Merkelapp-arkiv: Bustad

Hussjåing

Eg og Helene var ute på visning i dag. På nedre, kanten av og øvre Grünerløkka.

Me såg på tri bustadar.

Det var ganske moro å sjå dei same folka koma på alle visningane.

Den siste bustaden var veldig nært båe Bitraf og Opera. Me hadde mått ut med 1.2mill for den. Soverommet var alt for lite då, senga vår hadde nesten ikkje fått plass.

Helene på visning i siste huset på øvre Grünerløkka

Utpå dagen gjekk me til Bitraf og åt pizza. Eg sit her framleis.

Skal forresten kjøpa ny datamaskin.

Høg musikk midt på natta

Eg skulle eigentleg skriva dette i eldvondt sinne, og truleg lira av meg alskens bannskap og det som verre er. Slik eg ofte likar å gjera. Men, vel, det vart aldri slik av di neste morgon hadde eg nesten gløymd det.

Dei over oss i 4. etasje festar ganske ofte på torsdagar. Stundom på fredagar og laurdagar òg. Men oftast på torsdagar. Resten av naboane tek nemleg andsvaret for å gjera fredagane og laurdagane so vonde som mogleg på eigenhand.

So, torsdagsgjengen hev øydelagd mang ei nattesvevn for eg og Helene. Dei dura på med heilt sinnsjuk høg musikk og styggvond bass som fær glasi i skåpet til å klirra, og fruktdrikkmiksaren til å taka enno eit skritt nærare kanten av sin bane. Ja, so mykje dirrar det, so ekstremt høgt speler dei.

Nokon andre hev truleg forklart dei at dei ikkje må spela so høgt, av di denne kvelden var det ikkje so høgt at eg ikkje kunne høyra mine eigne tankar. Litt småirritert sovna eg litt etter 0115. Ikkje gale det, for ein festtorsdag.

Men, so. På slaget 0400 (omtrent iallfall) vaknar eg brått. Glasa klirrar og bustaden vår høyrast ut som ein nattklubb. Eg kann tilogmed høyra diskanten klårt og tydeleg, den som normalt ikkje går gjennom veggar og golv. Eg prøver febrilsk å sovna att. 0500 gjev eg upp. Eg fiklar med mobilen til Helene og søkjer på nabobråk og lurer på korleis det er med politiringjing o.l.

Eit par forum fær meg på idéen om å kutta straumen deira dersom me hadde felles straumpanel. Me he hev jo det, men veit ikkje um det er ein hovudstraumbrytar der. Eg måtte òg finna skikkeleg ut kven det var.

Eg stod upp og kledde på meg. Då eg opna døri ut i gangen so vart eldvond; det var ekstremt høg ljod der ute. So jævleg respektlaust!

Eg fòr upp trappane og ringde på til Fredrik, Gaute og Fredrik (dei er sikkert frå Bærum). Dei høyrde det ikkje. Enno ein gong. Nei.

Songen slutta. Eg ringde på. Lengje. Dei hadde faktisk ein ljosbrytar til ringjeklokka, so eg kunne faktisk berre trykt han på og gått (tenkte eg på etterpå). Dei skrudde av og eg høyrde dei byrja bevega seg kjapt.

Eg var bra sint og hadde tenkt å sjella dei huden full der og då. Men dei kom ikkje ut. Eg venta eitt minutt. Og so snudde eg og gjekk ned.

La meg, og sov godt, alt for lengje. Vonar dei stoggar det stuntet der. Same kva, neste gong gjeng eg oppatt med ein gong, slik eg gjorde no. Det er utruleg skummelt å gjera, men eg trur dei vart mykje reddare. Ærleg talt, tør ikkje opna døri ein gong!

Bustaden i Fredrik Meltzers gate 38

Mamma spurde so frekt um 50-100 bilete av den nye bustaden. So heldig er ho ikkje, men eg kunne ikkje godt segja heilt nei helder, so eg tok eit par-få bilete og ein video:

Me var utruleg heldige som fann ein bustad, det var faktisk ganske vandskeleg å finna noko som var fint nok til at eg fekk høyra Helene syngja um morgonen, som kosta mindre enn noko som ville totalt ruinert oss (no ruinerer det oss berre) og som var ganske midt i sentrum. Men det gjorde me altso til slutt!

Det var ein del ting å fiksa, som det alltid er når du flytter til ein ny plass. Mest upplagt er badet, der det hev vore ei vasslekkasje, slik at det skal fiksast av folk no i helgi (når me er i Oslo). Men det var ikkje slike ting eg meinte, eg meiner meir «gjera det fint og leveleg».

Me prøver å ikkje bruka for mykje pengar, so sjølv um me fort kunne svidd av 1.5K på ein brukt sofa, so fekk eg Helene til å leita litt til. Ho var bra forelska i den sofaen, men ho fann til slutt ein som var gratis og «heilt OK».

