Merkelapp-arkiv: Bot

Hekkans dritt-inkasso!

Kvifor kann eg ikkje berre få vanlege hekkans rekningar? Då eg kom heim frå ein månad i Stavanger vart eg møtt med eit digert inkassokrav; straumrekningi hadde eg båe fengje og gjenge ut i laupet av tidi eg var i Stavanger. Eg hev ingen problem med å gjelda straumrekningi slik han er i fyrste umgang; men dei (Scandinavien Fuckings Electric Energy, høyrast sers dansk ut) driv å sender det gjennom faens Lindorff heile jævla tidi. Kann dei ikkje berre senda rekningane til meg i staden for å senda dei til Lindorff som tek 150% oppå den førre rekningi? 200kr for straum? Javel, då tek me 300kr for å senda eitt jævla papir.

AvtaleGiro

Veit de kva som er endå verre? Eg hev jo sørenmeg AvtaleGiro med ScandinaviEN Fuckings Electric Energy; eg må nesten innrømma at eg er ganske dårleg til å halda styr på kva rekningar som er gjelda og kven som ikkje er; men eg trudde AvtaleGiro gjorde alt slikt enkelt.

Og kva med å senda purring? Ein lett måte å tena 50kr ekstra på for firmaet; i staden for å «outsourca» driten til helvettes Lindorff, det superduperkapitalistiske mongoselskapet som er so grådig at det sikkert hadde drepe sine foreldre um dei hadde eit par hundrelappar på konto. Pisseselskap.

Jaja, no gjelder eg endå eit stygt inkassokrav; men no er det best at det ikkje vert fleire. Og kvifor hev ikkje universitetet AvtaleGiro på semesteravgift!?

Eksamensperioden starta att

I dag var den store eksamensdagen. Ikkje berre ein eksamensdag, men den store. Eller, spesielle. I dag var eksamen i inf1400. Eg hadde ikkje lese ei einaste line tekst i dette faget (utanom det som vert pressa i deg) og var pisseredd for eksamen. Kjende ikkje som um eg hadde kontroll på nokon ting.

Heile morgonen gjekk til med lesing; sjølv um eg ikkje kjende eg fekk stort utav det (var mykje eg visste frå fyrr). Eg vart likevel litt tryggare på meg sjølv då eg las. Rebecca forheksa meg slik at det skulle gå bra. Det var godt. Me hadde lov å hava med allslags hjelpemiddel på eksamen, diverre ingen datamaskiner eller internett (der Wikipedia ligg), so eg tenkte eg måtte skriva ut noko. Sjølvsagt hev eg ikkje læreboki, for dei plar eg jo aldri kaupa.

So ein time etter eg hadde funne ut at raui mi skulle dra til Ping, fekk eg lyfta ho. Difor var eg der berre 20 minutt fyrr eksamen starta, og no skulle eg byrja skriva ut alt pensum frå ymse PDF-ar ute på netet. Det kunne ikkje gå bra. Eg fann til slutt ein dobbelt-skrivar (tvo skrivarar som jobbar parallelt og er difor raskare) og sprang upp til Fysikk-bygget. Eg kom inn i eksamenslokalet då dei sa «blablbalbla, då startar me!». So det var på håret :p

Eksamen startar

  1. Eg fekk eksamen. Han var på bokmål.
  2. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  3. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye. Det ville eg ikkje av di eg kunne godt lesa uppgåvone medan dei fann den nynorske.
  4. Eg fekk eksamen. Han var på engelsk.
  5. Gah, gidd eg stressa meir? ….
  6. Javel. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  7. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (um att).
  8. Ein ny fyr kom. Han ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (atter ein gong).
  9. Eg venta litt med den engelske eksamenen.
  10. Endeleg kom den nynorske eksamenen min.
  11. Han var sjølvsagt elendig skrive. Menmen. Nok klaging.

Det viste seg at eksamenen var fleirvalsoppgåvor!!! Wow. Eg las gjennom han. Dette skal eg klara.

No sit eg her og er utruleg glad (eigentleg ikkje, men det kjem eg attende til)! Eksamenen gjekk dritbra! Eg trur eg svarte bra på alle oppgåvone. Jei! :D

Kvifor er eg ikkje so glad lell?

På t-banen heim… Eg tenkte eg skulle spara litt pengar (for det er berre nokre få dagar att i Oslo, ikkje nok til månadskort) på å snika på t-banen. Det vart dyrt. Jævla dyrt. 900 kr dyrt. Faen i helvette.

Men bra lell

Men Rebecca er her, og ho er god. Dessutan hev eg fødedag i morgon; og eg veit Rebecca kjem til å gjera det til den beste eg nokon gong hev hatt.

So i morgon skal eg vera glad! Hihihi. Eksamenen gjekk jo bra… :-)