Bussane er rektignok av lav standard, men kva er no ikkje? – Etter 1,5 timar med hjemmeside-hacking på bussen var eg framme og fant hotellet.

Var enno litt tid før folka kom så eg stakk til byen for å sjekke ut livet. Eg var svolten og ville – fornufteg som eg er – ha noko å ete pga dette. Det burde ikkje være for dyrt så eg fann meg luskande inn i nokon smågatar av Oxford Street. Eg likte ikkje dei gatane noko særlig sidan eg heile tida fekk tilbud av tvilsomme kvinnfolk med mistenksomt lite klær om å komme ned trappa inn i “klubben” deira. Eg såg overlegent dumt på dei slik at dei kanskje kunne innse kor enormt hemma dei var. Og dessuten spør ein gamle ekle grisar om slikt, ikkje unge oppegåande ungdom fra Noreg! Helsikken, kva dei trur eg er!? :|

Eg fann meg noko å spise til slutt – tok litt tid sidan eg IKKJE ville gå på verdens(i England) eklaste burger-sjappe “Burger King” (alt der inne smakar drit) og heller ikkje kapitalistiske bajs-emperie MacDonalds… Eg blei trøtt av all gåinga og måtte finne meg ein plass eg kunne henge, så eg jekk inn i ein diger bok-sjappe og planta beina trygt i “Computer” delen under “Linux” og “Programmering” (wohoo, masse DIGG bøker :D ). Før eg visste ordet av det hadde 2 timar gått og eg skulle møte folket. ;)

Neste morgon måtte me levere de 16 filmrullane til Pappa for filmen “Før Frokost” til ein film-lab i Soho. Det var tidleg på morgonen og det regna då me traska gjennom Soho’s gatar for å finne dette labaratoriet. Då me fann det filma eg då Pappa fekk overlevert filmrullane før me stakk til byen for å sjå på ting og tang. Eg var med Falke og Pappa i tre dagar :) Me spiste på restaurant kvar dag – godt med litt skikkeleg mat i motsetning til kva eg er så godt vant med her i Oxford.

Då eg va heime i Oxford jekk eg rett bort på Pub Oxford fordi eg visste det ville sitte folk der siden det var mandag – og det var rett. Så eg fekk snakka litt med ein koseleg hackar med navn Tom før eg jekk heim. Han jobba i eit sikkerhets firma som hacka klientane sine mot betaling – etter dei hadde klart å bryte inn i systema så skreiv dei diverse rapportar på svakhetar o.l. Ganske mange stilige historiar han hadde å fortelle, men de er konfidentielle så eg ska ikkje legge ut om dei her ;P