Men korleis flytter du ein sofa frå ein ende av Bergen til den andre? Lite vits å betala 800 kr for å leiga ein bil når me stresser raui av oss for å gjera ting billeg. Det voldte meg mykje smerte, men til slutt ringde eg Dag (ven av familien) som hjalp meg med å henta og køyra sofaen til oss.

Då Helene kom heim frå den engelske plasseringstesten 1 hennar (ho fekk toppscore!) vart ho bra yverraska; sofaen var finare enn ho hadde trudd. Ho var fylgjeleg kjempeglad.

Det vetle problemet ut av vegen, til eit anna. Ljos. Staden hadde ingen ljos, rart nok. Menmen, slik var det no ein gong. So etter litt «ugh, det er ingen ljos her» eit par dagar, stakk me ut på IKEA. Litt fram og tilbake vart det sjølvsagt, men til slutt tok me berre det billegaste som ikkje såg ekstremstygt ut.

Sidan taket er i gips, og eg aldri hev gjort noko som helst med gips fyrr (åvel, laga ei maska ein gong) var eg ganske i vilska yver kva me skulle gjera. Eg ville jo ikkje øydeleggja taket.

Til slutt prøvde me no ut å hengja upp ein krok rett i taket, det gjekk jo det; lampa er heldigvis lett. Eg kaupte inn slike gips-plast-ting, men me hadde ingen drill. So rett i gipsen. Kabelen heldt eg fast med slike kabelholder+spiker-ting, og det såg heilt OK ut til slutt.

Helene hjalp forresten til. So då fekk me ljos. Og det var ein stor forskjell! Det vart totalt bekmyrkt kl. 16 kvar dag. Litt koseleg var det, men på eit punkt fær du nok ;-)

So det var det, ei lita soge um bustaden her i Fredrik Meltzers gate 38.

Forresten, no hev de alle adressa mi;

Fredrik Meltzers gate 38
5007 Bergen

To flugar i ein smekk, heh.

So no er det so koseleg her, berre kom på vitjing :-) (Helene er alltid redd for at eg er so negativ på netsida mi, so må enda det veldig positivt ;-) )

  1. Helene skal ta eit kurs for å til slutt gå upp til IELTS-testen som ho treng for å studera ved engelskspråklege universitet. []

Kom på vitjing til oss

For ein månad sidan var mamma, pappa og veslesyster Kitty Karina på vitjing til meg og Rebecca. Det var veldig koseleg. Dei fekk sjå bustaden vår, og me fekk låna bil for å kaupa ting på IKEA. Då kaupte me mellom anna hyllor. På sundag sette eg opp ei av dei, det vart ganske kult. Den andre stend stadig og latar seg mot veggen. Eg gler meg til me hev sett upp den òg, det vert supert. Då kann me prøva å rydda bustaden litt (han er eigentleg ganske ryddig) og taka eit par nye bilete. So kann eg endeleg leggja det ut på nett.

I helgi kjem det òg mange folk som er i landsstyret i NMU til Oslo, difor kjem me til å innkvartera nokre av desse. Eg trur dei fær eit fint upphald på Hotell Rebecca og Odin. Forresten gjeld dette alle saman; me er veldig glad i vitjing – og hev so langt havt alt i frå veslesystrer, til vener og familiar på vitjing. Me hev framleis ikkje innkvartert uvener eller fiendar, men dei hev ikkje spurd um å få koma; so det hev ein naturleg grunn.

So, um du framleis ikkje hev teke bodskapen: kom på vitjing til oss.

Det er forresten kult um de tek oss med på kino eller noko anna moro når de kjem; og kaupar middag til oss. Sjølve innkvarteringi er gratis, men me kann diverre ikkje spandera mat – men me vert gjerne påspandert mat!

Klem frå Odin (eg skal ikkje seia noko frå Rebecca utan godkjenning :p)

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

Korleis gjekk det med dagens gjerelista?

Tidlegare i dag (eigentleg i går), skreiv eg ei gjerelista for dagen. I morgon (eigentleg i dag) hev eg nemleg eksamen og det var ein del eg burde få gjort. No kom eg på ein ting eg burde hatt på lista: kaup togbillett til Stavanger. Jaja, får gjera det etter eksamen. Sidan berre Simon kom med innspel på innlegget er det truleg berre han som leste det; so difor fær han eitt innlegg til der eg skriv kort um korleis det gjekk (ohh, heldige Simon – dette er altso NMU-Simon, ikkje Stavanger-Simon).

So, kva fekk eg gjort? Er gjerelista følgd? Ja!

Eg fann ut at eg berre held på hybelen og gjeldar dei 5.000 kronone det vil kosta å halda på ein ubudd hybel i heile sumar. So vert det enklare for meg og Rebecca å skaffa parbustad på Kringsjå. Vil helst kaupa eigen bustad; men det er so stress og eg er so redd for å gjera det.

Eg fekk ringd Helene Stenhaug, som var sers moro. Ho er alltid moro å prata med, no skal ho visst verta journalist i Bermuda. Av alle ting. Dette hadde ho ordna i dag. Ho må vera den mest impulsive frie (og «galne») personen eg kjenner. Ho er betre enn meg på mitt aller beste (nokon vil seia verste), og ho er det heile tida. Ho er heilt fantastisk kul.

Alle skulegreione gjorde eg. So eg er litt betre rusta til eksamen i morgon. Skal til og med øva med Egil i morgon tidleg på PING. Kult! Eg spelte ikkje Wesnoth eitt minutt ein gong (Egil spelte ein time). Surfing vart det litt av, men mindre enn normalt. Eg ringde Rebecca som var ganske oppteken, ingen problem – ingen tok telefonen heime, so eg prøvde få tak i mamma men det gjekk ikkje.

So lat oss sjå på gjerelista

  1. Læra karnough-diagram
  2. Skriva ut maskininstruksjonlista
  3. Læra boolsk algebra
  4. Ringja Helene Stenhaug
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO um hybel/parhybel

Wow! Eg veit kva du tenkjer. «Hekkan, Odin er superflink som klarte gjera alle punkti på lista». Du hev heilt rett. Eg er superflink. So no skal eg vera endå flinkare å leggja meg, slik at eg kann stå opp tidleg og øva INF2270 med Egil i morgon :]

Eg hev fått tildelt hybel!

Bjerke, stundenthybelJepp, då var ventetida over. Eg fekk epost frå SiO (studentsamskipnaden) for litt sidan om at det var ~30 ledige hyblar. Eg svara med ein gong, men fekk ikkje hybel. Men så, fire dagar seinare fekk eg tilbod på Bjerke studentby. Eg kjem truleg ikkje til å bli buande der (ingen internett), men no er det mykje enklare for meg å byta buplass sidan eg er inne i systemet!

Det var ganske moro, – etter eg hadde vore heile natta på IFI dro eg ned til Blindern. Der fann eg SiO, tenkte eg endeleg kunne stille dei opp til veggen på at eg ikkje hadde fått svar, trass kor rask eg var med å svara. Ho beklaga, men visste ikkje kvifor. Kan jo like godt sjekka deg, eg sa eg Omdal på etternamn, men ho fann meg ikkje. Ho søkte på bursdag, og fann ut at eg heitte Odin Omdal Hørthe. Hadde gløymd at eg gjorde det den vegen – eg lurer nemleg på om eg skal byta namn til Odin O. Hørthe. Eg hev tilogmed skaffa meg epostadresse til det. Problemet er at eg mistar alle folka som automatisk kjenner meg av di eg er søn til Skjalg Omdal. Og det er ganske mange – iallfall i filmmiljøet. Men kan jo alltids ikkje vera giddalaus og seia heile namnet mitt når eg møter slike folk ;-) Nett no seier eg ofte Odin Omdal, når eg pratar med folk eg ikkje møter igjen.

Ho fann meg og såg undrane på skjermen – «men du hev jo fått tilbod!», sa ho. Å? Eg var heilt fortumla, men veldig glad. Ho fann fram kontrakten og eg skreiv under. Eg hev ikkje betala endå, tenkte eg kunne venta til fristen som er imorgon. Det er då eg får hybelen og, onsdag 6. september. Eg stakk og gjekk på matteforelesing. Det var veldig basic, han gjekk berre gjennom oppgåvene i boka! Vel, dei klarar eg fint sjølv, takk! (Utanom ei oppgåve, eg hev endå ikkje fått rett på han—eg må få nokon til å hjelpa meg). Eg var ganske trøytt etter natta på IFI, men blei meir vaken då eg gjekk til Ping. Der sjekka eg eposten, og lo’ behold: eg hadde fått tilbod om hybel! (w00t?)

Bjerke, stundenthybel

Ganske god timing, – medan eg gjekk bort for å snakka med SiO, så hadde eg fått tilbod frå dei. Så når ho sjekka meg opp – så fann ho dette tilbodet! Hadde eg vore fem minutt før – så hadde eg ikkje fått vita at eg hadde fått tilbod av ho. Hahah. Så moro. Jaja, – men no ventar eg på å flytta. Det blir moro. Hev vore bra og budd med Synnøve, men no er eg klar for å rota i eigen hybel. Wohoo! :D

Nytt hus!

Me har kjøpt nytt hus! Det ligg i austre bydel der óg leilegheita vår ligg. Etter ein spanande bodrunde mot slutten vann me. Finn ut om eg skal skrive under som eigar for å gjere evt. overtaking lettare, pluss skattefordelar o.l.

Stova til huset, (c) finn.no

Det er eit søtt lite hus me har fått. Var meininga at eg skulle bu i det og betale leige (8–10.000/mnd), men sidan det var vanskeleg å få det dekkja av siviltenesta blir det ikkje slik lell… Diverre. Hadde vore utruleg moro å få vitjing i eige hus! Så kunne eg ha laga middag til vitjinga! :D

Kart huset

Alle bilete er© Finn.no…